Eg vil fortelje om dagen i går.
Den starta med besøk hos svigermor som ligg på
sjukehuset i Volda.
Etterpå fann me på at det var lenge sidan
me hadde vore til Sæbø i Hjørundfjorden.
I det fine veret var det ein fin biltur som vart belønna med
nydeleg kake og kaffi her på
kafeen/bakeriet.
Frå Sæbø går det ferje til Leknes på andre
sida av Hjørundfjorden.
Midt i bildet ser me den populære fjelltinden Slogen.
Men me skulle ikkje over fjorden
denne dagen.
På veg tilbake fekk me lyst til å køyre
fjellvegen til Rognestøylen.
Det angra me ikkje på.
Det vart ein flott tur, men me var ikkje
utstyrt med sko til å gå på tur i skog og mark,
så det hindra oss litt.
Me betalte 15 kr i bompengar og køyrde nokre kilometer
inn gjennom dalen.
Først passerte me Risesetra med fine fjellformasjonar i bakgrunnen.
Bomvegen endar på Rognestøylen.
Her ligg sela inn i bakken, sannsynlegvis for å
verne mot snøfonnene frå dei høge fjella bak.
Idyllisk.
På turen frå sætra oppdaga me at det var masse modne
tyttebær langs vegen.
Me stoppa og plukka først for å ete,
men såg at her var det mykje å hente.
På dette området var me heller ikkje førebudde,
men me hadde nokre tomflasker i bilen.
Då dei var fulle var det berre å slutte...
Me vart einige om at heretter må det ligge både
sko og posar/spann i bilen så det er klart når me treng det...
Det vart 750 gr ferdig reinska tyttebær.
Rørt tyttebærsyltetøy er nydeleg både på
brødskiva og som tilbehør
til middag.
Me hadde ein strålande dag og
klar for regnet som skal kome.