Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg

mandag 7. oktober 2019

Orange


I utfordringa hos Sanna
 denne veke er ordet
 Orange

Eg har alltid likt fargen oransje
og fell lett for den når eg ser stativ med 
klede i butikkane.
Eit innlegg om det finn du:


Dei to første bilda fann eg i arkivet.
Dei oransje støvlane såg eg utfor ein butikk i Danmark.
Bildet under er frå inngongspartiet vårt
heime.
Den oransje vasen fekk me i bryllaupsgåve
i 1970.


 Det er haustferie og me er i lag med
barnebarn på hytta.
Eg fann nokre oransje motiv her.

Rødrandkjuke frå eit gammalt tre,
og blåbærlyng.
Begge har oransje sjatteringar.


 I hyllene med spel, bøker og leiker 
er oransje ein av fargane.


 I spiskammerset er det godt forråd av matvarer !
Oransje pakningar av ulikt slag.
Me skal nok overleve nokre dagar
utan påfyll....


Oransje Tupperware til Taco.
Og sist, men ikkje minst
flasker med saft av appelsin/orange.







mandag 1. juli 2019

Spets


Denne veke er ordet
Spets
i utfordringa hos Sanna

Eg kjenner ikkje dette ordet på norsk,
men har googla og fann at
det kan tyde for eksempel
topp, hode, pigg, blonder....

Me er på hytta i regnveret og eg har prøvt
å finne motiv her som eg trur
kan tyde spets.

 Revebjelle, Digitalis purpurea
med toppen i himmelsjå.
Planten er giftig.
Eg hugsar frå min barndom at bestefar brukte
Digitalis tablettar mot hjartesjukdom.

Eg tenkje at toppen på stolen
har spets...
Sommarveret er regn og atter regn,
og kaldt.
Bra møblane er laga i cedertre og toler 
å bli våte.

I soveromet på hytta er det
blondegardiner og mørk rullgardin.
På senga ligg ei pyntepute med spisse
hekla blonder rundt kanten.

Når eg ligg i senga kan eg sjå rett på den store
klokka med spisse visarar.
Eg treng ikkje briller heller..

Vermeldaren snakka om temperaturer ned mot frysepunktet
og vinterdekk på bilane.
Eg trur ikkje det er sant !!











tirsdag 23. august 2016

Spennande ferieoppleving


 På Swejgaard B&B
var det mykje å oppleve for både
små og store
På ein tur rundt garden fekk
Leah Sofie og Ella Victoria 
auge på ein flokk
kyr som beita.

Jentene synest nesten det var litt FOR
spennande når alle kyrne vende
blikket mot dei.

Les meir om Swejgaard:





onsdag 10. august 2016

Kvindemuseet i Århus


" I Aarhus ligger
der en hemmelighed "

" Et av verdens få kvindemuseer ligger i Aarhus.
Kvindemuseet i Danmark sætter fokus på kvinders
liv og virke og diskuterer kønsproblematikker,
ligestilling, krop og seksualitet "
Det står litt omtale:
her
Besøket i Kvindemuseet var eit av høgdepunkta
på ferien i Danmark.
Der var mykje å sjå,og mykje å fordøye.

I Danmark fekk kvinnene røysterett ved val i 1915,
eit par år etter Noreg.

" Kvindestemmeret i verden.
I nogle lande fik kun hvide kvinder
stemmeretten først, bl.a. i Australien,
Canada, Grønland og Sydafrika "

Frå omlag midten av 1900 talet var det utstyr
å bruke under menstruasjonsdagane
for den moderne kvinne.
(Eg må vedgå at menstruasjonskoppen til venstre
har eg ikkje sett før..)

Viser litt frå utstillinga av
klesdraktene
1920erne

1930erne

1940erne

1970erne
I denne delen av utstillinga var det
mykje om kvinnefrigjering.

Utklipp frå
Nordisk Mønster-Tidende

Bestillingsseddel for Snitmønstre

1972 Kvindehøjskolen i Visby
Kvinden er så:
forførende - moderlig - huslig - opofrende - tjenstvillig
....

Men det har alltid vore nokon som har
hatt tyngste børa...

Dette er berre eit knippe av
det me såg i museet.
Ei flott oppleving å gå der og kjenne på atmosfæren.
For meg som er fødd midt på
1900 talet var det mange
ting å kjenne igjen.

Eg snakka med ei ung norsk jente som hadde
sommarjobb der.
Ho reflekterte over at utstillingane inneheld 
berre tidsepoker som dei unge i dag har
vanskar med å identifisere seg med.
Der var ikkje utstilt noko
frå dette århundret.

Er du i Århus,
ta ein tur i Kvindemuseet !






fredag 5. august 2016

Grønhøj strand


strekker seg 22 km mellom
feriebyane 
Blokhus og Løkken 
på vestkysten av 
Nordre Jylland
Swejgaard B&B der me ferierte
ligg innanfor omlag midt på denne
strekninga

Det er lov å køyre bil der
og mange slår opp telt,
har bobil eller campingvogn og 
kosar seg der om dagane.
Om natta er det ikkje lov.

For oss nordmenn var det litt rart og 
uverkeleg å køyre heilt til sjøkanten....

Nokre bada,
andre leika i sanden

Denne dagen var det frisk vind og store bølger, 
kjekt å bade.











mandag 1. august 2016

Vakre blomster på Swejgaard B&B

Vertinna på garden, Berit 
har stor lidenskap
for hagestell.
Eit stort blomsterflor vitna om det.
















Innlegg om Swejgaard B&B
her og 
her






søndag 31. juli 2016

Frukost på Swejgaard B&B

18 juli bestilte me frukost hos vertsskapet.
Frukostbordet var delikat dekka 
i eit koseleg rom med teikningar
på veggane frå tidlegare gjestar,
og pelargonia i vindauga.
På enden fekk veslejenta
eigen barnestol
 og barneservise.



Naturell youghurt med frukt og bær var start på måltidet.
Ein drikk med  pressa ingefær skulle vere ein sunn og fin start på dagen,
frisk frukt og bær, og eit nydeleg brød rett frå omnen.
Egg og bacon pynta med godsaker frå hagen.
Meir ost og pålegg samt syltetøy av mange slag.
Til slutt eit godt kakestykke til kaffien
(du ser det på øvste bildet)
Ein nydeleg frukost som 
start på bryllaupsdagen vår :)

Om kvelden middag i ein restaurant i Løkken,
Desserten Sjokoladefondant
med tilbehør.

Brudgomen sin drikke,
Æblesaft med hyldeblomst
46 års bryllaupsdag




tirsdag 26. juli 2016

Swejgaard B&B


i Danmark 
var feriestaden vår ei veke i juli.
Eg fann plassen på Instagram der 
Berit Swejgaard legg ut
bilder på 
#ferievedvesterhavet

Me ferierte i lag med eldstesonen,
svigerdotter og dei tre jentene deira.
Me budde i fløya til høgre
der me hadde fine rom
og alt me trengde

Hovudhuset på garden

Ein herleg plass i landlege omgivnader 
der me hadde god tid 
til å gjere akkurat
det me ville.

sveve i frisk luft..

leike med dei fire kattungane og
 mammaen deira


snille Charlie som gjekk i lag med oss


 sjå på når dei klipte sauer

hønene som fekk gå fritt 
av og til

 frukost med
egg frå hønene på garden

Kan ein ha det betre ?
Barn og vaksne hadde ei fantastisk veke 
på ein fredfull plass
der sola skein frå morgon til kveld.
Gjestfritt og flott vertsskap som
gjorde alt for at me skulle trivast.

Me tok turar til stranda og andre stadar,
kanskje kjem det innlegg
om det etter kvart.