I gamle dagar brukte dei hissetre eller beretre til dømes til å
bere vatn frå brunnen til klevask, husvask og sjølsagt til mat og drikke.
Det vart også brukt til å bere mjølkespann frå sætra og ned til bygda,
Dei bar nok på den måten for å spare hendene sine.
Hissetreet har ei utsparing slik at det ligg godt inn til nakken.
Det har eit tau med krokar i kvar ende til å hekte bytta i,
det gjer at det blir balanse og innhaldet i bytta skòlar ikkje så lett utover.
Det er faktisk godt å bruke,
og for eit par år sidan sparde eg skuldrane mine
ved å nytte hissetreet til å bere singel.
Ikkje fulle bytter, men etter nokre
turar jamt og trutt fekk eg flytta mykje
småstein frå framsida til baksida av huset.
----
På bildet i midten er ei gamal furu
med klatrehortensia veksande oppetter stamma.
Må berre vise korleis den ser ut no i juli,
og at den no har nådd toppen av treet
(som eigentleg burde vere nedsaga)..
Takk for at du ville høyre om hissetreet ;)
God julimåndag same kva ver det er der du er ♥