Viser innlegg med etiketten Rhododendron. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rhododendron. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2019

Fleire alperoser


Foreldra mine brukte ordet 
Alperose 
om Rhododendron.
Den høyre til lyngfamilien.

Ei lita runde i hagen for eit par dagar sidan
viste at mange er avblomstra, nokre framleis i knopp,
og mange er på sitt finaste akkurat no.

Denne fargen er litt spesiell synest eg,
nesten litt brunskjær i den.
Busken står i skogen bak huset mellom lyng og einer.

Like ved står denne:


 Det finst så utruleg mange nyansar i
lillafargar.
Denne trivst mellom jyvel ved sida
og hengande greiner av blodbøk over seg.

Den til venstre er ikkje skikkeleg utsprotten enno, men
er mørkare enn den i midten.
Her må eg klippe etter avblomstringa for den
raude veks bakover der ingen ser den.

Det er herleg å kunne nyte 
blomstringa i hagen.






torsdag 30. mai 2019

I hagen



Dei raude Rhododendronae som eg har vist bilde av tidlegare
er avblomstra etter å ha gjennomgått
mykje storm og uver.
No blomstrar andre i tur og orden.

Eg er glad for at den to år gamle
Rhododendronen trivst og viser sine nydelege 
blomster med løvtynne kronblad.

Rhododendronen "Fantastica" skuffar aldri, 
den er nydeleg.
Eg har vist den fram før
her og her

Azalea
Denne har me flytta fleire gongar så den
har ikkje funne seg heilt til rette enno.
men den er nydeleg.


Den gamle store Rhododendronen
var tidleg ute i år også.

I dag, 30. mai snøar det og
temperaturen er 6 grader.
Ingen sommar enno.





mandag 6. mai 2019

Rød


Röd
er ordet hos Sanna denne veke.
I mi dialekt seier me raud.

Den eine dagen lyser dei flotte raude
 Rhododendronane mot meg.


Neste dag er dei dekte av mange centimeter 
våt og tung snø.


Det er ikkje uvanleg med snø
i mai her hos oss.

Raudruss har me også i år.
Benjamin, første barnebarnet vårt.


Gemsweeklyphotochallenge v. 19 - Röd -





tirsdag 23. april 2019

Vekst



Växt
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

Etter fleire dagar med sol og varme rundt 20 grader
er det berre å sjå seg rundt 
så finn eg mykje som
er i vekst.

I Vågeskogen er
 bjørka er blitt grøn i løpet av eit par dagar.


Narcissbedet i vekst ved Storesteinen.



Rhododendronen på andre sida av
Storesteinen veks seg større og større
for kvart år.

Det veks langs med muren.


Plommetreet veks til himmels.






søndag 3. juni 2018

Rhododendronblomstring i hagen


Eg kjenner lukke når eg spasera i hagen
og nyt synet av blomstringa
til Rhododendronane.

Nokre av dei er gamle,
foreldra mine planta fleire av dei for mange mange år sidan.
Den gamle hagen og vår heng i hop.







Eg hugsar ikkje namna på alle,
men denne er
Rhododendron Fantastica
som eg har skrive om før.

 Denne sto i mange år utan å blomstre, 
men siste åra har den hatt vakre blomster.
Rette fargen er vanskeleg å få fram på bilde.


Mange ser like ut, men eg trur ikkje
dei har same namn.

Denne er to år og blomstrar for første gong.
Sart og lekker.

I dag er det søndag, 
finever framleis.
Denne helga har me dei tre jentene
på overnatting.
Snart skal me på fotballkamp,
Leah Sofie skal spele.
Kjekt !









tirsdag 15. mai 2018

Njutbar


Ordet i utfordringa til Sanna denne veke er
Njutbar,
det finst mange synonym, men eg
likar å tru at det tyder å nyte, enten synet av -,
eller smaken av noko.

Desse fine maidagane er det mangt å nyte,
blant anna blomane i hagen.


Narcisser som villeg blomstrar kvar vår.




Dei tidlege Rhododendronane får meg nesten til
å miste pusten.
Dei er nydelege.
Den største på bildet over er over 30 år gammal
og er flytta fleire gongar.
Den er som ein familiemedlem :)


Og no i kveld rett før eg skal legge meg ser eg sola gå ned
over skodda og disen i horisonten.
Det er verkeleg njutbart :)


Sjå fleire njutbare bilde her:








tirsdag 6. juni 2017

Svinviks Arboret


Eit av måla med turen til
Sunndalsøra var å køyre
til Todalen og besøke
Svinvik Arboret
som blant anna er kjent for
si store samling av 
Rhododendron


Det var ein fuktig dag med skodde
og duskregn,
men det gjorde ingen ting

Lang vegen inn til området.

Under ser du nærbilde av ein blome
i den vakre "hekken"



Husa på garden

Det er mange trapper mellom
nivåa i hagen

Her kan ein kvile medan ein bruka sansane


Eit knippe av kvite Rhododendron






Vakre med vassdropar






Namn på dei ulike Rhododendron 
ga eg opp å finne,
hadde nok med å halde styr på kamera med ulike linser
og mobiltelefon hehehe..

Teppe av  avblomstra kronblad i
trappene og terrenget



Ved løa sto denne Rhododendronen
med dei vakre blomane



Vandring i Svinvik Arboret vil eg
anbefale på det varmaste.
Det angar og lyser mot deg frå alle kantar.
Men du må skunde deg visst du vil nå 
Rhododendronsesongen
den er berre mai, juni...

NB. Det blir fleire innlegg frå turen til
Sunndalsøra på Nordmøre,
Desse har eg skrive hittil:

HerHerHer



onsdag 24. mai 2017

Kvit Rhododendron


er delikat og vakker der
den står med mange
gjestar.
Humlene kosar seg
og samlar pollen frå dei
opne blomane.

Massevis av humler jaga fram og tilbake,
men eg greide å 
fange berre denne eine i linsa.




Det er ei fantastisk tid no
 med alt som blømer i hagen.