Viser innlegg med etiketten Ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ski. Vis alle innlegg

søndag 7. februar 2016

Vinter i svart/kvitt

Bilder i svart/kvitt 
frå skituren i går.
Då regna det berre litt...
I dag hølja det ned så skituren er 
utsett til vinterferien ;)


For nokre dagar sidan 
i Volda.








lørdag 26. desember 2015

Julesnøen


kom natt til 2. juledag.
Etter ein god frukost var det
snømòking utfor hytta,
der bilane var godt nedsnødde.
Det vart fort bestemt at alle 
ville på skitur i dag.

Fint å få opp pulsen....



Treåringen har sett på TV kor dei proffe
brukar skistavane sine :)







lørdag 12. desember 2015

Skitur


Sesongens første skitur på Harpefossen.

Snøen kom raskt og mykje,
men veret klarna og me fekk lyst til å gå på ski.




Me pløygde løype sjølve...


Sola skin i høgda, men i lysløypa er det lenge til ho kjem.


Det var ein herleg og oppkvikkande tur som ga ny energi
til oppgåvene med å førebu hytta til julefeiring.





Posted using BlogPress from my iPad





lørdag 4. april 2015

Sola kom


Langfredag,
etter mange dagar med snøkave.
Nokre av oss gjorde oss
klar for skitur.

Ella Victoria på to år og fire mnd 
føre an i skiløypa,
med farfar og foreldra hakk i hæl.

Mannen min og svigerdotter på veg
innover dalen.

Rast med solbad og litt
forfriskningar.

På hytta venta det langtidssteikte
lammelåret.
Andrè og Renathe
 laga rødvin- og balsamico-posjert rødløk,
kremet blomkål og
ovnsteikte amadinepoteter/rotgrønsaker
(gulrøter mangla på bildet)
Og sausen... den var eit kapittel for seg, himmelsk !
Det var eit fortreffeleg middagsmåltid !
Mannen min sa at kjøtet var så mørt at det 
kjendest som å skjere i 
sjokoladepudding....

Litt seinare laga eg dessert etter metoda
" man tager hva man haver "
Knuste Bixitkjeks i staden for Safarikjeks,
Tine Kremost naturell i staden for Philadelfiaost.
Fløyten piska med svært lite melis 
(hadde Berit Nordstrand i tankane...)
Jordbær, Bringebær og Blåbær.
Både små og store likte desserten.

Link til
Helgegleder

Ynskjer alle ei god påskehelg !

Anne-Mari




lørdag 31. januar 2015

Fototriss - B som i.....


VECKANS TEMA...
... är B som i... Ja, B som i vadå? Ni ska alltså hitta motiv som börjar på bokstaven B. En Bil, en Blomma eller kanske ett Bibliotek. Nu har ni all möjlighet att vara kreativa när ni letar motiv för veckans triss, det är ett öppet tema, så fram med kamerorna och börja fotografera!

Eg er svak for slike utfordringar
og denne har gitt meg tankespinn i heile dag.

Her er mine tre bilde:


Bjørkedalsvatnet tidleg på formiddag,
sola i fjelltoppane spegla seg i vatnet.


 Skitur over Brua (over Ljøsurelva) i ettermiddag,
og himmelen er Blå.



Båt på Bakken ....






lørdag 10. januar 2015

Helg på hytta

Vermeldaren varsla ekstremver i store
delar av landet til helga.
Heime rydda me inn alt som kunne fyke
i vinden og reiste til
hytta.
I går, fredag gjekk me på ski i
strålande ver.

Skikkeleg vinterlandskap på
Harpefossen

Laurdag vakna me til tett snøkave og litt vind.
Midt på dag vart me einige om at skulle
me gå på ski så måtte det skje
før stormen.

Friskt ver,



men tungt og dårleg skiføre.



Det vart ein skikkeleg trimtur som
gjorde godt for både 
kropp og sjel.



Etterpå hadde me god middag.
Confit de Canard med fløytegratinerte poteter
og brokkoli.
God raudvin smakte til maten.

Link til
Helgegleder
Helgbilder

Til slutt må eg fortelje at i 
skrivande stund kl. 19.30
er det ingen teikn til ekstremver her på hytta.
Og eg har fretta at det kom ikkje heime
i Ulsteinvik heller.
Heldigvis !

God helg frå Anne-Mari


onsdag 10. desember 2014

onsdag 15. januar 2014

søndag 24. mars 2013

Påskeferie

Her på hytta er ferien 
godt i gong.
Me er ni rundt bordet,
og ei lita i vogna.
Ute skin sola frå skyfri himmel
Skiturar høyrer med.
Her kjem litt frå turen i går.

 Naustdalssætra

Eg tenkjer av og til på kva desse 
gamle husa på sætra meinar om
alle dei store nye hyttene som
blir bygde bak dei...

Naturen har pynta seg til påske.

 Flott skiføre for
liten og stor ♥

Ingen skitur utan appelsin

Vonar du har det fint der du er !

Takk for dei fine kommentarane om fuglebrettet.
Eg må fortelje at i går var det ei hakkespett
på besøk, men ho stakk fort av
då eg kom med kameraet.  

Anne-Mari