tirsdag 31. juli 2018

Haustfargar i juli

Den langvarige mangelen på regn må vel ta skulda
for at lauvet har fått
haustfargar allereie no i juli.



Røsslyngen bruka kanskje å blomstre så tidleg,
den er iallfall vakker no.







søndag 29. juli 2018

Ei lita hand

På ein liten tur til Hasundhornet
var det mangt å undrast over.


Modne molter som likna på gull.
Gode på smak var dei også.

Blåklokke som nesten kan opnast heilt...
I min barndom høyrde eg at om ein 
greide å vri inn ut på ei blåklokke utan at den revna
kunne ein ynskje seg noko....
Eg greide det aldri :)










fredag 27. juli 2018

Livet i fjøra


Ella Victoria har hatt nokre dagar hos 
farmor og farfar etter ho slutta i barnehagen.
Alle barneborna har opp gjennom åra hatt
fine sommardagar hos oss,
og no var turen komen til henne.
Heilt åleine i mange dagar, ingen sure miner,
berre glede.

Sjølvsagt måtte me utforske fjøra når
 det var muleg.


Krabbene gøymde seg i sanden under tang og tare,
men etter kvart fann
Ella Victoria mange.



Sjøstjerner og krabber i mange storleikar. 

 Bessie og farfar hjelpte til med
leitinga.


Det er viktig å lære at me må ta vare på alle levande vesen,
så me hadde snakka om det frå første stund
at krabbene måtte ha rikeleg sjøvatn, 
og at dei skulle sleppe fri så snart
me hadde fått sett på dei.
I den vesle videosnutten under ser du når me let
krabbane skunde seg over kanten på baljen
og kome seg i fritt farvatn igjen.


Ella Victoria hadde hatt ein opplevingsrik ettermiddag,
og eg er glad for at jenta fekk
oppleve same gledene som faren sin og farmora sin
barndoms lukke i fjøra.

tidlegare innlegg om safari i fjøra
Her








tirsdag 24. juli 2018

Eit stort ynskje



Eg kjenner på at mitt og
resten av familien sitt store ynskje er at
mor til to av barneborna våre 
må bli frisk att.

Det er vanskeleg å finne rette orda som kan
gi uttrykk for det me kjenner på.
 Eg har fått lov til å bruke dette 
fine diktet som er skrive av

Kristin Straume Audestad



sjuk

ordet som får 
pulsen til å rasa
medan tårene sprett
og framtida raknar

kroppen invadert
av eit vondarta
framandlegeme
som tek kontrollen

du synk og synk
før du kjenner ei hand
som knip trygt og hardt
og ser opp på auge med håp

ikkje slik du tenkte
tilbringa dagane framover
men det blir ikkje for alltid
for denne kampen klarar du!

og etterpå kjem vissa
om at livet er dyrebart
du nyt kvar dag og drope
i takksemd for det andre ordet

frisk



Du finn mange fine dikt frå denne forfattaren på Instagram: 
berrekristin










fredag 20. juli 2018

Stein


I utfordringa hos 
er ordet
Sten
denne veke.

På ein turen min i går gjekk eg forbi
dette  gamle,
men velhaldne tunet på Fjelle.

Det fine stabburet står på søyler
av lad på lad med kraftige steinheller.

Trappene til hovudhuset er også opplødde 
steinheller.













onsdag 18. juli 2018

Glasbrot


Det er alltid glasbrot å finne i fjøresanden
her eg bur.
Kvart år plukkar me slike brot og
fjernar dei så ikkje barn og vaksne skal 
skade seg på dei.

Fangsten var ikkje så stor denne dagen,
men hadde eg halde på ei stund til ville eg finne mange fleire.
Som bildet viser er mange av brota av
gammal dato.

Stor skilnad på flo og fjøre.

Kvar kjem glasbrota frå ?

Eg har tenkt at det var besteforeldregenerasjonen som
kasta brot frå glas og steintøy i fjøra,
men hadde dei SÅ mykje glas- og krustøy at det skulle
 bli så mange brot ?
Er det muleg at brota kan kome med floa frå andre stadar ?
Me høyre og les om funn av glasbrot på badestrendene, 
truleg av ny dato,
men "vår" strand er brukt stort sett berre av
oss som bur her,
og eg tvila på at nokon av oss
gjer dette.

Gåta blir nok aldri løyst,
me kan fortsette å plukke glasbrot og 
håpe at ingen skadar seg under bading.

Det er mange andre ting i fjøra som er mykje meir
spennande.
Det skal eg kome tilbake til i eit anna innlegg.








søndag 15. juli 2018

Julilaurdag



Om sommaren er det ofte liv og røre laurdagane 
i Eidsgata på Nordfjordeid.
Dei er flinke til å lage til aktivitetar av ymse slag.
Denne laurdagen var det andre året dei
arrangerte 
Gatematfestival.
Gjennom heile gata fekk me
 presentert og høve til å kjøpe mat tillaga på ulike måtar.
Kortreist gardsmat og tradisjonsmat av alle slag.
Det var sjølvsagt ikkje muleg å smake på alt,
så dette blir berre ein 
ørliten smakebit.


Ein særdeles velsmakande rett i lag med alkoholfritt øl.


Morsom annonsering av svelene.


I det fine veret var mykje folk samla,
det er antyda at det var 3-4000 menneske innom
Eidsgata denne laurdagen.


Neste helg er det den årlege
Malakoff Rockefestival
som går av stabelen.
Då blir det nok endå meir folk samla.







lørdag 14. juli 2018

Skulestart


Ella Victoria
yngste barnebarnet vårt skal bli
førsteklassing til hausten.

Farmor fekk æra av å kjøpe
ransel.
Ho plukka nøye ut kva for ein ho likte best.

Tilbehøret i same mønster og farge fekk ho av foreldra.
Pennalhus med alt ho treng for å skrive/teikne,
matboks og drikkeflaske.

Ho dansa blid og fornøgd ut i sommardagen
full av forventningar til neste fase i livet.

Lukke til kjære Ella Victoria





onsdag 11. juli 2018

Solidaritetssentret i Gdansk


For mannen min som har vore fagforeiningsmann 
frå han var 17 år 
var sterkaste opplevinga i Gdansk å besøke
Solidarietetssentret.
Huset er bygt i rustne jernplater.
Inne i bygninga får ein sjå utstillingar som
fortel ei historie om
 Polen si reise mot fridom.



les bloggaren @kenarild sitt innlegg her:

Om Solidaritetsmuseet i Gdansk










Me snakka med ein mann som sa at ungdomar i dag 
tek ikkje innover seg 
Fagforeininga Solidaritet 
sin store innsats for fridom i Polen.
I dag er det god levestandard og dei unge har ikkje 
opplevd lange køar for å kjøpe
mat frå butikkhyller nesten utan varer.







I utfordringa til Sanna denne veke
er ordet
 Bygge, på norsk Bygning.
Då er den rustne og flotte Solidaritetssenterbyginga i Gdansk
mitt bidrag.

Gemsweeklyphotochallenge v. 28 - Bygge -







lørdag 7. juli 2018

Unngå skade

Fjellturen denne veka gjekk til 
Hovdenakken, eit fjell på grensa mellom
Ulstein og Hareid kommunar.
Ottar vaks oppi Kaldholen, midt i bildet
 av Hareid.


         Andre vegen ser ein
 Ulsteinvik og øyane utanfor.
Me bur i ei vik i venstre side av sjøen.

Den store merkestanga på toppen av fjellet
har falt ned.
Det er skummelt med slike restar av jern
i naturen.
Er ein skikkeleg uheldig kan ein 
skade seg stygt.

Heldigvis har nokon spraya festa til bardunane som
står att i berget.
Lett å sjå og ein kan unngå å snuble.

Flott og omtenksomt gjort av einkvan !





torsdag 5. juli 2018

Myrull på Rundefjellet







Sus i myrull

Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull --

Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.

Men alle disse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk ...?
De er så gjerrige på minuttene.

Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.

Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.

Og ensomme fugler
seiler i sol,

seiler i sol og skriker --

Hans Børli





søndag 1. juli 2018

Sjøbad

Ordet i utfordringa til Sanna er 
action
denne veke.
På norsk tyder det handling.

I dag 1. juli var tida komen for årets
første sjøbad.


Nydeleg sommarver og trimtur i lag med familie
gav lyst til action i form av avkjøling i sjøen etterpå.
Deilig, friskt bad.


Ella Victoria hadde lyst ut i, men synest det var kaldt.
Neste veke skal ho vere her hos oss på
sommarferie så då blir det meir bading.

Leah Sofie og farmor kosa seg i det
"knallvarme" sjøvatnet.

Symjinga gjorde godt for ein krank rygg,
no er den mjuk og føyeleg... så langt...

Ynskjer deg ei fin juli måned.