Viser innlegg med etiketten Stoveplanter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stoveplanter. Vis alle innlegg

tirsdag 15. januar 2019

Grå stær


Det første auget eg fekk operert for
Grå Stær 


I går var eg igjen hos Medi 3
i Ålesund og fekk operert venstre auge.

På radioen høyrde me om stormen som
førte til at fly, ferjer og hurtigbåtar 
var innstilte.
Det var spennande om eg kom
meg fram til behandling.

Men det gjekk fint over fjorden med den
moderne og gode hurtigbåten Godøy.

I dag var eg tilbake til Medi 3 og kontroll.
Alt ser bra ut, no er det berre å fylgje oppskrifta første veka,
Ta det med ro, ikkje bøye meg, ikkje løfte tungt, 
ikkje dusje/vaske hår
 Eg må finne fram den gammeldagse vaskekluten...
Dryppe auget 3 gongar pr. dag i 3 veker.
Etter 6 veker gå til optiker og få tilpassa nye briller.

Eg gle meg til å få lese både smått og stort :)

----

Heime i stova kan eg gle meg over
den fine Azaleaen eg fekk i bursdagsgåve
1. desember.






søndag 25. mars 2018

boble


Bubbla
er ordet i utfordringa denne veke.
Det er mange måtar å tolke ordet på,
det vanlegaste er kanskje bobler laga av vatn.
Det kan også vere namnet på 
den første bilen mannen min og eg hadde
på 1970 talet.
Elles tenkje at ei boble 
kan i overført betydning brukast
om f. eks. eit menneske som går i eigne tankar
"går i si eiga boble".

Eg tok ei runde i nærområdet,
i naustet og ved sjøen.

Blåse som blir brukt som
kjennemerke oppå sjøen signaliserer at her er
garn eller teine
 i sjøen.

Garnkuler i glas 
tillaga som pynt er også ei type bobler.

Kuler laga i metall er 
innhole og bobler.


Sjå andre sine innlegg her:
Gemsweeklyphotochallenge v.12 -Bubbla -








lørdag 21. november 2015

Runde former

Eg lika planter som kan blomstre
heilt til snøen kjem.

Peer Gynt

Hugsa ikkje namnet på denne.

Queen Elizabeth


På hytta er det runde former 
både utanfor døra
Sommarblomster i november.


og i stova.

Linkar til:
Blommig Fredag

fredag 8. februar 2013

Hyasint

eller Svibel 
Hyacinthus orientalis
 
Denne sviblen står på hytta,
åleine, heile vekene.
Eg skreiv om den 
13-dag-jul
Sidan har den fått nokre dropar vatn nesten
kvar helg i januar.
Forrige helg viste den framleis si prakt.
Og no med ny høg blomsterstilk,

og i tillegg
ny blomstring rett ut frå løken.

Eg har aldri sett maken.
Det tyder på at sviblar treng lite stell..

Men det er ikkje berre sviblar som 
greier seg sjøl.
Klikk på 
Ginsengplanta 
Hugsar du  ?
Den eg kjøpte til jula 2011 ?
Du ser den på øvste bildet, over eit år gamal...

 Eg vil ynskje dei nye fylgjarane hjarteleg velkomne.
Og takke alle som stikk innom,
og takke for alt det fine dokke skriv :)
Eg blir både rørt og glad.

Vonar alle får ei strålande helg !
Helsing  Anne-Mari



tirsdag 2. oktober 2012

Azalea





Denne azaleaen kjøpte eg i november 2005,
Då hadde den stamme og ein krans av blad og blomster på toppen.


Etter første avblomstringa visna den ikkje slik som andre
azalear hadde gjort så eg
sette den i badekaret på våte aviser når me for
på ferie i tre veker den sommaren.
Vel heimattkoma oppdaga eg at planta var full av knoppar.
Den blomstra heile hausten.


Etter som åra har gått har fasongen og utsjånaden endra seg,
ikkje ulikt andre levande vesen...,
men blomstrar gjer den, mesteparten av året.
Oppskrifta ?
Eg vatnar den grundig i vasken ca ein gong i veka, eller når
den heng og ser visna ut.
Lei av den ?
Ja, men eg har ikkje hjerte til å kaste den.


Grøne fingrar ?
Nei, ikkje vanlegvis, men eg har nokre planter som
har levd lenge.
Viste rosekaktusen min i eit innlegg tidlegare.
Får ikkje til å legge inn link med iPaden, men om du vil kan du
finne innlegget under juni.

ps. Har nokon tips til meg korleis eg kan legge til linkar i innlegg, så tek
eg imot med takk.
Gler meg til eg får att PCen.....


- Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 6. juni 2012

Kaktus


Takksame planter som styrer seg sjøl.



Schlumbergera x buckley
trur eg den heiter, eller Rosekaktus ?







Fekk første avleggar av ei gamal dame eg stellte
for over 30 år sidan !
Plantene står i kjellarstova, får vatn av og til..
ofte er dei så tørre at blada er heilt skrukkete.
Nærmar seg sommar...fullt av knoppar :)
Eg nyt synet !



- Posted using BlogPress from my iPad

tirsdag 14. februar 2012

I glaskarmen

- akkurat no

Kristi tornekrone - Euphorbia milii
Denne har eg hatt i mange mange år, men den veks seint.
Den har store piggar på stamma og små
kvite blomster

(lånt frå nettet)
Blomstrar litt heile året.
Planta mistar ofte blad, muleg at ho ikkje får
det stellet ho ynskjer ??
Ei  tante med grøne fingrar sa at
viss den får for mykje vatn blir den fornærma
og kastar blada !!

 Nyare plante..

Krysantemum er alltid fin !

Hekla lyslykt er koseleg heile året ♥

Viss du ser godt etter ser du at
i bakgrunnen har måsane fest over
restar etter sildefangst.

Tulipanar i vasen eg fekk i bursdagsgåve

 Goebel 
Gustav Klimt, Adele Bloch Bauer
--------
God tysdagskveld !

Klem frå Anne-Mari