Hugsa du at eg skreiv at eg skulle til Dublin
og feire 17 mai der ?
Ulstein mannskor med damer,
36 personar
skulle reise med fly frå Ålesund lufthamn/Vigra
16. mai tidleg om morgonen.
Men veret var slik då me starta heimanfrå
og frykta for at tåka/skodda var så tjukk at
fly ikkje kunne lande og lette til rett tid
slo til.
Omsider kom flyet og tok oss til Gardermoen Oslo,
men for seint til å nå flyet til Dublin.
Ingen fly hadde ledig plass verken 16. eller 17. mai.
Me måtte gjere vendereis til Vigra og
var heime seint på ettermiddag.
Alle var skuffa.
Me hadde ikkje lyst å vere heime, så
me snudde oss rundt og køyrde til hytta.
17. mai var det strålande ver og me gjekk
tur til Naustdalskamben,
eit fjell der me har fin utsikt til
fjord og fjell.
Frå Nordfjordeid høyrde me hornmusikk og såg flagga vaie.
Me feira dagen med kaffi og knekkebrød på terassen til
Dagsturhytta 475 m over havet.
Hytta med mange kanter er mitt bidrag i utfordringa hos Sanna
der ordet denne veke er
Kantig - Edge