Viser innlegg med etiketten Spor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spor. Vis alle innlegg

mandag 24. juni 2019

Gammal bru


Ordet Gammal
er utfordringa hos Sanna denne veke.

 Sommarstida køyre me av og til 
ein gammal verna postveg frå Bjørkedalen 
til Harpefossen der me har hytte.



Langedalsbroe 
 den gamle brua over elva
er truleg frå 1819.


Frå aust ser brua slik ut.


Her er brua sett frå andre sida.

 Det ligg mykje kløkt og hardt arbeid i å bygge
ei slik bru.
I gamle dagar hadde dei ikkje mykje anna å hjelpe seg med
enn rå handkraft.










lørdag 7. juli 2018

Unngå skade

Fjellturen denne veka gjekk til 
Hovdenakken, eit fjell på grensa mellom
Ulstein og Hareid kommunar.
Ottar vaks oppi Kaldholen, midt i bildet
 av Hareid.


         Andre vegen ser ein
 Ulsteinvik og øyane utanfor.
Me bur i ei vik i venstre side av sjøen.

Den store merkestanga på toppen av fjellet
har falt ned.
Det er skummelt med slike restar av jern
i naturen.
Er ein skikkeleg uheldig kan ein 
skade seg stygt.

Heldigvis har nokon spraya festa til bardunane som
står att i berget.
Lett å sjå og ein kan unngå å snuble.

Flott og omtenksomt gjort av einkvan !





torsdag 10. november 2016

Slipesteinen


Då eg var lita jente var ei av pliktene å
drage slipesteinen så bestefar
fekk slipe ljåen.
På det vesle småbruket var det
korkje hest eller traktor,
det vart nytta
handemakt til alt arbeidet
sommarstida.
I dag er min barndoms slipestein borte,
men på fjellgarden der mannen
min er fødd har onkelen hans
tatt vare på slipesteinen dei hadde der.


Det var ikkje lett å drage
 med jamn fart slik at ljåen
 vart kvass nok.

Lysta var ikkje alltid like stor,
men eg minnest det i dag
med glede.

Eg deler diktet til Jakob Sande:

SLIPESTEINEN
Mot sør i sola ved eldhusveggen,
der var vel heitt, san, ein sommarsdag,
og reint ein triveleg stad for kleggen, 
og fly og fluger av alle slag.
-
Og midt i surrande flugeflokkar
stod slipesteinen vår, traust og stor,
der rei han stødt på to digre stokkar,
og aksen gjekk i ein fleskesvor.
-
Her var det fyrst eg i verda kjende
kva livsens alvor i røynda er,
når sola steikte so ryggen brende,
og kleggen beit både her og der.
-
Ein framand vilje ved steinene rådde
som nådelaust meg i lekkjer la,
og heilt frå sveiva så vidt eg nådde
eg seint og tidleg laut steinen dra.
-
Her laut eg stå som ein ussel slave
med drengen over til oppsynsmann,
og ryggen krøkt som ein saueklave
og dra for matbiten alt eg vann.
-
På kant med livet på hevn eg grunda
og ynskte steinen for godt stod still,
og eingong kom ho, den store stunda,
og det, må vite, gjekk soleis til:
-
Ein diger klegg seg på steinen sette,
- han var vel mett, so han trengde fred.
Han sat so hoggande godt til rette
med sjølve storslegga like ved.
-
Og før eg sansa meg rett, eg treiv ho,
treiv sjølve storslegga, tung og stor,
og kvinande gjenom lufta dreiv ho
så steinen klovna, – men kleggen for.
-
Eg fekk nok lide for den umaken,
for sjølv om steinen gav legero,
eg vart så merkeleg sår i baken
at eg laut stå liksom steinen sto.
-
Ei vekes tid laut eg gå og vente,
så kom dei heim med ein spilder ny,
men det vart tap opp og tap i mente,
for han dei kom med var tung som bly.

Jakob Sande



lørdag 11. juni 2016

Kåpa mi


har fått plass på veggen i 
Sjøhuset til bror min.
Eg var ikkje gamle jenta då eg brukte den.
Kan hugse at eg likte godt kragen 
med deilig speilfløyel på.






mandag 7. desember 2015

Desemberhelg


Me hadde overnattingsbesøk
av jentene frå fredag til laurdag.

Unicef sitt Dominospel er
spennande både for små og store.
Leah Sofie tok ein pause frå strikketøyet og
spela med Ella Victoria og farfar.
Storesyster Celina Marie 
var opptatt med andre ting..

Planane om å vere ute laurdag vart
skrinlagt.
Det hagla og bles og var skikkeleg 
grisever.

Søndag var det bygever
og det gjekk an å gå ein tur.
Elvane var store, men me er heldige her
på våre kantar i motsetning til
andre stadar i landet der
flaumen har herja.

Nyper pynta mosedekte greiner.

Nostalgi på fjellgarden.

Helga vart avslutta med god middag
hos Andrè, Renathe og jentene.






torsdag 29. oktober 2015

Gamle gjenstandar


I gangen under trappa har eg samla nokre
gamle arva gjenstandar.
Bordet og benken har far min laga
etter modell av eit
bakstebord,
bord der fleire kvinner sat i lag og baka 
lefser eller flatbrød.
Han har òg laga grautspannet av eine
som står til venstre.
Bak står ein skyrdonk frå 1800 talet,
( eit kjørel brukt til sur mjølk)
I midten står eit brødtrau frå 1800 talet.

Det vakre gamle vaskestellet
 manglar dessverre vassmugga.

Eg set stor pris på desse skattane 
frå ei anna tid.




fredag 28. august 2015

Tippasetra


Når eg er på hytta blir det ofte
ei runde rundt
Tippasetra.
Ein fin tur i idylliske
omgivnadar



Harpefossen hyttegrend og skisenter
ligg eit steinkast unna, på
andre sida av dalen.













søndag 6. juli 2014

" Kongens Ring "


Fototriss del 267: Så här ser det ut där jag är


Det eg brukte nokre timar på i dag var å sjå/høyre

Herøyspelet " Kongens Ring " 2014
som gjekk av stabelen denne helga 
i friluftscena på
Herøy Gard.
Bussar frakta oss til stemnestaden,
 og det første som møtte oss var
desse flotte vikingskipa.


I hovudhuset på Herøy gard frå 1752,
 kunne ein få kjøpe rjømegraut,
vafler og mykje anna.
Du kan lese om kulturstaden Herøy gard
her

200 aktørar på ei heilt unik utescene omkransa av
vakker natur og storhavet som næraste nabo viste oss 
spelet der historia og fantasien går hand i hand.
Det handlar om konfrontasjonar mellom
sterke individ for 1000 år sidan.
Kong Olav Haraldson og sterke grupper i
samfunnet.
Etablerte skodespelarar som
Nils Ole Oftebro, Anette Hoff, Agnes Kittelsen og
fleire tok del i lag med amatørar frå lokalsamfunnet,
 som blant anna mi tidlegare kollega
Olgunn Torvanger.
Ho spelte rolla godt i rolla som mor til Agnes Kittelsen 
og kone til Oftebro...
Stolt av deg Olgunn !
" Kongens ring " er eit spel som ein kan sjå
år etter år.


Samling av fototrissar i finn du
her


søndag 23. februar 2014

Spor


 Fototriss - tre bilder på ett tema er
 " Spår "denne gongen

For meg kan spor vere så mangt,

eit falleferdig hus som sannsynlegvis
ber på mange minner,

ein gamal lås som er tatt vare på
sjølv om ein ny er sikrare,

menneskeskapte spor som har
landa i fjøra.


Sjå fleire spor




søndag 19. januar 2014

Nærbilde



NÄRGÅNGET

er tema i Fototriss #244

Slik vel eg å tolke temaet:

nærområde mitt
 er det dette eit syn som møter oss.

Skrot i alle fasongar ligg dumpa i sjøen,
noko er skjult ved flo sjø,
anna ikkje (som dette).

Forfall. 
Me fryktar at ved neste orkan
kan deler frå sjøbuda kome fykande inn
gjennom vindauga i husa våre...


Men dersom eg legg godviljen til
kan eg faktisk sjå at på bilde kan den
 forfalne bygninga sjå litt sjarmerande ut.....
(men berre litt..)


Sjå samlinga av Fototriss

HER




onsdag 23. oktober 2013

Omringa

Onsdagstema  er
kringgärdat

Eg tolkar det som
omringa.

Eit stykke av Lærdalselva
er omringa av eit kunstverk.
Framleis står nokre av dei gamle bruene att.
Dei var bygde av handverkarar
som kunne sitt fag !

Sjå fleire bilde i


I dag skin sola,
haustfargane slår mot meg når
eg går ute.
Regnet som var meldt gjorde frå
seg i natt :)

Ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari


lørdag 19. oktober 2013

Ferdamat



På tur til Austlandet tok me
ei ferje i Fjord1 selskapet.
Synet av det talande skiltet på veggen


var koseleg å ta med vidare på turen.



Svelene er nok det mest tradisjonsrike å ete når
ein fyl ferje over fjorden her på Vestlandet.
Me kom rett frå frukostbordet og kjøpte ingenting.
I bilen hadde me til og med kaffi på termos og
litt å bite i til turen..

Synet av skiltet ga meg tankar om at omgrepet ferdamat kan innehalde
så mangt.
Det minner oss om eventyra der
Espen Askeladd har ferdamat i sekken på
turane sine...




(Bildet er lånt frå Wikipedia)

Det kan vere opplevingane ein
får ved å køyre gjennom fin natur.



Som her ved eit lite stryk i Lærdalselva,


Å få auge på ei nydeleg gamal bru over elva
med vatn som skin som gull frå solskinnet i den gule haustskogen.



Få sjå på nært hald
Borgund stavkyrkje som truleg vart bygt før 1200 talet.

Og den vakre naturen i Hallingdal.




Opplevingane ein har på tur er også
Ferdamat,
mat for sinn og sjel.

God helg !

Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 1. juli 2013

Glimt frå biltur i Nordfjord

I helga hadde me besøk frå Oslo.
Me tok dei med på ein biltur med same rute som 
me sjølve køyrde i fjor til
Vågsøy kommune.
 Kannesteinen.
 Denne dagen var det mykje sjø rundt den
og ikkje lett å kome nær.

På veg til Kråkenes fyr er
vindmøllene majestetiske å sjå til.

Ved den bratte vegen opp til fyret er dette
rusta rekkverket einaste vern mot 
avgrunnen..
Lengst i det fjerne ser me Vestkapp
på Stadtlandet.
Atlanterhavet rett inn på.

Me var også til Refviksanden, men eg tok
ikkje bilde.
I fjor skreiv eg innlegg om den
HER 

Gjestane var overvelda over den
fine naturen.

Eg ynskjer deg ein fin juli
☼ 

Anne-Mari

 
 

fredag 12. april 2013

Telehiv


er òg eit 
vårteikn.

Me veit at det går mot varmare tider når
grusvegane ser slik ut.
På turen i går var det mjukt å gå,
fint solskin, få bilar,
avslappande !


Med desse blomane ynskjer eg deg
 ei fin helg !


Fordi du fortena det ♥

Helsing Anne-Mari