tirsdag 31. desember 2013

Vinter

og snø 
er det enkle og kortsiktige 
nyttårs-ynskje til
 barn og vaksne her på
hytta.


Regnet tok all den fine snøen som låg
før jul.
Ski og vinterutstyr står klart og ventar.

Eg vil takke mine bloggvener og alle andre for fin kontakt
gjennom året som no snart er omme.

Og ynskje alle som besøkje bloggen min

Godt nytt år !




Helsing Anne-Mari




mandag 30. desember 2013

Kalkun med tilbehør


Me har ikkje tradisjon med kalkun til middag i jula.
Men i år ville Renathe og Andrè 
lage til etter oppskrift av
Etter fleire timars jobbing 
ved grytene kunne me nyte den
fantastiske middagen.




Årets siste gourmetmåltid.

Ynskjer deg fine stunder 
i resten av året :)

Anne-Mari





torsdag 26. desember 2013

Julefred

Så langt har jula vore fredeleg og god.
Ute har det veksla frå herleg snøføre til
regn og vind.

Innimellom har skyene trekt
seg attende og eit fint lys har dukka opp
på himmelen.

Ein av englane på veggen 
i stova.

Staselege eignalutar(gåver) i
Hammerlunds Tinn passar fint til
det raude.

Litt nissar på
kjøkenbenken.

Små og store kosar seg.
Litt turar i regnklede er friskt, og inne
ventar god mat og kjekke
spel både på bordet og elektronisk.
Akkurat no held 9 åringen og 11 åringen på
å lage Quiz som me andre skal
bryne oss på.

Det ein fint å vere samla,
tre generasjonar.
Dei som ikkje må gå på jobb kan ligge
så lenge dei vil om morgonane,
og nyte fridagane.


God romjul !

Anne-Mari









søndag 22. desember 2013

tirsdag 17. desember 2013

43 år

Eldstesonen vår Andrè 
er 43 år i dag 17. desember.
På den tida han kom til verda var det vanleg å ligge 
i fødeavdelinga lenger enn i dag.
Den nye familien kom heim julaftan kl 16.
Foreldra mine hadde laga til to rom
på loftet sitt til oss.
I ettertid har eg ofte tenkt på kor snille 
dei var som gjorde det.
Dei fire syskena mine 
frå 4 til 20 år budde også heime.
Soveromet til foreldra mine var
vegg i vegg med våre rom
så ro og fred var det nok
ikkje mykje av...
Det høyrer med til historia at då eine systra mi
stifta familie i 1974 budde dei
også i same husværet nokre år.

Ein glad gut i kjøkenet vårt.
Utslagsvasken er retro i dag,
det var berre kaldt vatn i springen.
Grepakomfyren hadde me i mange år.

 Lyslugga og blid med kveldsgrauten.
Det fine skapet/benken i bakgrunnen romma mykje, og
burde i grunnen vere i bruk i dag også.

Andrè har godnattstund i lag
med bestemor og bestefar.
Han har bandasje på handa etter at han
brende seg på kokande vatn som
vart henta i kjøkenet nede...
Han hadde det kjekt dei to og eit halvt åra
her, og når han flytta var det berre
femti meter til det nye huset
me bygde.

Sikring i bil var ikkje så vanleg på 
byrjinga av 1970-talet.
I folkevogna vår var det eit "rom" bak
baksetet. 
Der sto vesleguten oftast.
Eg får låkt i magen når eg tenkjer på det.
Sjølsagt var det ikkje den trafikken det er i dag,
men likevel.
Me fekk tak i eit barnesete med
bøylar som hang over seteryggen,
like gale !!

 Same sommaren me flytta inn i nyehuset
fekk han ein bror, Roger, som du kan 
lese om i innlegga:  Her
og Her

I dag er guten vaksen kar,
gift med Renathe og dei har tre 
flotte døtre.

Gratulere med dagen 
kjære Andrè !

Helsing mor og far



søndag 15. desember 2013

Sterke fargar


I fleire innlegg har eg vist bilde
frå utsikta mi heime.





 Eg kan sitje i sofaen og sjå i desse tre
retningane utan å snu særleg
på hovudet.
Her på våre kantar kan ein vel seie
at veret er varierande,
 difor blir få solnedgangar like.
Eg blir aldri lei av å nyte dei skiftande fargane, og
fotoapparatet er aldri langt unna.

Fototriss del 243: Färgstarkt/färgglatt med tävling 

er tema for sesongavslutninga 

til





fredag 13. desember 2013

Sjokoladereklame og cornflakestoppar

Sist helg på hytta var det
 snowflakes 
som hadde overtaket.
Og snømåking var aktiviteten.


Denne helga er altanen fri for snø 
og det vert laga kaker av 
cornflakes
til jul.

I den gamle reklamen 
fekk ein sjokolade i koppen til 
ein overkomeleg pris !

Eg vart kjempeglad for reklamebildet som eg fekk 
i bursdagsgåve frå dei i
Gamlehuset

Oppskrift på Cornflakes-toppar:
100 gr smør
200 gr kokesjokolade
4 ss sirup
7-8 dl cornflakes
Rør godt til sjokoladen smeltar.
Ta gryta av ovnen
Tilsett cornflakes og fyll i muffinsformer.
Stå kaldt.

Desse høyrer nok ikkje til i den tradisjonelle julebaksten,
men barnebarna likar dei,
og då lagar sjølvsagt farmor slike ♥

God adventshelg til deg !

Anne-Mari





torsdag 12. desember 2013

Blomster - eit naturens under



Ta deg ein pause i førjulsstria og
nyt desse naturens under. 
Sjå videoen:

Dance Of The Flowers -  the miracle of nature

EACH FLOWER IS FILMED FOR TWO DAYS
AND THE PHOTOS ARE COLLATED WITHIN 
7 MINUTES TO GET THIS EFFECT. 
(Video is about 2-1/2 minutes long. Enjoy the
Dance of the Flowers as they Bloom)

Klikk

Etterpå kan du fortsette med det du
hadde tenkt å gjere ;)

God torsdagskveld frå
Anne-Mari





Lite dagslys


Vinterbilde frå Harpefossen sist søndag.
Ein av desse dagane i desember,
då det aldri blir heilt lyst.
Dag og natt er nesten like lange.
Den 21 desember kl. 17.11 
"snur sola" og det går mot lysare tider.

Ynskjer deg fine adventsdagar.





tirsdag 10. desember 2013

Snøflekkar på sprossene


På hytta sist helg tok me fram
litt av julepynten.


Det er sikkert tretti år sidan me fekk
dette koselege opphenget
frå gode vener i Førde.
Det høyrer med i vår julepynting
enten me feirar jul på hytta
eller heime.
Det ser ut som dei små nissane studerer
 snøflekkane på sprossene
i vindauget.

Difor vel eg  å linke innlegget til 
 TirsdagsTema i dag som er
fläck 
Sjå fleire flekkar

Ynskjer deg ein fin tysdag !

Anne-Mari

lørdag 7. desember 2013

Snø ved hytta


Kom til hytta i dag for å gjere klart til
julefeiring.
50-60 cm snø og -4 grader.




Langrennsløypene er preparerte og klare for
skiturar.

Nyt helga !

Anne-Mari


Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 4. desember 2013

Kolossalt







I Fløstranda kan det ofte vere
kolossale - kjempestore 
bølgje.

Ikkje av dei største denne dagen,
men spennande å sjå
sjøen og havet sine
 krefter.

God onsdagskveld !

Anne-Mari




tirsdag 3. desember 2013

Glimt frå åremålsfeiringa


Hjarteleg takk for alle gratulasjonane 
i siste innlegg !

Det vart ein fin ettermiddag
med mange av familien samla.
Først brennsnut som dei 
fleste likar.
Deretter kaffi med kaker og
desserter som er vanleg
her på Sunnmøre.


På borda var organza i metervis kjøpt på
Grønland i Oslo.
Lilla med kvitt pynt.

Mykje godt frå gode hjelparar på kaffibordet !

Mange flotte gåver !!

Barnebarna kom med eit herleg kort ♥
Skrivebordstol frå mannen min i svart, klart
for meir blogging ...

Mange fine talar og gode ord gjorde meg rørt
og heilt overvelda !

Eg er takksam for å ha stor familie 
med god dugnadsånd.
I tillegg hadde eg hjelp av 
ei god veninne.

Anne-Mari



lørdag 30. november 2013

Åremålsdag igjen



" Alder er som å bestige et fjell.
Man blir nok litt andpusten, men får en mye
bedre utsikt."
-Ingrid Bergman-


"Le ikke av alderdommen - be om at du selv vil nå den."
(kinesisk ordtak ) 

Første søndag i advent feirar 
eg halvrund dag i lag med næraste familie
i tillegg til sysken med sine familier.
Det blir eit familietreff.
Eg går til ro i vissheit om
at borda er pynta, og
det skal bli nok mat
til alle dei femtito små og store som har 
takka ja til å kome.

God adventshelg !

Anne-Mari


 

fredag 29. november 2013

Livet

Når dagane kjennest hektiske 
og pliktene tyngjer
er det fint å minne kvarandre om 
at:

Skiltet heng på ei dør inn til ein
kafè i Ålesund Storsenter.

Det er eit av fleire skilt med
meiningsfylte ord 
frå svigerdottera vår i
Gamlehuset


Eg ynskjer alle ein fin og
meiningsfylt dag !

Anne-Mari





onsdag 27. november 2013

Adventskalender

På inngangsdøra til
 ein butikk i Ålesund Storsenter,
LIVE IN,
fekk eg auge på denne
fine

 Maileg adventskalender.

Eg kjøpte den ikkje, men 
jammen er den flott !

God onsdag til deg der ute !
Her er regn og ca.10 grader.

Anne-Mari

søndag 24. november 2013

Minne

er Helena si utfordring i Fototriss
denne veka.

Eg vil dele bilde frå tida då
 gutane var små.
på 1970-80 talet.

Kvile med mat og drikke i
enden av Løsetvatnet.
Roger, Andrè og pappa Ottar.

På hytta til foreldra mine.
Andrè og Roger på kvar si side av bordet.
Brørne mine Lars og Jon-Ove på kvar sin ende.
Foreldra mine Marie og Karl på kvar sitt hjørne.
Bloggedama i midten.


Andrè og Roger sagar ved  bak
vedahuset på Løset.

Gode minne.


Du kan sjå minna til andre
HER 



 

fredag 22. november 2013

Systre på kino


 Perly inviterte
storesystrene på kino
sist søndag.


hadde Noregspremière den helga

Omtale i Vikebladet-Vestposten:
" Philomena er eit britisk drama,
basert på sanne hendingar, som med varme og humor
  skildrar kostnadane av eit ukjent, 
stygt kapittel i irsk historie. 
Vi møter Philomena (Judi Dench),
som vart fråteken sonen ho fødde i eit
kloster på 1950-talet.
Journalisten Martin Sixsmith (Steve Coogan)
ønskjer å fortelje Philomena si historie,
og saman forsøker dei å finne
sonen som no er i 50-åra.
"Philomena" balanserer mellom 
humor og patos, religion og ateisme,
hemn og tilgjeving.
Regissør Stephen Frears knuser hjartet ditt,
og reparerer det att."

Eg anbefaler filmen på det varmaste !

Etter filmen hadde me ei koseleg stund i
restauranten med kake og kaffi.
Ein triveleg søndagskveld i lag.
Dette må me gjere oftare Perly og Vigdis !

Her er systrene på tur til Oslo i fjor


Klem frå Anne-Mari (storesyste)


torsdag 21. november 2013

Gamle bokser

er ei studie verdt.

Italiensk pasta. 
Bilde på boksa av fleire
pastafasongar.

 Sukker i pudderform ?
Melis ?

Parmesanost,
av den eksklusive typen ?
 
Svigerinne Sølvi sine bokser er av 
ukjent alder.
Men flotte er dei !


Anne-Mari 




tirsdag 19. november 2013

Landskap i november




" Hva kan du eie,
når selve livet er et lån ?"

Arnulf Øverland


Ynskjer deg framleis fine novemberdagar.

Anne-Mari

søndag 17. november 2013

Sirklar

er tema i Fototriss denne veka.

I fotoklubben
får me prøve
forskjellige eksperiment på 
medlemskveldane.
Eg er absolutt AMATØR, men
det er kjekt å prøve.




Bilda syner vassdropar som møter det farga vatnet
og lagar sirklar 
"som ringer i vann".

Det var spennande å vere med på,
men av snart hundre bilde var det
få som kunne brukast...


Sjå fleire triss hos Helena