fredag 31. august 2012

Himmelsk på Bjørkedalen

På den halvannan timen me brukar til hytta ser me ofte
 himmelske motiv
Bjørkedal,
ei vakker bygd.
Kjend for sin lange tradisjon innan båtbygging.
blant anna vart Saga Siglar som Ragnar Thorseth
segla jorda rundt med, bygt her.

torsdag 30. august 2012

Vis meg din farge


Maia i bloggen  Fabelaktig  
 si utfordring denne månaden er,
Vis meg din farge

Eg  hadde dette innlegget 
tidlegare om Blått,
og må vedgå at det er ein av favorittfargane
mine.





Keramikk av Leif Heiberg Myrdam
Måleria er signert Einar Magne Flø

onsdag 29. august 2012

Saft

Fyrst vil eg takke for alle hyggelege kommentarane på
 innlegga før.
Særleg artig var det å lese om alle som 
har eit forhold til krede, eller aure/ørret.

Har laga saft.
Med mykje bær i nærleiken må eg bruke den til
noko fornuftig. 
Den gamle saftkokaren til svigermor er god å ha
Eg blanda ripsbær og bringebær.
 2 kg sukker på full korg.

I år brukte eg Norgesglas istadenfor flasker.
Brukar slik saft berre når me er mange.

Prøvesmaking av safta idag.
Hadde " søndagsmiddag " på ein onsdag ;)
 Sosakjøt med ertestuing og surkål.
Mangla tytebærsyltetøy så det blir neste prosjekt...

Eg ynskjer god onsdagskveld til alle der ute !



søndag 26. august 2012

Drikk det !

Med dette bildet frå
ein fin augustkveld
på hytta


vil eg vere med i
" Mandagstema # 55 "
Alt som er vakkert med Helene.
Tema idag er
Drikk det ! / Drink it !



fredag 24. august 2012

Krede

Me bur ved sjøen, men mannen min
hadde sin barndom ved det store vatnet.
Han har ofte lyst dit for å fiske krede.
Borneborna likar å fylgje han,
og får eit fint høve til å lære seg 
å ro og træ makk på ongelen.
 
Ein svært sein kveld kom dei heim 
 med 6 fine krede.


Det var mangel på både smør og rjøme i kjøleskapet,
men dei ville ha fisk før dei la seg :)

Enkelt tillaga, 
men godt var det !

 12 åringen åt av  "hjertens lyst" 
og ilag med oss
besteforeldra tømde han panna ;)

Eg veit at krede kan lagast til på ein mykje 
betre måte
 Sprøsteikte i mykje meierismør og deretter
koke i sæterrjøme....
Neste gong dei fær på vatnet for å fiske må eg syte for
å ha det eg treng i kjøleskapet. 

Sist helg laga svigerinne Sølvi til eit krunamåltid.
 Svoger Bjørn og mannen min hadde fiska
 10 fine kreder i fjellvatnet ved hytta deira.
Med mjølne poteter og salat til
er det berre å seie:
Det smakte himmelsk !

God helg !
klem frå Anne-Mari

 

torsdag 23. august 2012

Himmelsk på Island

På Island såg me denne fantastiske
Geysir - varm kjelde


Mitt bidrag til Petunias Himmelske utfordring nr. 99




onsdag 22. august 2012

Dei eldste

Idag vil eg helse med
 nokre av dei eldste vekstane i hagen.
Dei er over tretti år gamle.

Vakre ♥

 Dronninga
Queen Elisabeth

 Hanne

Blå hagehortensia

Til å gle seg over  ♥

Ynskjer alle ein fin onsdagskveld !

mandag 20. august 2012

Ripsgelè

Det er tid for å prekvere bæra i hagen.
(prekvere = stelle, lage til)

Ripsbær er det mest av.

I år gjorde eg det på gamlemåten.
Gelèn vart for tynn i fjor då eg skulle vere effektiv 
og brukte saftkokaren.

Eg lagar alltid nok til mange glas. 
Kjekt å kunne gi vekk òg..
Mi store glede er at borneborna kallar ripsgelèen
farmorsylte
som dei likar å ha på skiva eller rundstykket 
Tiåringsjenta:
"Yess, i år er farmorsylta perfekt "

Ripsgelè smakar godt til vafler.
Det var fint ver og kos ute den dagen.
Eg har aldri vore flink med vafler, men no brukar eg 
mormor Inger si oppskrift 
Desse vaflene er nydelege !

Ripsgelèen lagar eg etter mor mi si oppskrift,
med 1 kg sukker til 1 liter silt ripssaft.
Det er mykje sukker, men til gjengjeld blir gelèen
vellukka, stiv og fin.


fredag 17. august 2012

Buss-skur

Det er rart kva ein kan finne på å fatte interesse for.
På turen vart eg oppteken av
buss-skura attmed vegane...

Interessa vakna då eg såg dette på Frøya.

 Sjå kor flott og forseggjort !

Vidare var der mange "fråflytta" buss-skur.
Det er nokså sikkert at dei kan ha
 mange historier å fortelje......
 Venting, møtestad, nyhende,
ei hand å halde i, det første kyss....

Mange sitteplassar, og oppslagstavle.
Åge Aleksandersen skulle ha konsert
helga etter.

 Etterkvart vart dei meir moderne.
Men er dei like sjarmerande ?

Til slutt viser eg det heilt siste på buss-skur fronten.
Kvivsvegen på E39 skal opne i september,
buss-skuret står klart,
og har ei tidsmessig form.


Takk til deg som var med på buss-skur vandring ;)

Og ikkje minst takk til den tolmodige mannen min som
stoppa kvar gong eg fann det for godt, og som til og med snudde
og køyrde tilbake når eg ikkje var nøgd og ville ta nye bilder...

Takk for alle gode helsingar, og til alle som er innom
bloggen min!
Eg ynskjer nye følgjarar velkomne !

God helg !

Helsing Anne-Mari

onsdag 15. august 2012

Tytebær


Hausten nærmar seg.
Men no er sommaren her
Ei god tid !


TYTEBÆRET OPPÅ TUVA

Tytebæret oppå tuva
voks utav ei liti von.
Skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudlett son.

Ein gong sent på hausten lagde
liten svein til bærskogs ut.
"Raudt eg lyser" bæret sagde,
"kom åt meg, du vesle-gut!

Her ifrå du må meg taka:
moge bær er utan ro;
mal meg sundt, at du kan smaka
svaledrykken av mitt blod!

Mognar du, så vil du beda
just den same bøn som eg.
Mogan mann det mest må gleda
bort for folk at gjeva seg."

Aasmund Olavsson Vinje
Dølen 1958


tirsdag 14. august 2012

Feiring og kommentarar

I dag 14. august er det eitt år sidan eg starta å blogge.
Eg er utruleg glad og audmjuk over alle besøka på bloggen,
 nesten 19 000 !!
Mange kjekke bloggarar er eg blitt kjent med.
Ei ny verd har opna seg.

Har fått mange gode kommentarar skriftleg, og mange 
gode tilbakemeldingar frå folk eg møter.
Det gler meg mykje og du skal vite at eg 
set stor pris på alle ♥

I dag kan det passe å feire med softis med lakrisstrø ♥
Men det er eit problem som eg ikkje klarer
å finne ut av.
Mange som ikkje har eigen blogg, seier at dei vil kommentere på bloggen min, 
men får det ikkje til.

Kommentaren blir ikkje godteken.

No spør eg mine bloggvener:
Er det noko eg kan gjere med innstillingane for
at det skal bli lettare for folk å kommentere ?
Det står allereie at ALLE kan kommentere.

Ynskjer alle ein fin dag !
Eg blir nok framleis i bloggverda så me møtast her

Stor klem frå Anne-Mari




mandag 13. august 2012

"Mandagstema": Blå

Med dette bildet


 vil eg vere med i
 " Mandagstema #53 "
Alt som er vakkert med Helene.
Tema idag er Blå
Sjå fleire bidrag Her 




søndag 12. august 2012

Tur, fjerde del

Her kjem siste episode av turen vår i eigen landsdel
 med base i Kristiansund.
Mange inntrykk på ei veke, og best av alt,
bra ver nesten kvar dag.
Mannen min ville til Hitra og Frøya, har ein kjenning der som 
han hadde lyst å helse på.

Me overnatta på Frøya Hotell

Frå Frøya går det ferje/båt til fleire spennande
øyar langt ut i havet,
Halten, Mausundvær og Sula.
På dei to siste er det fastbuande.
Det vart ikkje,
 me tok heller turen til

Det gamle fiskeværet som me har høyrt om.
Titranulykka oktober 1899 blir regna som ei av dei største
katastrofer i Midt-Noreg der 140 fiskarar omkom.
Eit forferdeleg uver kom uventa og dei fleste som var i opne båtar
sette livet til.

 Der står ein minnestein over dei som kom bort.
Dei kom frå mange stadar i Midt-Noreg, men sjølsagt flest
frå lokalområdet.
På minnesteinen står ei kvinne med tre born rundt seg og speidar
utover Titranhavet

Dette skriftet heng på veggen til Titran kapell.
Klikk på bildet så får du lese den sterke historia som står skrive der.
Ein nasjonal innsamlingsaksjon samla inn over 800 tusen kroner.

På Titran var denne forretninga viktig i tidlegare tider.

Idag kan ein kjøpe kaffi og noko å bite til der.

I lokalet er det mange kuriositetar,
blant anna denne
gråpapirposen med reklame, som heng på veggen.
Artig å filosofere over kva er eigentleg Fetevarer ?
og Kolonial..? Eg har trudd at kolonial er eit fellesord
for alle dissa varene.. 

 
Spennande gamle ting i kafèen


  Eg kunne skrive mykje meir om Titran, men dette får vere ein 
smakebit. Du kan finne ut meir om du googlar.

Eg likte godt naturen på Frøya
 Vakkert med mykje stein

Ein siste kuriositet

Takk for at du ville fylgje meg på tur ♥
Eg set pris på det.

 

torsdag 9. august 2012

Tur, tredje del

Kristiansund,
byen som ligg på fire øyar eller "land",
Kirkelandet, Innlandet, Nordlandet og Gomalandet.
Me budde på Nordlandet og spaserte til kaia
der Sundbåten la til
 Rutebåten går mellom dei 4 "landa" frå tidleg morgen til
sein kveld.
Det har den gjort sidan 1876.
Ein god måte kome seg fram på, og ikkje minst ei 
fin oppleving !

Frå kaia hadde me fin utsikt over til Kirkelandet der 
sentrum av byen ligg
Kristiansund er ein fin by kjenneteikna med ulike
fargar på husa, fine turområde og mykje klippfiskhistorie.

Eg vil dit igjen !
Denne søndagen var det strålande ver og me
tok skyssbåten til Grip
 40 minutt rett mot vest i havet.
Ingen bur fast i fiskeværet no, dei siste
flytta til fastlandet i 1974.
Men om sommaren flytter dei tilbake og
då er der mykje liv og røre.

Det vart fortalt at under dei store fiskeria kunne der vere opp
til tusen mennsker på denne vesle øya.
Omlag 800 var fiskarar.

Elektrisk straum får dei frå aggregat, Gripkraft.

Grip kirke står tett inntil dei andre husa.
Denne søndagen var det gudsteneste, 
både prest og organist
fylgde skyssbåten ilag med oss.

Ei eldre dame som budde på Grip med familia si vart eingong spurt
 om dei ikkje var redde for borna sine her som sjøen var så nær..
Ho svarde nei, dei var mykje reddare for at borna skulle få tak i fyrstikker.....
Akkurat det kan me forstå.
Vel komne innatt til byen ville me ha mat.
Smia Fiskerestaurant har godt ord på seg.

Panert klippfisk var nydeleg !

 Takk til deg som framleis er med på turen :)