Viser innlegg med etiketten Skywatch-Friday. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skywatch-Friday. Vis alle innlegg

torsdag 4. april 2019

Ein nydeleg dag og kveld


Etter ein tur på kyrkjegarden og planting på graver
gjekk me ein tur langsmed stranda i nærleiken. 
Der rullar bylgjer frå storhavet mot land.


Dei vakre steinane er polerte av sjøen
og er eit fantastisk syn.


Nesten rart at dei får ligge i fred.

 Det låg an til ei flott avslutning på kvelden
her me bur i Tuå.


 Nokre minutt etter var himmel og sjø farga raude.
Måkene ligg nyt livet,
og ein båt er på veg inn i solstrålane.
(klikk på bilda så ser du betre)


Fuglane har flytta seg og båten er komen vel gjennom
stråleglansen.


Bylgjene etter båten er i ferd med å legge seg,
Idyllen er eit faktum.

Dagen var fantastisk,
spaserturen i fjøra nær sentrum
av Ulsteinvik,
og til slutt opplevinga av å bu på 
verdens beste plass.




fredag 17. februar 2017

Skugge rundt Løsetvatnet


Det bruka å vere nokså vått i råsa rundt Løsetvatnet.
Denne fine februardagen fekk me lyst til 
å gå tur i det frosne terrenget
sjølv om me gjekk i skugge 
nesten heile tida.


Med blikket retta nedover


er det mykje fint å få auge på


Rim og is kan føre til små kunstverk.









fredag 27. januar 2017

Dagen i dag


starta til ein fin morgon
med eit spesielt lys 
over landskapet.
Klokka var åtte og eg skulle 
gjere meg klar til å fare
 på Seniortrim kl ni.

Eg har dessverre ikkje kamera som kan
gjengi det spesielle lyset
og fargane

På veg til sentrum hadde eg 
ei god kjensle av at dette
blir ein fin dag :)
Eg måtte stoppe å ta bilde av 
 tre av dei fire like skipa som
er under bygging
på Kleven Verft
(eg bur utanfor kanten til høgre i bildet)

Treninga gjekk strålande i lag med
fleire andre damer.
Me ligg ikkje på latsida,
sveitten renn i store mengder....

Så gjekk turen mot hytta.
Ved Kilsfjorden var me heldige og
fekk sjå den flotte 
speglinga i vatnet.

Vel installert på hytta måtte eg ha meg ein blund
på sofaen,
og vakna av det skein raudt
inn i stova
Med mitt kamera ser det mest ut som gult...
Men solnedgangen var flott !

Kvelden nærmar seg, 
det skal bli reker og kvitvin framfor
fjernsynet
med svitsjing mellom 
Handballkamp, Nytt på nytt og Skavlan

Enno kjenner eg på 
at dagen i dag verkeleg er min :)


God helg !








fredag 28. oktober 2016

Naustrekker

Sist søndag var det strålande haustver
då me tok ein biltur til
nabokommuna

Den dagen var det naust i fine farga
som fanga interessa mi

Dei grøne bølgeblikkplatene på kaihuset i framkant
er fine blikkfang
i lag med haustfargane

Gamle og nye side om side.

Denne veka kom stormen og regnet
etter fleire veker med eit usedvanleg flott haustver.
Regnklede og støvlar er godt å ha.





torsdag 25. august 2016

Hyttehelg på fjellet


Det er tradisjon med ei helg på
hytta til svigerinne og svoger i slutten av august.
Karane fiskar krede i 
Børevatnet
Vatnet er regulert og ganske 
nedtappa akkurat no.

 Imens gjekk me damene på fjellet.
Over ser me Børevatnet til venstre og
fjellet Børa

Andre vegen ser me utsikta mot 
Stadthavet

Karane fekk fisk.
Kredene tilberedt på beste vis,
fantastisk godt.

Om kvelden var det magisk lys 
over Børevatnet

Søndag var det ny fjelltur
Syster og bror på Lisjehornet.
Skodda ligg og truar ut i havet,
men ho kom ikkje dit me var,
den dagen.






fredag 5. august 2016

Grønhøj strand


strekker seg 22 km mellom
feriebyane 
Blokhus og Løkken 
på vestkysten av 
Nordre Jylland
Swejgaard B&B der me ferierte
ligg innanfor omlag midt på denne
strekninga

Det er lov å køyre bil der
og mange slår opp telt,
har bobil eller campingvogn og 
kosar seg der om dagane.
Om natta er det ikkje lov.

For oss nordmenn var det litt rart og 
uverkeleg å køyre heilt til sjøkanten....

Nokre bada,
andre leika i sanden

Denne dagen var det frisk vind og store bølger, 
kjekt å bade.











fredag 8. juli 2016

fredag 1. juli 2016

Tre på rekke og rad...


I går gjekk turen frå Gamleeidet mellom
Ulstein og Hareid
til Nevstadnipa som har ei
karakteristisk rekke tre
på toppen

På avstand kan trerekka sjå ut
som ein flokk indianarar...

Me nærma oss 
 trerekka
midt på bildet.
Storfjorden og Sunnmørstindane 
lengst vekk

Ganske spesielt dette her...
Tre på rekke og rad på ein smal fjellrygg.

Når eg snudde meg såg
eg Dimnøya
i Ulstein kommune
Heimen min er midt i bildet

Fin tur i flott ver.






fredag 17. juni 2016

Sommartur til Runde


I tre mnd har eg tatt del i trimmen 
som Hjarterehabiliteringa ved 
sjukehuset i Volda 
arrangerer to dagar i veka.
Dei har siste 10 åra avslutta
vårsesongen med fjelltur på Runde 
for alle som har deltatt både i år
og tidlegare år.
I år var me rundt førti personar

Fugleøya Runde er kjent 
for sitt rike fugleliv.
Den ligg ytst mot havet der det vel aldri
er vindstilt.
Denne dagen var det sterk
nord-austleg vind oppi liten kuling

God sti i den bratte bakken
opp frå Goksøyra

Godt å ha tett jakke mot vinden

Midtvegs oppå er det eit platå der
ein kan sjå ned i ura der sjøfuglane hekkar
Ottar ser på tre ørneungar
I bakgrunnen ser me Kvalsvika og
Skorpa bak

Fint å tørt i marka etter
fint ver lenge


" det er ruskut å leggja ut på.. "
Eg trur at det er her ein del av filmen " Vaffelhjarte "
frå boka til Maria Parr
vart spelt inn.

Idyllisk på veg ned att til
Goksøyr 
der bilane sto.
Etterpå åt me nydeleg Fiskesuppe 
på Runde Miljøsenter.

Ein flott dag som freista til gjentaking
 neste år.







fredag 27. mai 2016

Kveldshimmelen

Solrike dagar
og kjølege kveldar
endar i vakre solnedgangar

Sunny days and cool nights give
beautiful sunsets.
This is my view.






fredag 8. april 2016