Viser innlegg med etiketten Ver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ver. Vis alle innlegg

tirsdag 15. januar 2019

Grå stær


Det første auget eg fekk operert for
Grå Stær 


I går var eg igjen hos Medi 3
i Ålesund og fekk operert venstre auge.

På radioen høyrde me om stormen som
førte til at fly, ferjer og hurtigbåtar 
var innstilte.
Det var spennande om eg kom
meg fram til behandling.

Men det gjekk fint over fjorden med den
moderne og gode hurtigbåten Godøy.

I dag var eg tilbake til Medi 3 og kontroll.
Alt ser bra ut, no er det berre å fylgje oppskrifta første veka,
Ta det med ro, ikkje bøye meg, ikkje løfte tungt, 
ikkje dusje/vaske hår
 Eg må finne fram den gammeldagse vaskekluten...
Dryppe auget 3 gongar pr. dag i 3 veker.
Etter 6 veker gå til optiker og få tilpassa nye briller.

Eg gle meg til å få lese både smått og stort :)

----

Heime i stova kan eg gle meg over
den fine Azaleaen eg fekk i bursdagsgåve
1. desember.






søndag 12. august 2018

Uvanleg fenomen


Onsdagkveld
var det eit forrykande regnver.
Ein kunne tru at himlens sluser var vidåpne.
Brått pressa sola seg gjennom skylaget og 
såg ut som ein storbrann.


Det varte ikkje lenge så eg er glad eg sprang
til verandadøra og knipsa.
Augneblinken etter var det over.







torsdag 5. januar 2017

Det nye året 2017


Då er nyeåret i gong,
idèane til blogginnlegg står 
ikkje akkurat i kø,
men forhåpentlegvis vil eg kome på glid etterkvart.
I dag satsar eg på blomster og vêret.
Siste veka har det vore både
regn, storm, mange varmegrader,
og snø.
I dag er det kuldegrader.
Med andre ord, det er ikkje kjedeleg.

Utfor døra står denne
Julerose - Helleborus 

Litt sliten av vêret,
men den "står an av"...

Hortensiaen står i ei lita krukke ute framleis.
Slike planter er fine 
i alle stadier.

Slik er det med mennesket også,
alle aldrar har sin sjarm :)












mandag 19. desember 2016

Juleklokkestrengen


 Mor mi broderte klokkestrengen for
 mange år sidan.



Julebodskapen

Julerose med grønt

Juleklokkestrengen kan gi kjensle av jul innandørs
for utandørs får ein det slett ikkje..
I dag 19 desember gjekk eg førmiddagsturen min i
 14 grader.
Det var nesten så eg kasta jakka.






lørdag 10. desember 2016

Førjulstid

På turen til hytta såg me mange
fine motiv skapt av 
skodda.

Langs med Austefjorden



Holmøyane i Hornindalsvatnet


På hytta pynta me litt

og laga
Sara Bernhardt 
i langpanne


Veret er ikkje slik me forventa
i desember, skodda ligg i fjella, 
temperaturen 6 varmegrader
og det er vått rundt hytta.
Same helga i fjor gjekk me på ski. då var det
var mykje snø på Harpefossen
Men mangt kan endre seg dei neste to vekene
til jul.

Eg ynskjer god førjulstid til alle !






fredag 25. desember 2015

1. juledag


På våre kantar, kanskje elles i landet også, er det
vanleg å helse med God Jul
når ein møter kvarandre første juledag.
I min barndom fekk me ikkje lov til å
fare ut den dagen.
Me skulle vere heime i lag med familien vår.
Reglane løyste seg litt etterkvart og me kunne fare
på besøk til tanter og onklar.
Det er kanskje slik hos mange no til dags også ?
I år som siste fem åra feirar me jul på hytta.
Eldstesonen og familien er i lag med oss.
Me kosar oss mesteparten av tida inne i styggeveret



Men frisk tur i regn og hagl i gjorde godt.
No er me klare for leik og spel i lag, små og store.
Og ikkje minst god mat....

Takk for alle fine julehelsingar.
Vona dykk alle får fine dagar med senka puls og skuldre.




Posted using BlogPress from my iPad

mandag 7. desember 2015

Desemberhelg


Me hadde overnattingsbesøk
av jentene frå fredag til laurdag.

Unicef sitt Dominospel er
spennande både for små og store.
Leah Sofie tok ein pause frå strikketøyet og
spela med Ella Victoria og farfar.
Storesyster Celina Marie 
var opptatt med andre ting..

Planane om å vere ute laurdag vart
skrinlagt.
Det hagla og bles og var skikkeleg 
grisever.

Søndag var det bygever
og det gjekk an å gå ein tur.
Elvane var store, men me er heldige her
på våre kantar i motsetning til
andre stadar i landet der
flaumen har herja.

Nyper pynta mosedekte greiner.

Nostalgi på fjellgarden.

Helga vart avslutta med god middag
hos Andrè, Renathe og jentene.






lørdag 10. januar 2015

Helg på hytta

Vermeldaren varsla ekstremver i store
delar av landet til helga.
Heime rydda me inn alt som kunne fyke
i vinden og reiste til
hytta.
I går, fredag gjekk me på ski i
strålande ver.

Skikkeleg vinterlandskap på
Harpefossen

Laurdag vakna me til tett snøkave og litt vind.
Midt på dag vart me einige om at skulle
me gå på ski så måtte det skje
før stormen.

Friskt ver,



men tungt og dårleg skiføre.



Det vart ein skikkeleg trimtur som
gjorde godt for både 
kropp og sjel.



Etterpå hadde me god middag.
Confit de Canard med fløytegratinerte poteter
og brokkoli.
God raudvin smakte til maten.

Link til
Helgegleder
Helgbilder

Til slutt må eg fortelje at i 
skrivande stund kl. 19.30
er det ingen teikn til ekstremver her på hytta.
Og eg har fretta at det kom ikkje heime
i Ulsteinvik heller.
Heldigvis !

God helg frå Anne-Mari


søndag 5. januar 2014

5. januar

I dei "lune" dagane me har no
i starten av januar er det
faktisk mykje fint
å sjå utfor dørene.

Klatrehortensiaen trur våren er komen
og har alt sett skot til nye blad.

Djupene som eg skulle lage syltetøy av
sist haust heng framleis på klungergreinene.
Her òg er det skot til nye blad.

Utfor inngangsdøra er
haustlyngen vakker.
 Eigentleg utruleg
etter alle stormane frå nordvest 
som tek godt her hos oss.

Eg ynskjer deg ei fin ny veke
av det nye året !

Anne-Mari




søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

Nesten vår i lufta i dag,
8 plussgrader !
Det er vel det som er sjarmen med å bu på 
Sunnmøre
Her er ikkje kjedeleg med berre ein sort ver i lange tider ;)
Inne er det koseleg når mørkeret 
legg seg over landskapet ute

 Tre lys er tende i 
 adventsstaken
( ja, eg har to )

Ved inngongsdøra kan eg  trygt "tenne lys"
Batterilys er geniale i så måte

 Lerkegreina har fått plass i trappa,
med fine hekla koppeunderlag eg fekk av 
ei tante for mange år sidan

Eg ynskjer god ny veke til deg der ute !

Klem frå Anne-Mari

onsdag 5. desember 2012

Akkurat no

Her hos oss
akkurat no 
er det 10 miusgrader.
Det høyrest ikkje mykje ut,
men det bles kraftig
så eg kjenner
at det er beinkaldt !

 Ute ser det slik ut.
Fint, men det
freistar ikkje å gå ut.
Eg skal bruke kvelden til å hekle
 snøstjerner som
har oppskrift på i bloggen sin.


Minner med det same om 
Gi bort hos meg som eg trekker
9. desember kl 21.00
Du kan vere med ved å trykke 
HER 

Vonar du har det varmt og koseleg
innandørs i kveld :)

Klem frå Anne-Mari


tirsdag 20. november 2012

" Elerov "

Det har vore mykje regn og vind i det siste.
Timar utan opphald, men òg  
 elingar
Ein eling kan vere ei regnbyge,
snø- eller haglbyge.
(ein kan òg kjenne elingar i kroppen,
av kulde, varme, glede..., men det er 
ei anna sak)
Sist søndag vødde me oss i regnklede 
og tok ein tur
Slik såg det ut.
Men lysning i sikte ga von 

 Dette er nokre få minutt etter...
 " elerov "
gamalt uttrykk for når
det blir "revne" i elingen ei stund.

Himmelen var blåare enn blå ...

 Enda nokre minutt..
Ny eling på veg...
springe til bilen.
 
For ordens skuld, me var på tur omlag ein time ;)

Slik er det ofte på Sunnmøre.
Kan ikkje seie at veret er kjedeleg !

Til slutt vil eg seie at eg set umåteleg pris på 
alle besøka og dei gode kommentarane frå dykk !

Klem frå Anne-Mari

onsdag 24. oktober 2012

Glipe i skydekket

Onsdagstema denne veka er " glipe "


Å gå tur på Flø gir fine naturopplevingar.
Storbåra frå havet som bryt mot fjøresteinane er eit
fantastisk skue både i storm og i stille.
Denne dagen var det gråver og stille,
og med eitt opna det seg ei fin blå
glipe i skydekket.

Fleire bilder med glipe finn du
HER




- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 2. juni 2012

I same stund

På våre kantar av landet er det ikkje uvanleg
å ha fleire slags ver på ein gong.

I ein Vestlandsfjord var det slik i dag.
Her ser du mot vest

Og her snur du deg mot aust
Haglebarelingane nærmar seg

Det er markblomstertid ♥

 Hjerteleg takk for alle fine kommentarane !
Og velkomen til nye fylgjarar !

Klem frå Anne-Mari

tirsdag 7. februar 2012

Bessie 2

Først vil eg takke for gode  kommentarar på
tidlegare innlegg. Kjenner at eg set stoooor pris på det ♥
Dokke er utruleg kjekke !

Idag forsto eg at Bessie
ville vise meg noko

Etter Dagmar si herjing
er mangt i naturen endra

Det hang ikkje ei stor trekrune utfor
berget her...

Oppe på kanten ser me
rotvelta

Eigentleg fint under den store grana.
Som born fekk me fortalt at her sprang
ei kyr utfor berget og slo seg forderva.
Kanskje var det slik terrenget såg ut då ?
Dribba ho på den store steinen fram på kanten ?

Slik ser det ut under ei anna rotvelte

Og denne, kan du forstå at rotsystemet låg utover
 reine berget ?
Utruleg at den ikkje har ramla før.

Leikehytta fekk flekt av takpappen, men den står ☺
Fleire rotvelter rundt henne.

Inntrykket eg sit att med etter turen er
at små trespirar har starta si levetid på karrige underlag,
og det er nesten utruleg at dei har vekse seg store med så
lite plass til røtene sine.

Dette var dagens tur i herleg vårsol.
Både Bessie og eg syns det er kjekt at sola
er koma i Tuå.

Ha ein strålande tysdagettermiddag !

Helsing Anne-Mari

onsdag 28. desember 2011

Veret i jula

Godt å ha straumen tilbake, sjøl om den framleis tek seg
nokre pausar.
Internett vart tilgjengeleg idag onsdag.
Mobilnettet let vente på seg.

Eigentleg kjenner eg at det har vore gode avslappande
dagar.

På biltur til Nordfjordeid var undringa stor over dei
store øydeleggingane.
Kreftene som orkanen Dagmar har
rasa rundt med er enorme.
Dette året har det vore ekstreme vertilhøve fleire stadar i
landet.
Ein kan spørje seg om det verkeleg er levesettet og levestandarden
vår som fører til endringar i veret ??

Julefeiring på hytta inneber også turar på ski

Dette bildet la skisentret ut 22. des

I ettertid er eg glad for at små og store var på tur 1. juledag.
Halvparten i slalåmbakken og resten i skiløypene.
Det pøsregna, men var friskt !
Med godt og varmt vaskerom til kletørk var det ikkje problem.

Men... dette var nokre timar før uveret  ramla over oss....

Fann eit bilde på nettet over sjøen som velta innover sentrum i
Nordfjordeid. 
Dagen etter kunne me sjå fleire småbåtar langt opp i
sentrumsgatene.
Ein fin allè av eit titals bjørker hadde stått han av,
men det er tang/tare rundt kvar stamme :)


Lys i stakar og skåler pluss fyr i ovnen har gjort dagane
koselege.
Ei lyslenkje med batteri i gangen har gitt lys natt og dag.
Me har det godt !!

Eg ynskjer gode romjulsdagar til alle !
Og takk for at du er innom på besøk !

God juleklem frå Anne-Mari