Viser innlegg med etiketten Fuglar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fuglar. Vis alle innlegg

torsdag 9. august 2018

Ørna


Mannen min lika å sjå etter ørn
både når han er heime og når me går tur.


På ein tur til Kvamstua flaug det plutseleg opp
ei ørn.


Det tok si tid å slå på telefonen så ørna var
høgt i sky før fotografering tok til.


Fantastisk å sjå kor lenge ørna sveva mellom
kvar gong ho bevega vengene.

Med sitt store vingespenn
er ørna majestetisk.

For mannen min var dagen perfekt,
i tillegg til ein fin fjelltur hadde han hatt
ei ørn svevande over hovudet ei
heil stund :)







mandag 26. februar 2018

Kvitt i dag


Ordet i utfordringa i bloggen til SANNA
denne veke er 
VIT

Blodferske kvite bilde 
er tatt i dag


Snøklokker i tunet.


 Vårteikn i rute.

 Julerose i full blomst.

 På tur gjennom Hornindal i dag
såg me svaner som beita 
berre nokre meter frå bilvegen.
Kanskje det er lagt ut mat ?











mandag 8. mai 2017

Kjensler


ordet
hos Gemsweeklyphotochallenge
denne veka

Det er ikkje så lett å finne bilde som 
viser kjensler,
dei ligg vel helst på innsida av kroppen... eller ?

I påska fann barneborna ein død fugl utanfor hytta.
Fuglen skulle sjølvsagt få ei grav.
Barna bestemte kvar den skulle vere 
og farfar grov hola

Enkel seremoni 

Litt seinare ville Ella Victoria, 4-år, bort til grava på nytt.
Ho studerte krossen av stein som dei hadde lagt der,
og var tydeleg prega av kjensler.
 Ho assosierte krossen med
Jesus som døydde på ein kross.
Barnehageborna hadde vore
i kyrkja og fått lære om
påskebodskapen.





torsdag 2. februar 2017

Ugle


i toppen av ei gran
er mitt bidrag
i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge:

v. 5: ovan (above)

 For eit tid sidan fekk me sjå den 
flotte ugla på Løset.

Me kom heilt nær treet, men ugla
let seg ikkje distrahere der den
naut fineveret.



sjå andre sine tolkningar her:




mandag 6. juni 2016

Søndagstur


i naturen
med barnebarn
er alltid ei fin oppleving

jentene studera
hjortespora som
 farfar viser
 klatring

ei lita hand plukka
mjuk myrull

ein fugl flaug opp og 
avslørte egga sine





tirsdag 22. mars 2016

Svaner på Grimstadvatnet


Mannen min trakka sine barnesko
i området ved Grimstadvatnet 
i Hareid kommune

Kvar gong me køyrer hovudvegen til Hareid må han
kaste eitt eller fleire blikk mot
vatnet for å sjå etter svanene.
" er der mange ? ser du dei ? "

Ein dag me gjekk på Rotarystien som
går langs med vatnet,
talde han nesten 50 svaner.

Staselege fuglar.


OurWorldTuesday





mandag 21. mars 2016

Vårjevndøgn


kjem rundt 21. mars,
det døgnet då
natt og dag er like lange
over alt på jorda.
Den dagen blir ofte kalla
starten på våren.
Me lærte på skulen at 1. påskedag er:
 Første søndag
etter første fullmåne etter 
vårjevndøgn.
På primstaven er symbolet for dagen
 hakking i åkeren for å få snøen til å smelte,
påminning om at våronna nærma seg. 
Vintersida på primstaven er 
snart til ende.

Vårteikn er det vel
fleire av, men eg nemner to av dei:
Me bur attmed sjøen og 
både ser og høyre
 Tjelden 
med sin karaktereristiske og høgmælte låt.
Bilde lånt frå nettet
Banett.no


Krokusen kjempar seg fram mellom
greinene til den kraftige
klatrehortensiaen.

MacroMontag





tirsdag 15. mars 2016

Dompap


Pyrrhula pyrrhula
fugl i Finkefamilien.
Hannen har raudfarga bryst

I fjor på denne tida fekk me ein dag
 besøk av ein Dompap ved hytta.

 Den leita etter frø under
 fuglebrettet

Han var åleine og var så opptatt med
å ete at han
ansa ikkje meg som tok
bilde gjennom vindauget

Fin er han, dompapen :)
Vona me får sjå han i år også.

onsdag 6. mai 2015

Vårtur


Med 16 grader og sol har det vore ein
nydeleg vårdag.
Leah Sofie, 7 år, er hos
besteforeldra etter skuletid av og til
og i dag vart me einige om å gå tur i
 terrenget her i nærleiken.
Farfar kallar slike turar for ekspedisjon.
Han går ofte slike turar med barnebarna
og no er det ho som er her mest.
Då lokkar han med å finne spor etter hjort, fuglereir
og andre hemmelegheiter.
Farmor fekk også fylgje i dag.
Terrenget er varierande og nokså ulendt så
det er fin trening å gå her.

Farmor låg rett ut mellom tuene...

Oij, sjå kva me oppdaga..
Egget til ein Svartbak/stormåse !
Skal tru om han  har hatt fleire
egg i reiret, eller
kanskje ikkje ferdig å verpe ?
Eg trur det er vanleg med tre-fire egg.
Me må vere forsiktige og ikkje kome for 
nær så han blir redd og ikkje
 kjem att og fortsette
ruginga.

Leah Sofie synest det var fantastisk å sjå eit ekte egg.
På skulen i dag hadde dei sett bilde av slike.

Støvlar fulle av rusk frå lyng og eine er som
 det skal vere når ein er på slike turar.

Men "herlighet " kor det ser ut her !
I denne fjøra samlar det seg alltid mykje avfall som kjem drivande i sjøen.
Leah Sofie er forundra over alt rotet nokon har slengt frå seg.
Tidlegare i dag har ho og klassa vore ute og plukke rusk
 langs vegen for å gjere det fint til 17. mai.
Ho vurderte om ho skulle 
begynne å rydde her også..
men det blir for mykje for ei lita jente å greie så
det får berre ligge.

Snart heime.
Det trengs kvild og nyting av den friske
sjølufta.

Andre ting me hadde sett på turen var desse 
fine blomane på lerketrea,

og blåbærlyngen som blomstra.
Det blir kanskje godt blåbærår i år ?


Takk for at du var med oss på tur :)

Anne-Mari






fredag 4. april 2014

Bokfinken

vitjar oss i flokkar ved hytta no på denne tida.
Men den er svært sky og vanskeleg å få 
ta bilde av


Den et av fuglefrøet som ligg nede,
som dei andre fuglane har ruska ned frå
fuglebrettet.
Likar den ikkje å ete på fuglebrett skal tru ?
Høgdeskrekk kan det iallfall ikkje vere ;)



Eg sat musestille inne og tok bilde gjennom
vindauget.



Her kan du høyre
Bokfinken syng


Takk for alle fine kommentarane de har skrive
på innlegga mine. 
Særs kjekt var det å få meir kunnskap om skinnfellen frå
dykk.

Anne-Mari




mandag 12. august 2013

Vasslilje / Nykkerose

I sommar har eg sett 
gule vassliljer for fyrste gong.
Lagsmed Nordsjøvegen(Kristiansand til Stavanger)
var det mange vatn som hadde
både gule og kvite.
Det var ikkje lett å få ta bilde av dei.
Enten var det for mykje trafikk til å stoppe bilen,
eller det var vanskeleg å kome nær
nok til å få skikkeleg bilde.

 (Nuphar lutea)

Gul nykkerose har ovale blad som er grøne på begge sider. 

Stilken blir opptil 5 cm tjukk og kan bli 1 m lang. 
Dei 4-5 cm breie blomstrane er gule og nesten kuleforma. 

Ungane til Kanadagjæser kom symjande forbi.

Eg likar kanskje best den kvite vasslilja som er
 vanleg her på våre kantar...

Eg ynskjer deg ei fin ny seinsommarveke !

Anne-Mari






fredag 22. mars 2013

Kjøtmeisa

er hyppig gjest på 
fuglebrettet.

(Eit lite eksperiment...)


Eg er ikkje sikker på kva den andre meisa heiter.

Ho er ofte åleine, det ser nesten ut som dei andre er litt
redd henne. 
Eg skreiv eit innlegg om henne tidlegare
Det er besøk av andre fugleartar av og til,
i dag såg me sidensvans, men den 
var så rask at eg rakk
ikkje å ta fram 
kamera.

Vonar det blir rikeleg tid til å studere fuglelivet
i påskeferien.
Med fine vermeldingar
 lovar det òg godt for turar på ski.

Takk for at du stakk innom !
Takk til alle som har skrive så mange fine ord !
Eg ynskjer deg ei fin
palmehelg.

Anne-Mari

 

mandag 18. mars 2013

Avtrykk

er
Mandagstema # 77

 Under ein tur i fineveret i dag
såg eg at ein stor fugl har vore
på vitjing i 
fjøra.


Sjå fleire avtrykk