Sjøl på fjellet med all snøen
har veret vist seg frå fleire sider
Første dagane var det pøsregn
Farfar hadde med jobben til hytta
Celina Marie med PC-en som tidtrøyte
Farmor baka brød
Enkel bakst utan fiksfakseri ;)
Det regna og regna, men me
trossa veret og var på ski fleire gongar.
Etter nokre dagar kom fleire av familia til hytta
Skibakken lokka
Rart at ein merkar så lite av regnet som pøsa ned ...
Alle hadde det storarta
Borna fekk vise oss vaksne kva dei kan,
og me var sjølsagt imponerte ♥
--------
Nest siste dag kom det litt sol og kulde
--------
Farmor er oppteken av at borna skal få samle
minner for livet
Skitur i lysløypa om kvelden er ein aktivitet dei har
prøvd før
Dette ville eg at dei skulle få oppleve igjen i den
fine måneskinskvelden
Borna var klar med ein gong forslaget kom,
litt meir overtaling måtte til for å lokke dei vaksne utav
godstolen når det endeleg var avslapping ;)
Farmor er flink med gode argument så
heile gjengen tok laust ♥
Hovudlykter på borna, flott skiføre i ei
fin lysløype og fin utsikt til skibakken
Eldstemann Benjamin stortreivst og gjekk fleire runder meir enn resten,
han hadde leirskuleveka på Dombås i beina :)
I mørkenatta song borna denne her og presiserte at songen var om farmor òg ♥
Borna sovna med raude og friske kinn denne kvelden ♥
Søndag kom med strålande ver og gnistrande føre
Borna måtte ha ei stund med
å lage snøhole, før dei tok laust
på siste skitur.
Vinterferien 2012 er omme,
born og vaksne har samla fleire minner i minneboka ♥
Ynskjer god ny veke til alle som tittar innom !!
Klem frå Anne-Mari