lørdag 29. august 2015

Blå hagehortensia


Hydrangea macrophylla

Denne har stått i hagen i
snart 40 år.
Me har vore heldige med 
plassering i jord og fukt som den lika
 så den kjem trufast 
år etter år.
Sist vår skar eg den godt tilbake 
så den er ikkje så 
vid som før.







Eg synest den er vakker med den
nydelege blå fargen.




fredag 28. august 2015

Tippasetra


Når eg er på hytta blir det ofte
ei runde rundt
Tippasetra.
Ein fin tur i idylliske
omgivnadar



Harpefossen hyttegrend og skisenter
ligg eit steinkast unna, på
andre sida av dalen.













torsdag 27. august 2015

Ripsbærgelè

Det er framleis mykje bær
i ripsbærbuskene
så eg sender på nytt
innlegget med 
oppskrift på 
Ripsgelè. 










Dette er årets produksjon. 
Mindre enn før,
men det er fleire glas
igjen frå i fjor.
Ripsgelè er haldbar
i lang tid når den står kjøleg. 






mandag 20. august 2012


Ripsgelè

Det er tid for å prekvere bæra i hagen.
(prekvere = stelle, lage til)

Ripsbær er det mest av.

I år gjorde eg det på gamlemåten.
Gelèn vart for tynn i fjor då eg skulle vere effektiv 
og brukte saftkokaren.

Eg lagar alltid nok til mange glas. 
Kjekt å kunne gi vekk òg.. 
Mi store glede er at borneborna kallar ripsgelèen 
farmorsylte ♥
som dei likar å ha på skiva eller rundstykket  
Tiåringsjenta: 
"Yess, i år er farmorsylta perfekt " ♥

Ripsgelè smakar godt til vafler.
Det var fint ver og kos ute den dagen.
Eg har aldri vore flink med vafler, men no brukar eg 
mormor Inger si oppskrift 
Desse vaflene er nydelege ! 

Ripsgelèen lagar eg etter mor mi si oppskrift,
 1 kg sukker til 1 liter silt ripssaft.
Det er mykje sukker, men til gjengjeld blir gelèen 
vellukka, stiv og fin.





mandag 24. august 2015

Sommar


Endeleg kom sommarvarmen !
Siste dagane har me
vore velsigna med
temperaturar på
over 20 gr

Kjekt for små og store
i fjøra


Slike dagar må ein berre nyte 
utan å heile tida hugse 
å bruke kamera....
(farmor bada sjølvsagt i sjøen...)




lørdag 22. august 2015

Stemorsblomst på vidvanke



Etter mange lukinga mellom fugene
i plattingen klare denne
hardføre blomsten
å presse seg opp.
Og her slåst den om plassen
med ei barnål.





tirsdag 18. august 2015

" skärpedjup"


er
Tirsdagstema
i dag

Bringebær
med fløte er godt !


Plukka 12 kg på ein fruktgard i
nærleiken av hytta.
Laga både rørt og kokt syltetøy.
Resten blir i frysaren til 
dessert.

Fleire bilde her:



mandag 17. august 2015

Trappa



" vi går å sete òss ut-i tròppa, 
no dæ æ so fint vèir
mæ sol å varme !"





lørdag 15. august 2015

Blomster i dag

I hagen er mykje avblomstra,
men nokre roser er enno
ikkje i blomst så det
er håp om fleire
utover seinsommaren.

Den vakre Hanne
har stått i hagen i
20-30 år.
Den har ikkje mange roser,
men dei få som kjem
er nydelege.

Queen Elizabeth
er like gamal som Hanne.
Siste åra har den vore finare enn
nokon gong. 
Eg klipte den for mykje før.

Klatrehortensiaen blomstrar
fint no.
Den kom seinare i år enn tidlegare 
og vil spreie glede langt
utover hausten .

Peonen syng på siste verset.
Dette er den siste av 
veldig mange denne
 sommaren.
 Berre så synd at då dei var på
det finaste,
regna og bles det kvar dag.

Framleis står Iris i blomst.
Midt inne i ei
Hosta :)

Today`s Flowers



fredag 14. august 2015

Ut i det fri

Tok av frå Remmedalen i 
Eid kommune,
via bomveg til Heidasetra.

Det er eit vakkert syn å sjå utover dalen,
med det blå Slettebøvatnet og
Nordfjorden i det fjerne.
Snøen ligg framleis i fjella
på andre sida av fjorden.

Fint å gå frå setra og oppover fjellfoten
i nydeleg ver.
Første delen gjekk me på god
grusveg.


Idyllisk på setra der kyr beita rundt sela.


Terrenget bar preg av at snøen nettopp
har smelta.
Eit bevis på det er 
Molteblomster i midten av august.

Det har vore ein kald sommar.

Nysgjerrige sauer undra seg over
desse folka som kom og
 forstyrra dei.

Rast med knekkebrød, eple og vatn.






torsdag 13. august 2015

Hylleblomster

Den store
 Svarthyllen - Sambucus nigra
blomstrar seint i år.
Dei kvite blomstrane har
ei karakteristisk lukt som
ein kjenner på lang
avstand.


Blomstrane, og bæra som kjem seinare
er kjent for å ha  eigenskaper som
er bra for helsa.


Det blir ikkje laga noko av hylleblomster no.
Eg fann hyllebærsaft i frysaren frå i fjor.
I tidlegare år har eg også laga 
hylleblomstgelè.
Begge deler smaker godt.
og er delikat å sjå til.


Hylleblomster er vakre,
ikkje sant ?



tirsdag 11. august 2015

Bruer


Horndøla bru 


"Kvart menneske er ei øy, som kjent.
Så det må bruer til.
Uendeleg mange slags bruer. "

 Tarjei Vesaas





søndag 9. august 2015

torsdag 6. august 2015

Gamle klede

Eg lika å sjå på gamle klede
for å få eit innblikk i kva 
foreldre og besteforeldre
 brukte å ha på seg.

Kofta brukte far min
i  sine yngre dagar.

Den heimestrikka undertrøya brukte
bestefar min når han
rodde fiske
for nærare hundre år sidan.
På gardane var det vanleg  
 å karde og spinne ulla til
tråden dei skulle bruke.

Teppet, kalla "kvitel" i raudt og kvitt er 
heimevove og
var brukt som sengteppe
eller som dyne.





onsdag 5. august 2015

Jordbær i hagen


Mannen min planta 15 - 20
jordbærplanter i fjor.

Siste veka har me plukka
store flotte og søte jordbær,
Ikkje den store avlinga første året,
så eg har ikkje råd til å lage 
syltetøy av dei,
må berre nyte dei naturell...


Himmelsk godt med heilt ferske
nyplukka jordbær og
lett piska fløte med
litt honning i.


Jordbær med fløte.

" Sommerens poesi

med sin glade melodi
Jeg gjemmer den under min pute
og når regnet trommer på min rute
kan jeg sove med smil om munn
og drømme om solen en stund
i visshet om at møtet
mellom sol og regn gir søte
jordbær med fløte. "
av soria. 




tirsdag 4. august 2015

Sykkel i Markveien



Ein kjenner seg velkomen når det er så
fint dekorert som her
utfor døra til
i Markveien
Oslo
Her finn ein klede, vesker og
tekstiler til heimen
laga av
naturmaterialer.
Fargerikt og spennande.

(innlegget er ikkje sponsa)