onsdag 28. desember 2011

Veret i jula

Godt å ha straumen tilbake, sjøl om den framleis tek seg
nokre pausar.
Internett vart tilgjengeleg idag onsdag.
Mobilnettet let vente på seg.

Eigentleg kjenner eg at det har vore gode avslappande
dagar.

På biltur til Nordfjordeid var undringa stor over dei
store øydeleggingane.
Kreftene som orkanen Dagmar har
rasa rundt med er enorme.
Dette året har det vore ekstreme vertilhøve fleire stadar i
landet.
Ein kan spørje seg om det verkeleg er levesettet og levestandarden
vår som fører til endringar i veret ??

Julefeiring på hytta inneber også turar på ski

Dette bildet la skisentret ut 22. des

I ettertid er eg glad for at små og store var på tur 1. juledag.
Halvparten i slalåmbakken og resten i skiløypene.
Det pøsregna, men var friskt !
Med godt og varmt vaskerom til kletørk var det ikkje problem.

Men... dette var nokre timar før uveret  ramla over oss....

Fann eit bilde på nettet over sjøen som velta innover sentrum i
Nordfjordeid. 
Dagen etter kunne me sjå fleire småbåtar langt opp i
sentrumsgatene.
Ein fin allè av eit titals bjørker hadde stått han av,
men det er tang/tare rundt kvar stamme :)


Lys i stakar og skåler pluss fyr i ovnen har gjort dagane
koselege.
Ei lyslenkje med batteri i gangen har gitt lys natt og dag.
Me har det godt !!

Eg ynskjer gode romjulsdagar til alle !
Og takk for at du er innom på besøk !

God juleklem frå Anne-Mari



mandag 19. desember 2011

Pottost

Husgeråd som godt kan brukast
idag òg


Den gamle spanna vekkjer mange minner, særleg hugsar eg
ei episode, eg kunne vel vere 8-10 år.
Eg skulle sykle til nabogarden og kjøpe mjølk i denne
spanna, kanskje råmjølk, første mjølka som kjem etter
at kyra har fått kalv.
Iallfall, på sykkelturen heim  var eg uheldig og fekk
kneet under spanna og vips låg både spanna og eg på vegen.
Eg var ikkje høg i hatten då eg kom gråtande heim til mamma.
Hugsar godt at ho trøysta istadenfor å bli sint
Det vart ikkje råmjølkspudding (pottost) den dagen, men det kom gode
tider etter dette.

I morgå skal eg levere PC en til reparasjon så eg blir
nok borte nokre dagar.

Ynskjer alle God jul !

Klem frå Anne-Mari

søndag 18. desember 2011

Ginseng


Istaden for grankvister valde eg denne
planta,
Ficus ginseng.
Syns den er artig og dekorativ.
Og kanskje vil ginsengen auke hukommelsen
og gi livsenergi :))

Ha ein fin søndagskveld !

Vonar handballjentene tek gull i Brasil !!!

Klem frå Anne-Mari

lørdag 17. desember 2011

Skitnesøndag

I morgå er det skitnesøndag !
Frå gamalt var det mange ting ein ikkje
gjorde søndagane, men siste søndag før jul fekk ein lov
til å vaske både klede og hus.
I dagens forkava kvardag er det nok mange som ikkje gjer
så stor forskjel på dagane for å få ting gjort i heimen.

Mange har smalahåve og potetball til middag skitnesøndag.
Eg vil legge i vatn pinnekjøt ikveld og
ha til potetball i morgå

Her på hytta er vaskinga unnagjort,
det gamle sølvet pussa







Syns det er fint med kvitt, men kanskje kjem det eit
lite innslag av raudt i jula? 

Snøen lavar ned og julestemninga er stigande :)

Tusen takk for alle gode kommentarane !

Eg ynskjer alle ein god skitnesøndag i morgå !

God klem frå Anne-Mari

onsdag 14. desember 2011

Natur

Eg sa i eit innlegg før at naturen
er herleg..

Sjå på denne flotte bjørkegreina,
den har pynta seg til vinteren.
Menneskehender kan ikkje gjere det betre.
Nesten synd å bryte av ei grein...
Ha ein fin onsdagskveld !
Klem Anne-Mari

søndag 11. desember 2011

Julehytta

Tida er koma for å lage julestemning.
Det blir hyttejul i år, og kva er då meir
naturleg enn å ta fram den vesle julehytta.



Flott handarbeid

Her må alt på plass ;)

Lure på ka eg skal finne på no....

Heile "familien" samla rundt julehytta :)

Små og store ser fram til julefeiringa

Ynskjer alle ein fin søndagskveld !

Klem frå Anne-Mari

onsdag 7. desember 2011

Tradisjon

Lammerullen er ein av dei viktigaste
juletradisjonane for meg.

Det luktar jul i huset idag etter kokinga.
.

Sjøl om eg gjer det på same måten kvart år
er det like spennende om den smaker like godt.


Kvar har sin måte å lage den til på. Min ligg i
lettsaltlake først, så speka litt før den vert kokt.


Jammen vart den like god i år òg :)

Mmm... beste julepålegget !!

Og ute er det vinter.

Berre å gle seg til god mat og julestemning !


Takk for gode kommentarar, det er så kjekt !

Klem frå Anne-Mari


søndag 4. desember 2011

Snø til glede.

Var på hytta i helga.
Snøen lava ned.
Borna kosa seg ute på akebrett og kjelke.
Kasta litt snøball
mot ruta der farmor
hengde opp adventsstjerna.
Då mørket kom var der fine
snøfigurar i vindauget.
Naturen er herleg 
ps. diverre dårleg bildekvalitet :(  

Ynskjer alle ei god veke !
Takk for fine kommentarar, og til
alle som er innom på besøk :)

Klem frå Anne-Mari


fredag 2. desember 2011

Bursdag

Heldig den som har bursdag.
I går var det min tur.
Mest av alt gledde borneborna
12, 11, 9, 7 og 4 år gamle.
Kvar har sin unike personlegdom,
og er verdens beste
Celina Marie hadde skreve dette

Syster mi har strikka nydeleg sjal.
Gler meg til å lese Barnepiken.
Heimelaga rabarbralikør og vin varmar innsida,-
bodylotion og Devold-ull utsida.
Gåvekortet skal eg kjøpe noko fint for.
Kjekt å få nydelege roser frå gode vener.
I tillegg mange gode telefonsamtalar,
fine sms ar, over hundre helsingar på facebook..
Er det rart eg er glad ?

Det fins ikkje bilder av den gode maten
jubilanten serverte ...
Men dei skrepte av biffgryta m/tilbehør, Dajmiskaka,
Sviskekaka(lavkarbo), rosa iskake (bornas favoritt),Yoghurtfromasjen,
lefsene, cornflakestoppane....

God klem frå ei takknemleg
Anne-Mari