lørdag 30. november 2013

Åremålsdag igjen



" Alder er som å bestige et fjell.
Man blir nok litt andpusten, men får en mye
bedre utsikt."
-Ingrid Bergman-


"Le ikke av alderdommen - be om at du selv vil nå den."
(kinesisk ordtak ) 

Første søndag i advent feirar 
eg halvrund dag i lag med næraste familie
i tillegg til sysken med sine familier.
Det blir eit familietreff.
Eg går til ro i vissheit om
at borda er pynta, og
det skal bli nok mat
til alle dei femtito små og store som har 
takka ja til å kome.

God adventshelg !

Anne-Mari


 

fredag 29. november 2013

Livet

Når dagane kjennest hektiske 
og pliktene tyngjer
er det fint å minne kvarandre om 
at:

Skiltet heng på ei dør inn til ein
kafè i Ålesund Storsenter.

Det er eit av fleire skilt med
meiningsfylte ord 
frå svigerdottera vår i
Gamlehuset


Eg ynskjer alle ein fin og
meiningsfylt dag !

Anne-Mari





onsdag 27. november 2013

Adventskalender

På inngangsdøra til
 ein butikk i Ålesund Storsenter,
LIVE IN,
fekk eg auge på denne
fine

 Maileg adventskalender.

Eg kjøpte den ikkje, men 
jammen er den flott !

God onsdag til deg der ute !
Her er regn og ca.10 grader.

Anne-Mari

søndag 24. november 2013

Minne

er Helena si utfordring i Fototriss
denne veka.

Eg vil dele bilde frå tida då
 gutane var små.
på 1970-80 talet.

Kvile med mat og drikke i
enden av Løsetvatnet.
Roger, Andrè og pappa Ottar.

På hytta til foreldra mine.
Andrè og Roger på kvar si side av bordet.
Brørne mine Lars og Jon-Ove på kvar sin ende.
Foreldra mine Marie og Karl på kvar sitt hjørne.
Bloggedama i midten.


Andrè og Roger sagar ved  bak
vedahuset på Løset.

Gode minne.


Du kan sjå minna til andre
HER 



 

fredag 22. november 2013

Systre på kino


 Perly inviterte
storesystrene på kino
sist søndag.


hadde Noregspremière den helga

Omtale i Vikebladet-Vestposten:
" Philomena er eit britisk drama,
basert på sanne hendingar, som med varme og humor
  skildrar kostnadane av eit ukjent, 
stygt kapittel i irsk historie. 
Vi møter Philomena (Judi Dench),
som vart fråteken sonen ho fødde i eit
kloster på 1950-talet.
Journalisten Martin Sixsmith (Steve Coogan)
ønskjer å fortelje Philomena si historie,
og saman forsøker dei å finne
sonen som no er i 50-åra.
"Philomena" balanserer mellom 
humor og patos, religion og ateisme,
hemn og tilgjeving.
Regissør Stephen Frears knuser hjartet ditt,
og reparerer det att."

Eg anbefaler filmen på det varmaste !

Etter filmen hadde me ei koseleg stund i
restauranten med kake og kaffi.
Ein triveleg søndagskveld i lag.
Dette må me gjere oftare Perly og Vigdis !

Her er systrene på tur til Oslo i fjor


Klem frå Anne-Mari (storesyste)


torsdag 21. november 2013

Gamle bokser

er ei studie verdt.

Italiensk pasta. 
Bilde på boksa av fleire
pastafasongar.

 Sukker i pudderform ?
Melis ?

Parmesanost,
av den eksklusive typen ?
 
Svigerinne Sølvi sine bokser er av 
ukjent alder.
Men flotte er dei !


Anne-Mari 




tirsdag 19. november 2013

Landskap i november




" Hva kan du eie,
når selve livet er et lån ?"

Arnulf Øverland


Ynskjer deg framleis fine novemberdagar.

Anne-Mari

søndag 17. november 2013

Sirklar

er tema i Fototriss denne veka.

I fotoklubben
får me prøve
forskjellige eksperiment på 
medlemskveldane.
Eg er absolutt AMATØR, men
det er kjekt å prøve.




Bilda syner vassdropar som møter det farga vatnet
og lagar sirklar 
"som ringer i vann".

Det var spennande å vere med på,
men av snart hundre bilde var det
få som kunne brukast...


Sjå fleire triss hos Helena




lørdag 16. november 2013

Ein fin blomsterbukett



 vart levert på døra
i dag.
Den er til mannen min.
Men sidan han er bortreist i helga er det
eg som får nyte den !

I det stormfulle og ufyselege regnveret
blir den eit stort lyspunkt
og gjer det lettare å vere
innandørs.

Ynskjer deg god helg !

Anne-Mari





torsdag 14. november 2013

For 6 månader sidan

Helèna i bloggen: Blant blommor og bladløss
 
utfordrar oss til å tenkje 
attende til

För sex månader sen!


13. mai tok deg
  desse bilda i hagen.






Eg vonar å få sjå att dei fargerike variantane av primula
 om 6 månader òg.
 
Dei lilla plantene passar godt å 
vise fram no når det snart er adventstid.
 Advent er ei kristen høgtid som 
markerar førebuinga til jul.
I kyrkjer som brukar liturgiske fargar
er adventsfargen lilla.
Mange heimar er òg pynta med
lilla denne tida.
 
fleire finn du
HER 
 

 

Azalea 2013

Kanskje du hugsar at eg hadde eit 
innlegg om ei Azalea på stamme
som eg kjøpte i
november 2005.


Sist sommar fekk den stå ute i ver og vind.
 Det likte den godt,
og sette raskt nye knoppar.

Bilde frå august.

Den treivst godt med å vere utendørs på ferie, 
og vart så stor
at den får ikkje plass i vanleg 
glaskarm lenger...

Slik er den no, har blomstra sidan i sommar.
Litt "stjantete" kanskje, men blomstrane
er fine. 


Eg må legge til at eg har
hatt mange azaleaer, men aldri fått dei 
til å vare mange veker.

Denne er eit unntak !
Eg må vedgå at eg er litt stolt av den ♥

Torsdagstema: I like  

Ynskjer deg ein fin dag !

Anne-Mari 






mandag 11. november 2013

Rullehua/FWSS-hua

strikka med to trådar
Drops Alpaca
vart veldig stor (etter mitt syn).
Eg tenkte å tove den sjøl om
det ikkje var planen i utgangspunktet.

Men så ein dag kom
Celina Marie på besøk,
og eg viste henne hua. 


Ho tok den på seg,
og sidan har ho brukt den nesten 
kvar dag siste halvåret.....
" Eg elskar denne hua
seier ho :) "
Og ho kler godt grønfargen.

Oppskrifta fann eg hos
Sidsels kreative hjørne

Det er kjekt når det ein lagar
blir sett pris på :)

Farmor




søndag 10. november 2013

November

er 

Det er framleis fargar i naturen
sjølv om kalendaren viser
10. november i dag.
 
Snøen er komen lenger 
ned i fjella, så me kan vente
vinteren når som helst.


Fleire novemberbilde kan du sjå
HER 




lørdag 9. november 2013

Det som ventet meg

av Parinoush Saniee.
 gjorde sterkt inntrykk
på meg.


Omtale frå forlaget:

" I 1960-årenes Iran flytter ungjenta Masoumeh fra den religiøse byen Qom 
til den moderne hovedstaden Teheran. 
I fem tiår følger vi henne og familien i motgang og medgang 
- gjennom den islamske revolusjonen i slutten av 1970-årene, 
den åtte år lange krigen mellom Iran og Irak i 1980-årene 
og frem til livet under dagens strengt religiøse styresett. 
Tidlig i ungdommen treffer hun sitt livs store kjærlighet på vei til skolen. 
Men da hennes dypt religiøse familie oppdager forholdet, 
tvinger de henne til å gifte seg med en ung mann 
som hun aldri har sett før bryllupet. 
Det viser seg at han er politisk aktiv i kampen mot sjahen og hans diktatur.
 Da regimet faller og Khomeinis prestestyre tar makten, blir Hamid en nasjonalhelt, 
men faller raskt i unåde hos styresmaktene igjen. 
Senere i livet blir Masoumeh stilt ovenfor et umulig valg: 
skal hun denne gangen endelig følge sitt hjerte,
 eller må hun nok en gang bøye seg for hensynet til familiens ære?
"Det som ventet meg" er en roman om en usedvanlig kvinnes kamp for kjærlighet, rettferdighet og overlevelse under vekslende regimer i en sterkt tradisjonsbundet kultur. Hendelsene som skildres, gjenspeiler opplevelsene og erfaringene til 
en hel generasjon iranske kvinner. 
Romanen er tidenes mest solgte i Iran, men samtidig svært omstridt."

Eg likar å lese bøker som gir eit innblikk
i historie og levesett i forskjellige land.
Eg meinar at me skal respektere og ha toleranse
for andre sin religion og kultur,
men eg blir opprørt og trist
når eg les om kvinner som blir så til dei grader
undertrykt av familien sin og systemet.
Boka handlar om ei sterk kvinne som greier
å få utdanning og hevde sitt syn,
men som blir knebla "nedåt"
av sine eigne.

Eg kan anbefale deg å lese boka
som er både fengjande og opprørande.

God helg frå Anne-Mari




torsdag 7. november 2013

Fargane mine

Dei fargesprakande synsinntrykka om hausten
treff meg heilt og fullt.
Kanskje fordi eg føle meg vel i klede 
med desse fargane.


Den gode kjolen i ullbouclè skreiv eg om

Når eg skal vere fin har eg ofte på meg denne
toppen ( Save the Queen )
til mørkeblått skjørt.
Eit tidlaust antrekk som eg har
brukt i mange år.


Jakka i silke ( Renato Nucci ) brukar eg til både
skjørt og bukse, gjerne til toppen ovanfor,
alt etter kor pynta eg vil vere. 


Eg har ikkje stor garderobe, 
men når eg skal kjøpe finekle går eg ofte til
Kleda eg finn der er tidlause og
 eg kan ta dei fram igjen år etter år. 

Eg brukar sjølsagt kle i andre fargar òg,
men når eg kjem inn i ein butikk fær blikket raskt
til stativ med kle i oransje og brunt.
Har du favorittfargar ?


Anne-Mari






onsdag 6. november 2013

Hav og strand møtest




" Sandkorn blir til fjell,
minutter til år,
flyktige tanker til evige gjerninger.
Ingenting er smått."
Theodor Gottlieb Hippel


Ynskjer deg ein fin onsdagskveld.

Anne-Mari

tirsdag 5. november 2013

Orkidè

Phalaenopsis
er fint å ha i stoveglaset.
Får den vatn i blant
kan den spreie glede rundt seg
fleire gongar i året.

Akkurat no nyt eg synet av desse.



Eg har hatt dei i mange år.
Den lilla fekk eg eit år i morsdagsgåve.


Vona novemberdagene dine er fine !

Anne-Mari


mandag 4. november 2013

Linjer på Harpefossen

Tema i Fototriss denne veka er
"ledande linjer"

Søndagsturen i går var ei runde
i området på Harpefossen i Nordfjord,
der me har hytte.
Me fekk auge på fleire
leiande linjer.

Første linja gjekk oppover.

Over skuldra såg me
linja som snirkla seg nedover dalen.

I enden av vegen er skitrekket 
linje til nysnøen i fjellet.


Fleire leiande linjer ser du her:




søndag 3. november 2013

Krevjande

å gjere seg fortruleg med nye ting.
No er den nye PC-en
kjelde til mange kjensleutbrot....
 
 Utsjånaden er bra,
men innmaten treng eg tid til å bli betre kjent med.
 
  Windows 8
krev si kvinne.....
 
Eg har kava og funne ut av mange datamaskiner sidan
tidleg på 1980 talet og erfaringa er at
 tolmod er den beste venn
ein kan ha.
Men no er det slik at eg er ikkje av dei
mest tolmodige.. :(
 
No skal eg gå meg ein tur, nyte sola og
dei nydelege fargane,
og " gi katten i dataen ".
 
God søndag til deg òg !
 
Anne-Mari
 
 
 
 
 
 
 
 
 


fredag 1. november 2013

Blåklokke i november

 
Det var mykje fint å sjå ute i
naturen i dag, 1. november.
Det som gledde meg mest
var denne.
 
 
Blåklokka
som nikka så blid til meg.
Den misforstår...
Viss eg ikkje hugsar feil har
blåklokker blomstra sidan juni !
 
 Eg linkar blåklokka til

Glädjespridare!
Blommig fredag hos Bland rosor och badløss

Og ynskjer deg ei fin helg,
den første i november.

Anne-Mari