Viser innlegg med etiketten brudebilde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brudebilde. Vis alle innlegg

torsdag 15. juni 2017

Naustet

Som eg skreiv i forrige innlegg
 HER
var det relativt vått ¨
å traske i Oslo`s gater.
Hos
hadde eg lest om ei byvandring der ho hadde
funne fleire spennande stadar
 i Oslo,
blant anna Naustet. 
Det var lett å finne så dit gjekk turen.

Lite folk på Langkaia vis a vis Operaen denne kvelden,
men her er truleg eit yrande liv på
fine sommardagar.

Inne i Naustet er det eit
retro miljø,

kjende fargar og interiør frå ei
svunnen tid

- 60, og -70 tals interiør
er plukka fram 
og fått sin renessanse.

Det er lett å bli litt nostalgisk
når ein ser seg rundt.

Litt om Naustet henta frå nettet

Ta deg ein tur neste gong du er i Oslo ;)







lørdag 18. juli 2015

45 års bryllaupsdag

18 juli 1970

Peoner på bordet i dag.

45 år etter.
Det må feirast med
Jordbærkake.

Det var så triveleg at akkurat i dag kom
bloggvenninne Inger i
mormoruniverset
og mannen Øyvind på besøk.
Etter kaffi og kake tok me turen til
Flø.
Her såg me nokre av seglskutene
frå Tall Ship Races forlate
Ålesund

På Flø har Moods of Norway butikk,
der måtte me sjå innom.

Takk for kjekt besøk.

I kveld skal me feire barnebarnet
Benjamin sin 15 års dag (12 juli)
Fin kombinasjon !




søndag 29. mars 2015

Ektefolk


Det var ei stor oppleving og glede å få
vere gjest i bryllaupet til
 Eirik og Renate
laurdag 28. mars

Dei vart vigde i vakre
Røros kirke. 

Rette ektefolk.

Bryllaupsfesten var i 
Bergstaden hotell.
Her ser du ein liten del av kakebordet
som var svært innhaldsrikt 
som vanleg der ein 
flokk sunnmøringar er samla.

Heile helga har vore fantastisk med mange 
opplevingar,
kanskje skal eg skrive meir om dette seinare.
I kveld er eg trøytt etter 
sju timar i bil heimatt.

Tusen hjarteleg takk til brudeparet
for ei fantastisk helg !
Helsing
 tante og onkel.

Linkar innlegget til

God påske frå Anne-Mari




tirsdag 19. august 2014

Lyd

TirsdagsTema i dag er:
Ljud

Det finns ikkje ein lyd som er finare enn
musikken frå korpsa 
17. mai

I sol og regn,
skulekorps og vaksenkorps
 spelar alltid trufast opp med marsjar
når 17-maitoget skal gå.

Meir lyd finn du


mandag 7. oktober 2013

Volda kyrkje


er eit 
landemerke 
når ein ser Volda 
både frå nær og lang avstand.

 bilde lånt frå Wikipedia

Dei fire syskena mine og eg har eit særskilt
forhold til Volda kyrkje.

  Mor vår,
Marie Elfrida Aasen 
f.13. juli 1925,
stod konfirmant i denne kyrkja.
Ho vaks opp i Hjartåbygda
lenger inn i Voldafjorden.

 Foreldra våre 
Marie og Karl Breivik
vart 
vigde i denne kyrkja 10 august 1947.

Me tykkjer dei var eit vakkert par
Dei busette seg i Ulstein der dei tok
over småbruket der far min vaks opp.
( der eg har heimen min framleis)

Ho lengta innatt til fjorden og dei høge
fjella, ho tykte her var for ope mot havet.
Men etter at syster mi og eg var i
  4-6 års alderen og sat i fjøresteinane og song
julesongar medan me såg opp i stoveglaset der juletreet glitra, 
slutta ho å lengte heimatt.
I ettertid sa ho at då innsåg ho at 
det var her ho hadde heimen sin.
Til sin døyande dag undra ho seg over dei fine fargane 
når sola gjekk ned i havet,
og vart aldri lei av å nyte dei.

Eit døme på forholdet mor mi hadde
til Volda kyrkje er

bildet ho broderte og hadde på
veggen i stova. 


Innlegget knyter eg til




onsdag 2. oktober 2013

Omskapt bildeoppheng


Både mor mi og
far min var nest yngst i
syskenflokkar på sju.
Det var mange brudebilde
på veggane då eg var lita.
Dei tok stor plass.
 Så fekk dei ein lur idè.
Dei samla bilda i to rammer !

Øvst er far min sine sysken,
foreldra mine nr 2 frå høgre.

Bildet under er mor mi sine,
 eldste syster er på dei to bilda til venstre.
Ho vart tidleg enke og gifte seg oppatt.
I denne ramma vart det ikkje plass til alle difor
er bildet av broren og kona
for seg sjøl.
Kanskje fordi ho hadde bunad, eller
fordi bildet ikkje er i heilfigur ?

Eg har hengt desse bilda under trappa
der eg går kvar dag og likar å sjå på dei.

Under står bakstebordet som far min laga,
der har eg samla fleire gamle ting,

og nokre nye.


Eg linkar innlegget til
Onsdagstema som er 

Omskapat - HER 


Ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari