Viser innlegg med etiketten Tekniske dippeduttar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tekniske dippeduttar. Vis alle innlegg

torsdag 28. november 2019

Kassa


Denne veke er ordet 
Kassa eller Cash
i utfordringa til Sanna.

Kassa eller kasse kan vere f. eks. ei øskje til 
å oppbevare ting i.
Difor vil eg først vise eit eksempel på
kasse i mi dialekt.

Under ein tur såg me
fine syklar som har sett betre dagar.
Dei ber preg av dårleg stell,
men dei vekker minner
om farne tider. 

 På bagasjeberaren er barnesetet festa.
Og sjå kassa,
der sykkelpumpa og bøtesaker
hadde sin plass når ein var
på sykkeltur og kunne få bruk for det.

I leikekassa til barneborna fann eg 
denne.
 Dette er vel den rette kassa.

Plass til mykje cash her :)


Gemsweeklyphotochallenge v. 48 - Kassa -





tirsdag 7. juli 2015

Skeetervac



Her hos oss var det nesten umuleg å
kose seg utandørs på fine 
sommarkveldar.
Knotten plaga livet av oss.
Mange kjerringråd vart prøvt, men etter at me
gjekk til innkjøp av ei myggfangemaskin
for fleire år sidan
er plagene sterkt reduserte.

Skeetervac er sett saman av ein propantank og 
eit luktande lokkemiddel.
Når innsekta  blir lokka til fella kjem dei 
bort i eit vakum som syg dei inn i ei skuff.
Utallige andre blir festa til klisterpapiret som 
ligg rundt maskina.
Mygg og andre insekt blir tiltrekte av
 CO2 og luktstoff frå kroppen til menneska.
Det er denne blandinga Skeetervac etterlikna.


Det er ikkje alle som har tru på at denne
innretninga virka,
men vår erfaring er at det er
mindre mengder knott som
gjer livet surt for oss dei sjeldne
sommarkveldane me kan nyte utendørs.

Trur likevel at det så mykje knott
at svalene også i år greie å 
fòre fram ungane som dei har
opp under taket i løa.





lørdag 21. februar 2015

Kjøkenmaskin nr. 2

I dag har eg pakka ut den nye
kjøkenmaskina.
Denne skal vere på hytta.


Eg bakar mykje på hytta, og gode råd
frå bakeekspertar er at det er viktig
 å elte gjærbakst lenge.
Erfaringa mi er at det gir 
vellukka resultat, men då må eg ha
hjelp av kjøkenmaskin.

Her er litt av baksten eg laga til 
vinterferien.


Då brukte eg den medbrakte maskina.
Men å skulle frakte den fram og tilbake blir
litt tungvint i lengda.
Og eg bakar ofte gjærbakst.

Heimemaskina er vel 1 år gamal.


Dette er Eletrolux Assistenten min som var
trufast frå 1972 til 2014 då den gjekk i stå.
Eg kjøpte Ankarsrum Assistent fordi den
er lik den gamle.
Eg kan bruke kverna, bollen og det andre
utstyret av den gamle på dei nye.
Eigentleg meinar eg at det kan forsvarast økonomisk
å kjøpe to når eg tenkjer over kor
mange år den gamle var i sving.
Og så er det greit å gjere ting lettvint
for seg sjølv....
Om dei nye kjøkenmaskinene varer i 40 år
overlever dei meg...


Anne-Mari





mandag 1. desember 2014

Når ein blir seksogseksti


" da gjør man som man vil,
og først da blir livet kult "
syng Wenche Myhre

Eg syte for å få det som eg vil...
og ny iPad er komen i hus ;)

iPad Air 2
ei florlett sak som skal gi meg
kule opplevingar...
So får eg heller la vere å ynskje meg
noko i julegåve.
Greit å ha bursdag så nær jul.

Ynskjer deg ei fin adventstid.

Anne-Mari


søndag 3. november 2013

Krevjande

å gjere seg fortruleg med nye ting.
No er den nye PC-en
kjelde til mange kjensleutbrot....
 
 Utsjånaden er bra,
men innmaten treng eg tid til å bli betre kjent med.
 
  Windows 8
krev si kvinne.....
 
Eg har kava og funne ut av mange datamaskiner sidan
tidleg på 1980 talet og erfaringa er at
 tolmod er den beste venn
ein kan ha.
Men no er det slik at eg er ikkje av dei
mest tolmodige.. :(
 
No skal eg gå meg ein tur, nyte sola og
dei nydelege fargane,
og " gi katten i dataen ".
 
God søndag til deg òg !
 
Anne-Mari
 
 
 
 
 
 
 
 
 


torsdag 11. april 2013

Lengt mot vår ?



På turen min i dag såg eg
 gravemaskina
som lengtar etter vår.


Medan ho ventar kan ho nyte
den himmelske utsikta til
 Sunnmørsalpar.


Du kan sjå fleire himmelske bilde:
 



tirsdag 4. desember 2012

Lettvint

Det første eg vil gjere idag
er å takke for alle fine kommentarane.
Det er ikkje måte på alt eg har ville hatt merksemd for.
Først var det Hødd som vart cupmeistra,
så vart eg farmor til ei nydeleg lita prinsesse ♥
og det siste var at eg hadde bursdag...
Og alt skriv eg om,
og kosar meg i glansen av all
merksemda eg får frå dykk
Difor kjære lesarane mine,
desse rosene gir eg til dykk og
takkar og bukkar !

.............

Her i huset går vaskemaskina nesten dagleg
sjøl om me er berre vaksne.
Og lettvint er det.
 Ny, stor og god maskin 
gjer arbeidet.
Tek ut nesten tørre klede,
heng dei på stativ eller legg dei i
tørketrommel.
Lettvint !

Tankane går til mor mi
som hadde mange som
skulle ha reine klede.
På femti-seksti talet var denne vaskemaskina
vanleg
Men den berre vaska,
den sentrifugerte ikkje kleda.

Far min, som var tidleg ute med nyvinningar, 
fekk tak i denne
Han kalla denne innretninga ei
"klæpresse"
Dei la våte klede mellom rullane og 
sveiva til dei kom ut på
andre sida.
Då var det meste av vatnet pressa ut
og kleda kunne hengast opp.

For oss som lever i dag, i ei tid der alt skal vere lettvint,
er det vanskeleg å forstå kor dei som gjekk føre
fekk tid til alt.
Men ein ting er sikkert,
det var ikkje pc, i-Pad, mobiltelefonar mm
som stal tida.

Ynskjer deg ein fin kveld i adventstida.
Klem frå Anne-Mari

 
 

fredag 8. juni 2012

Test


Ps, tekniske problemer ja :(
Dette innlegget var publisert 4. juni. Idag dukka det opp med ny dato på topp :)
Forstå det den som kan...
Innlegget for idag ligg under dette !
Ds.

Ikkje fritt for prøving og feiling, men eg veit at det er
på den måten eg kan lære...
Ja, du gissar rett.
Det er denne iPaden eg strever med..





Hortensia
Har greidd seg i vekslande
vêr og temperatur :)



Sjå no, kanskje blir det eit innlegg ??
Jiippiii !!

Men får eg til å midtstille teksta ??

tirsdag 5. juni 2012



Å vere optimist er å alltid finne noko
å glede seg over ;)



Takk for alle supre kommentarane, det er så
inspirerande og oppmuntrande <3

Kveldshelsing frå Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 3. juni 2012

iPad

Har gått til innkjøp av splitters ny
Apple iPad

  Ser klart at det trengs øving øving,
"prøve sjøl " som borna seier, men eg
må vel ha instruks frå vidarekomne ;)

Mellom anna får eg IKKJE til å laste inn
bilde til blogginnlegg.

Har nokon tips til meg ?

Kamerafunksjonen på iPaden er god,
eg syns dette bildet vart nydeleg.


Vona er at det blir blogginnlegg frå iPaden
etter kvart....
tenkjer at eg kan ta den med når eg er på hytta og la
 PCen kvile heime ...

God søndag !


torsdag 29. mars 2012

Bokstavkode

Takk til Solveigsiside som gjorde meg
merksam på at det er vanskeleg å
kommentere hos meg pga
handikapline :(

Amatør som eg er har eg ikkje forstått kvifor
mange seier det er umuleg å kommentere hos meg :(
Og så har eg hatt den irriterande handikaplina !!

Kontakta sjølsagt rådgjevaren min,lisjeastrid, som stadfesta den nye
mistanken. Du har kode for å få skrive kommentarar !!!

"Hærlighet, seie eg bærre"
Kan ikkje anna enn bøye meg i støvet.

Lett var det å fjerne òg :)

Tusen hjerteleg takk til alle dokke som
har kommentert hos meg tross alt ♥

 Prøv igjen folkens !


Og eg ynskjer dei nye følgarane hjerteleg velkomne ♥

Ha ei fin torsdag !


helsing Anne-Mari



lørdag 10. september 2011

Tolmod ?

Jøje då kor det røyne på tolmodet mitt..
Ventar med lengsel på den gode PCen min som brått hadde svart skjerm og er til
reparasjon. Eg brukar mobilen til mykje, men får
ikkje til å endre på noko i bloggen :-(
Idag gjorde eg då det store, leita fram gamle PCen og sette i gong...
Resultatet ser dokke, rota til utsjånaden og så streika maskina ! !

No må eg berre puste djupt og gå ut i fineveret :-)

Ynskjer dokke alle ei fin helg :-)

Klem frå Anne-Mari

søndag 4. september 2011

Hei. Lenge sidan sist eg skreiv. PC ute av drift i fleire veker avgrensar aktivitetane mine på fleire måtar ;-) Min nye telefon med androidfunksjon tek meg med uti verda, men kunnskapane mine er ikkje komne langt nok ;-) Eg får ikkje til å legge inn bilder i bloggen frå den :-( Tenkte dokke skulle få sjå noko av det eg har gjort i helga, hermetisert plommer. Godt å ha noko søtt til kaffien utover året ;-) Bilde kjem seinare ! Eg kjem tilbake så snart eg kan ! Tusen takk for alle kjekke tilbakemeldingar både skriftlege og munnlege :-) Det varmar :-) Varm klem frå Anne-Mari