Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg

onsdag 20. november 2019

Mønster og oppskrifter

Eg driv og ryddar i skap og skuffer.
Huset er overfylt av ting og tang.
Nei, me skal ikkje flytte i mindre husvære, men
kjenne på at no MÅ eg begynne å kaste !
Både mannen min og eg har vanskar med
å kaste så det er ikkje lett....

Faktisk har alle desse mønstrene blitt brukt.
Fremste mønstret er brudekjolen min som svigermor sydde
sommaren 1970 !
Seinare sydde eg litt både til dei to gutane våre
og til meg sjølv og mannen min.

Litt av det eg strikka i yngre dagar.
Mange av desse plagga ligg i kasser,
har ikkje råd til å kaste dei.

Eg leverte til gjenbrukbutikken.
Kanskje nokon ser nytte i dei ?

Eg er lei for at ikkje får kommentere i 
 bloggane dykkar.
Verken frå iPad eller iPhone 
blir kommentarene mine godtatt.
Eg lova å besøke deg når eg får hente heim
PC og Mac igjen.








søndag 18. september 2016

Gråtonar


Først vil eg seie at kofta som eg etterlyste
namn på

er eit Dalemønster og heite
D694 Festkofte

Takk for tipset 
om å spørje 
Koftesida på Facebook.

Himmelen i går kveld
var vakker med sine gråtonar.





lørdag 13. august 2016

Ripsgelè


Den tradisjonelle ripsgelèen må eg
lage kvart år.
Barneborna, ja dei vaksne òg
lika den godt.

Nydelege ripsbær,
dei er gode til bl. a. dessert òg.


Bær i mengdevis blir plukka
frå Ripsbærtrea i hagen.

Bæra er kokt i ca 15 min.
Etterpå har eg dei i ein stoffpose og silar
til all safta har rent gjennom.

Eg måler opp mengde silt saft,
har den i ei stor rein panne og kokar opp.
Har i 1 kg sukker pr. 1 liter saft.
Koka til alt sukkeret er løyst opp.
Fjernar skummet som har samla seg oppå.

Ause den varme safta i glas som eg har vaska og
hatt i steikeomnen på 150 gr,
dei er då reine og desinfiserte.
Fyller glasa, tørkar vekk det som evt 
har komt på kanten med rein tvoge.
Har på lokk og 
snur glasa opp ned.
Slik står dei til gelèen er kald.
No er den hermetisk lukka og haldbar
lenge lenge,
(hos oss blir den oppeten før
ny produksjon neste år :)


Eg oppbevarer alt syltetøy i eit ekstra kjøleskap,
men ripsgelè med så mykje sukker
står seg godt i ei kjøleg matbod.

Lukke til !




torsdag 16. juni 2016

Rabarbrasyltetøy

er blant favorittane her i huset.
Godt på brødskiva.
Og godt i lag med ulike ostar.

Rabarbra og økologiske fiken i bitar
blanda med sukker 
står og trekke over natta

Etter lang koketid er den klar

Av ein porsjon blir dette resultatet.

Fleire innlegg om Rabarbrasyltetøyet:
Her 





søndag 8. mai 2016

Gulrotkake

I morgå venta eg gjesta,
åtte kullinga som eg tok sjukepleieutdanning 
i lag med 1967 - 1970.
Me er ni her på Sunnmøre som møtast
heime hos kvarandre eit par
gongar i året.
Heile kullet møtast også regelmessig.
Før var det kvart femte år,
 siste gongane med eit par års mellomrom. 

Dei skal blant anna få kake.
Den har eg gjort klar i dag så den
får trekke.

Oppskrifta har eg fått av 
svigerdotter Renathe.

4 egg
3 dl sukker 
piskast til eggedsis

1 dl olje (eg brukte rapsolje)
Sikt i
3 dl kveitemjøl
1 ts salt
2 ts kanel
1 ts ekte vaniljesukker
1 ts bakepulver
Ha i til slutt
3,5 dl raspa gulrøter

26 cm rund form
180 gr i 30 minutt

Fyll
200 gr Philadelphiaost
2 ts ekte vaniljesukker
100 gr meierismør
250 gr melis
Piskast godt
eg hadde litt saft frå appelsin i
kremen.

Eg gler meg til i morgå
når damene kjem.





fredag 4. mars 2016

Tova vottar i Drops Lima


I det siste har eg strikka fleire huer i
Drops Lima.
Lika godt garnet og hadde lyst til å strikke
tova vottar som sto til hua eg strikka til meg sjølv.
Eg har googla og søkt både her og der, men
ikkje funne oppskrift på
tova vottar strikka i Lima.
Fann ut at eg skulle prøve meg fram og tok
utgangspunkt i oppskrifta eg brukte
Gjorde ferdig og tova ein vott først for
å sjå om eg trefte med masketal 
og toving.
(fargen er litt feil her)

Oppskrift på tova vottar
(dame)

Garn: Drops Lima (ca 43 gram pr vott.)
Strikkepinnar: 5.0

Legg opp 40 masker og start med 3 riller.
Strikk 28 omgangar glattstrikk,
Auke 4 masker ( 1 maske på kvar strikkepinne) til 44 masker.
Strikk vidare 10 omgangar glattstrikk.
Strikk så dei første 8 maskane inn på ein hjelpetråd,
sett maskane tilbake på venstre strikkepinne og
strikk maskane på nytt.
Strikk vidare 30 omgangar over alle maskane.
Fell slik:
1. og 3. strikkepinne: Strikk 1 maske, ta neste maske laust av, 
strikk neste maske og trekk den lause masken over.
2. og 4. strikkepinne: Når det står att 3 masker på strikkepinnen
strikk 2 rett sammen, og den siste strikkast vanleg.
Strikk 1 omgang utan å felle.
Deretter felle kvar omgang til det står att 8 masker.
Klipp av tråden og trekk tråden gjennom
maskene, og fest godt.

Strikk den andre votten på same måten, men
sett av 8 masker til tommel 
over dei siste maskene.

Strikk tommel slik:
Ta opp maskene over og under hjelpetråden = 16 masker
Ta opp 1 maske ekstra i kvar side = 18 masker
Strikk 18 omgangar glattstrikk.
Fell som over til det står att 4 masker
Klipp av og trekk tråden gjennom.

Eg tova slik:
Vask i maskina med litt Milo 
30 grader ( 1 time 38 min)
Sentrifugering 1200 omdreiningar.

Eg er svært godt fornøgd med resultatet.

Hua og vottane skal eg bruke i helga
då eg skal sitje på tribuna i Kristiansund og sjå, og heie på 
Hødd G16, fotballaget til barnebarnet Benjamin.
Dei skal spele mot jamaldringar frå 
store klubbar som
Rosenborg, Aafk og Kristiansund.
Heia heia !!

God helg til deg òg :)

Helgbilden





fredag 7. november 2014

Dajmiskake


 Oppskrifta står skrive i den 
gamle oppskriftboka 
som eg har hatt sidan 1970
Boka er sliten i alle kantar og lause blad, 
men den har mange gode og velbrukte
 oppskrifter på sidene sine.

Denne veka er det tikronerstilbod på
kremfløyte på Spar (nærbutikken min)
Husmorgenet kopla seg inn og
eg tenkte raskt at eg skulle nytte høvet
til å lage eit par Dajmkaker.

Som tenkt så gjort.
Her er to kaker klar til frysing.
" Kjekt å ha og ty til "

Oppskrift på Iskake - Dajmkake

100 gr mandlar ( eg sløyfar det pga allergi)
Pisk 3 eggekvitar og 2,5 dl sukker
Klipp bakepapir til botnen av ei 26 cm form og smør godt.
Steike på svak varme - 125 gr 2 til 2,5 time

Pisk 3 eggeplomar og 1 dl sukker
Dersom egga er små kan du ha i eit heilt egg i tillegg.

Pisk stiv 6 dl kremfløyte

1 dl kald sterk kaffi
Hakk 2 stk doble Dajm (ta av litt til pynt)

Kaffien og Dajm blandar du i eggedosisen,
ha i kremfløyten til slutt.

Etter at kakebotnen er kald har du på "isen"
og set forma til frysing.


Vel bekomme !



God helg  frå Anne-Mari