I dag fann eg fram eit innlegg frå 2015
og publisera på nytt.
Eg snur Primstaven til
vintersida i dag
14. oktober.
Symbolet er ein vott.
Primstaven laga svigerfar
til me flytta inn i hytta.
Denne dagen blir kalla
Vinterdagen fordi den markera starten på
vinterhalvåret.
14. oktober var flyttedag om hausten,
ei ordning som var praktisert fram til første verdskrig.
Den andre flyttedagen var om våren 14. april.
Utanom desse dagane var det ikkje lov for hushjelper og
gardsarbeidarar å flytte, eller skaffe seg nytt arbeid.
Som veret er vinterdag skal vinteren bli....
Godt ver i dag skal gi fin vinter, og snøen kjem seint.
Kaldt ver i dag er teikn på at det blir mykje snø.
Grønskjær på himmelen er teikn på at det snart blir frost.
Då eg sto opp i dag var det 5 grader ute,
regn, men gløtt av sol.
Godt å vere inne
med fyr i omnen.
Så får tida vise korleis vinteren blir :)
Ynskjer deg ein fin vinterdag !