Bestefar Lars Breivik bygde sjøbuda
tidleg på 1930 talet.
I 1952 selde han den til handelsmann Hans Dimmestøl
som dreiv tilvirkning av fisk og sild der.
Eg hugsa godt at eg som lita jente såg på
mor mi og dei andre kvinnene som
la sild på ein sirleg måte
i tønner.
Tuå sett frå sjøen.
Tuebuda til venstre.
Naustet og sjøhuset til høgre
har dokke ofte sett på bilda mine.
I tunet er huset vårt øvst på midten, bak huset til
bror min. Barndomsheimen min er
til høgre.
Husa bak til høgre er byggefeltet Skjerva
på andre sida av hovudvegen.
Siste åra har den sett slik ut.
I vinterstormane har me vore redde for å få
bølgeblekkplater og andre materialer
fykande gjennom lufta.
Eg har likt godt å ta bilde av den.
Tuebuda hadde sin sjarm heilt
til det siste.
Ein augustdag i 2017 var tida komen
og den underkasta seg maskiners verk.
I dag er utsikta endra,
ein kan sjå til Ulsteinvik og
heilt til Roppehornet på Flø.
På tomta etter den gamle Tuebuda
vil det snart kome opp fleire flotte naust.
Ein ny tidbolk er på gong.