Viser innlegg med etiketten Husstell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husstell. Vis alle innlegg

lørdag 13. august 2016

Ripsgelè


Den tradisjonelle ripsgelèen må eg
lage kvart år.
Barneborna, ja dei vaksne òg
lika den godt.

Nydelege ripsbær,
dei er gode til bl. a. dessert òg.


Bær i mengdevis blir plukka
frå Ripsbærtrea i hagen.

Bæra er kokt i ca 15 min.
Etterpå har eg dei i ein stoffpose og silar
til all safta har rent gjennom.

Eg måler opp mengde silt saft,
har den i ei stor rein panne og kokar opp.
Har i 1 kg sukker pr. 1 liter saft.
Koka til alt sukkeret er løyst opp.
Fjernar skummet som har samla seg oppå.

Ause den varme safta i glas som eg har vaska og
hatt i steikeomnen på 150 gr,
dei er då reine og desinfiserte.
Fyller glasa, tørkar vekk det som evt 
har komt på kanten med rein tvoge.
Har på lokk og 
snur glasa opp ned.
Slik står dei til gelèen er kald.
No er den hermetisk lukka og haldbar
lenge lenge,
(hos oss blir den oppeten før
ny produksjon neste år :)


Eg oppbevarer alt syltetøy i eit ekstra kjøleskap,
men ripsgelè med så mykje sukker
står seg godt i ei kjøleg matbod.

Lukke til !




torsdag 3. desember 2015

Figgjo Vulcanus


Eg var så heldig å få denne 

fine Figgjo Vulcanis,
eldfaste skål med lokk

av svigerinne Siv-Marit som hadde
kjøpt den i Danmark.

Eg likar  den godt
og vart kjempeglad for å få den.


I like






torsdag 27. august 2015

Ripsbærgelè

Det er framleis mykje bær
i ripsbærbuskene
så eg sender på nytt
innlegget med 
oppskrift på 
Ripsgelè. 










Dette er årets produksjon. 
Mindre enn før,
men det er fleire glas
igjen frå i fjor.
Ripsgelè er haldbar
i lang tid når den står kjøleg. 






mandag 20. august 2012


Ripsgelè

Det er tid for å prekvere bæra i hagen.
(prekvere = stelle, lage til)

Ripsbær er det mest av.

I år gjorde eg det på gamlemåten.
Gelèn vart for tynn i fjor då eg skulle vere effektiv 
og brukte saftkokaren.

Eg lagar alltid nok til mange glas. 
Kjekt å kunne gi vekk òg.. 
Mi store glede er at borneborna kallar ripsgelèen 
farmorsylte ♥
som dei likar å ha på skiva eller rundstykket  
Tiåringsjenta: 
"Yess, i år er farmorsylta perfekt " ♥

Ripsgelè smakar godt til vafler.
Det var fint ver og kos ute den dagen.
Eg har aldri vore flink med vafler, men no brukar eg 
mormor Inger si oppskrift 
Desse vaflene er nydelege ! 

Ripsgelèen lagar eg etter mor mi si oppskrift,
 1 kg sukker til 1 liter silt ripssaft.
Det er mykje sukker, men til gjengjeld blir gelèen 
vellukka, stiv og fin.





fredag 7. september 2012

Avrime frysaren

Eg brukar å rime av frysaren kvar haust.
Då er der mykje is langs sidene.
Fyrste strevet er å psyke seg opp til å sette i gong... 
Eg har gjort det i dag !

Sette to bytter
varmt vatn på botnen 20-30 minutt,
sjølsagt etter at eg tok ut alle matvarene
(eg skal love at det var masse matvarer, hihi..)

 
Fått tips om ein makelaus framgongsmåte.
(sjå bildet)
Bruke ei flaske og slå mot sidene
så isen losnar i store flak.
Utruleg effektivt !

Heile operasjonen, frå eg tok ut støpselet,
tok ut alle matvarene,
 fjerna isen,
 vaska og tørka,
la matvarene oppi att,
gjekk det omlag to timar !

Puh, eg skal ikkje gå i detaljar
over kor gåen eg var/er etterpå...
Men FOR ei god kjensle når det er gjort...
og så fann eg så mykje god mat som eg ikkje hugsa eg hadde...
Hushaldningsbudsjettet vil minke mange dagar framover ;)

Kanskje har du betre og lurare måtar å avrime frysaren på,
men eg hadde lyst å dele denne med deg.


Eg er så glad og takksam for alle besøka og
kommentarane frå dokke !

God fredagskveld !

Klem frå Anne-Mari
 

mandag 20. august 2012

Ripsgelè

Det er tid for å prekvere bæra i hagen.
(prekvere = stelle, lage til)

Ripsbær er det mest av.

I år gjorde eg det på gamlemåten.
Gelèn vart for tynn i fjor då eg skulle vere effektiv 
og brukte saftkokaren.

Eg lagar alltid nok til mange glas. 
Kjekt å kunne gi vekk òg..
Mi store glede er at borneborna kallar ripsgelèen
farmorsylte
som dei likar å ha på skiva eller rundstykket 
Tiåringsjenta:
"Yess, i år er farmorsylta perfekt "

Ripsgelè smakar godt til vafler.
Det var fint ver og kos ute den dagen.
Eg har aldri vore flink med vafler, men no brukar eg 
mormor Inger si oppskrift 
Desse vaflene er nydelege !

Ripsgelèen lagar eg etter mor mi si oppskrift,
med 1 kg sukker til 1 liter silt ripssaft.
Det er mykje sukker, men til gjengjeld blir gelèen
vellukka, stiv og fin.


onsdag 2. mai 2012

Gardiner

I dag var det klart for opphenging
av gardinene i stova etter oppussinga.
Hengde opp att dei eg hadde.

Eg har ikkje vaska dei !
Er så takksam og einige med 
ein klok seljar eg møtte ein gong.
Eg spurde om gardinene kunne vaskast og om dei krympa
Han svara: kvifor drive å vaske gardiner, 
vaskar du møblane ?
Risting og lufting held lenge :)

  Liftgardiner på dei andre vindauga.
 Gardinene er i lin og sydde hos 
Eg likar dei godt, dei er tidlause og
passar til det meste.
Og dei ser ikkje skitne ut !!
 Fin kveld til alle som stikk innom.


søndag 29. april 2012

Erlerida

=  snøfall seint på våren

 Denne helga har me hatt det.

Vakna til dette laurdag morgon
 Hadde planglagt tur til loppemarknad,
snø inga hindring :)

Figgjoterrinen har stempel frå 1950
betalte 10 kr for den !
Husbonden fann lesestoff. 
 dukar og flasker til 5 kr,
 2 kr for tesilen ;)

 Søndag kom med strålande sol ☼

Eit fint høve til å ta dei heimevovne teppa
ut i snøen og friske dei opp litt.
(tørrvask ??) 

Snøen forsvant medan teppa tørka og
lufta seg på steinkanten.
Her skal det bli terrasse i sommar.

  Koseleg med arva tepper.
Teppet på veggen er òg eit arvestykke. 

Takk for alle helsingane frå dokke.
Det er inspirerande !
God søndag vidare !

helsing Anne-Mari