Den tradisjonelle ripsgelèen må eg
lage kvart år.
Barneborna, ja dei vaksne òg
lika den godt.
Nydelege ripsbær,
dei er gode til bl. a. dessert òg.
Bær i mengdevis blir plukka
frå Ripsbærtrea i hagen.
Bæra er kokt i ca 15 min.
Etterpå har eg dei i ein stoffpose og silar
til all safta har rent gjennom.
Eg måler opp mengde silt saft,
har den i ei stor rein panne og kokar opp.
Har i 1 kg sukker pr. 1 liter saft.
Koka til alt sukkeret er løyst opp.
Fjernar skummet som har samla seg oppå.
Ause den varme safta i glas som eg har vaska og
hatt i steikeomnen på 150 gr,
dei er då reine og desinfiserte.
Fyller glasa, tørkar vekk det som evt
har komt på kanten med rein tvoge.
Har på lokk og
snur glasa opp ned.
Slik står dei til gelèen er kald.
No er den hermetisk lukka og haldbar
lenge lenge,
(hos oss blir den oppeten før
ny produksjon neste år :)
Eg oppbevarer alt syltetøy i eit ekstra kjøleskap,
men ripsgelè med så mykje sukker
står seg godt i ei kjøleg matbod.
Lukke til !