Tema: RETRO
lørdag 30. august 2014
fredag 29. august 2014
Queen Elizabeth
har vakre rosa roser.
Me planta den for over tretti år sidan.
og den blomstrar trufast kvart år.
Den er blitt ganske stor.
Som kjent kom våren svært tidleg i år, og eg
var altfor seint ute når eg skulle beskjere den.
Eg hadde rett og slett ikkje råd til å klippe vekk alle
dei kraftige spirane som var komne.
Eg let det stå til og klipte ingenting.
Aldri har Queen Elizabeth blomstra så rikt som i år,
den er framleis full av knoppar og kjem til å
blomstre lenge,
til snøen og frosten kjem.
Nyt siste sommardagane !
Anne-Mari
onsdag 27. august 2014
Förändring
er Onsdagstema i dag.
Me held på å forandre i hagen.
Me held på å forandre i hagen.
Nokre av dei skal få ny plass i hagen.
Resten vil eg gi vekk til slekt og venner.
søndag 24. august 2014
Fototriss del 269: Fönster
Utfordring frå Helena:
VECKANS TEMA...
... är FÖNSTER.
... är FÖNSTER.
Gamla som nya, stora och små, vackra eller konstiga, krusidulliga eller stilrena
ja alla sorters fönster som gör sig på bild vill jag att ni ska visa upp denna vecka.
--------------
Ulstein Mannskor der mannen min er med
var på tur til Latvia og Estland
denne sommaren.
Blant mange opplevingar var ein 2 times tur frå Tallin til
Koeru der dei song i lag med eit damekor i ei
gamal kyrkje.
Etterpå var det felles middag i ein fleire hundre år gamal Herregård,
kåra som 3.dje beste matsted i Estland.
Gamal bygning i stein
Vindauge prega av tidens tann.
Flugenetting heldt ubedne gjestar ute
medan me åt
utsøkt mat.

fredag 22. august 2014
tirsdag 19. august 2014
Lyd
TirsdagsTema i dag er:
Ljud
Det finns ikkje ein lyd som er finare enn
musikken frå korpsa
17. mai
I sol og regn,
skulekorps og vaksenkorps
spelar alltid trufast opp med marsjar
når 17-maitoget skal gå.
når 17-maitoget skal gå.
Meir lyd finn du
mandag 18. august 2014
Bær
På tur i skog og mark desse
augustdagane
er det gode sjangsar for å
finne bær.
Blant desse er to sortar som har fått meg til å
reflektere litt over kor like,
eller ulike dei er.
Skrubbebæra og tytebæra lyser raudt
frå same tuene,
hand i hand.
Kva tenkje skrubbebæra når me let
den stå att og plukkar berre tytebæra.
" eg er like fin som tytebæra, ser du ikkje det ?
er tytebæra betre på smak seier du,
så skarp og beisk som den er.
Eg er mildare i smaken, kvifor vil
ingen ha meg ?
Smaklaus seier du ?
Ikkje så god til å ha på kjøtretten ?
Har du prøvt å blande meg med sukker ? "
syn.: Cornus suecica)
Ser du kor like dei er ?
Det kunne vere artig å høyre
om nokon plukkar og brukar skrubbæra.
Mannen min og eg plukka vel 2 kg
tytebær langs ei elv ved hytta.
Eg røre dei med sukker og har i frysaren.
Tek dei fram til matrettar med brun saus.
Anne-Mari
lørdag 16. august 2014
torsdag 14. august 2014
I like - Tytebær
Det er kjekt å finne tytebær når ein går
tur i skog og mark.
I dag hadde eg gløymt å ha med noko å
plukke i,
Då var gode råd dyre,
eg ofra vassflaska.
Ein halv liter i dag, og kanskje
meir i morgå....
- mange bekker små gjer ei stor å -
mandag 11. august 2014
Eldorado i ny drakt
Eg oppdaga at Eldorado kino i Oslo er vekk.
Og noko svært spennande er kome inn i lokala
i staden.
Ein innhaldsrik bokhandel !
Plakaten utfor døra vekte interesse:
" Vi gir deg hverken brunfarge eller sand mellom tærne.
Men de beste sommeropplevelsene finner du
hos ELDORADO BOKHANDEL. "
" Vi gir deg hverken brunfarge eller sand mellom tærne.
Men de beste sommeropplevelsene finner du
hos ELDORADO BOKHANDEL. "
Bøker i to etasjer.
Kinosalen er full av litteratur
inndelt etter forlag.
Mannen min fann seg godt til rette og kunne ha
sete der i dagevis.
Eg vil absolutt anbefale deg å stikke innom
Eldorado Bokhandel i Torggata i Oslo.
Anne-Mari
mandag 4. august 2014
Orkidèar
er enkle og takksame planter å ha i stova.
Det ser ut som til mindre stell dei får
til vakrare blir dei.....
Slik sto dei då eg kom innom heimen ein liten
tripp før neste tur.
I dei fine sommardagane me har denne sommaren
blir det mindre tid til bloggen.
Eg lovar å bli flinkare til å stikke
innom dykk om eit par veker.
God sommar vidare.
Anne-Mari
lørdag 2. august 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)