Me har pynta bilen med maiblomst.
Då eg var barn og ungdom var det ei sjølvfylgje at
me hadde små maiblomster på jakkeslaget
og foreldra hadde mairose på bilen.
Norske Kvinners Sanitetsforening har
selt maiblomsten sidan 1909 og har skaffa
over 200 millioner kroner til inntekt for folkehelsa.
No går inntekta til arbeid for barn og unge i
650 sanitetsforeningar i landet vårt.
Eg har vore medlem i NKS sidan 1970.
Mor mi var aktiv i saniteten lenge.
Syster mi Perly har tatt over
arven og har gjort ein stor innsats
i saniteten i mange år.



