Denne veka har Leah Sofie vore hos oss nokre dagar.
Faren kalla det Tuå Sfo ;)
Då må me finne på ein uteaktivitet,
ellers blir det fort mykje TV-sjåing.
I går gjekk me ein tur til Nibben,
ein lett og fin tursti frå
Ulsteinvik mot vest.
Farfar og Leah Sofie har faktisk begynt å
jogge i motbakke...
Legg merke til den flotte
blå himmelen :)
Me har ikkje vore bortskjemt med slikt denne
sommaren ....
Nibben ligg i høgda over krinsen
Skeide i Ulstein kommune.
Her er det utsikt til fugleøya Runde lengst vest,
og den flate Vattøya der det budde folk fram
til 1973.
Farmora mi kom der i frå.
Det kan spinnast mange historier over
det ein ser i skogen.
Me gjekk vidare oppover fjellet,
her er utsikta mot aust.
Desse øyane ser eg frå ein annan vinkel
heimanfrå,
dei er på mange av bilda mine
På nedturen gjennom skogen er
beina slitne på
ei lita jente.
Det blir nok fleire turar før
skuleferien er omme.
Takk for at du fylgde oss på tur !
Anne-Mari