Viser innlegg med etiketten Karsten Warholm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Karsten Warholm. Vis alle innlegg

onsdag 13. november 2019

Pris


Pris
er ordet hos Sanna denne veke.

Eg er klar over at eg gjentek meg sjølv,
men ordet PRIS må eg 
berre bruke om friidrettsstjerna
Karsten Warholm


Karsten Warholm 
ble 26. oktober kåret til årets mannlige
friidrettsutøver i Europa for 2019

"Dette er med på å krone en sesong som for min del
har vært helt fantastisk",
seier Warholm i ei pressemelding.

Vidare har Det internasjonale friidrettsforbundet
IAAF
 nominert han til prisen 
 årets mannlege friidrettsutøver.

Klipp frå lokalavisa
Vikebladet-Vestposten:
Karsten Warholm har allereie fått prisen som årets mannlege friidrettsutøvar i Europa, i regi av det Europeiske friidrettsforbundet.
No er han blant dei fem finalistane som står att når det internasjonale friidrettsforbundet IAAF skal dele ut prisen til årets mannlege friidrettsutøvar.
Det er ikkje smågutar Warholm kjempar mot. Joshua Cheptegei (Uganda), som vann terreng-VM, VM-gull på 10.000 meter og 5000 meteren under Diamond League-finalen. Sam Kendricks (USA) vann stavkonkurransen under VM i Doha, samt Diamond League-finalen. Eliud Kipchoge (Kenya) vann London Maraton på 2:02:37 i tillegg til å verte første mann under to timar på maraton, under eit spesialarrangement i Wien der målet var å bryte den magiske grensa. Noah Lyles (USA) vann VM-gull på 200 meter og 4x100 meter stafett, pluss Diamond League-finalane på både 100 og 200 meter.
Men Karsten Warholm sine merittar er heller ikkje småtteri. Han vann alle løp han stilte på i løpet av 2019, inkludert VM-finalen på 400 meter hekk og finalen på 400 meter under innandørs-EM i Glasgow. Han vann også Diamond League-finalen på 400 meter hekk, der han sprang inn til tidenes nest-beste tid på distansen.
Prisen blir delt ut under World Athletics Awards 2019 i Monaco 23. november
ALLE
set pris på deg Karsten !!

onsdag 2. oktober 2019

Verdsmeister


Karsten Warholm 
gjorde det igjen.
Sprang 400 m hekk på beste tid
i Verdsmesterskapet i friidrett i Qatar.

Gullmedaljen og
"Ja, vi elsker....."

Gratulere !!

Me som bur her i Ulstein er
uhorveleg kry av denne flotte karen.






søndag 6. januar 2019

Årets forbilde


Karsten Warholm.
Gratulere med den fortente prisen
«Årets forbilde»
i Idrettsgallaen på NRK i går kveld.

Karsten Warholm
frå Ulsteinvik er ein
«likandes kar»
som alle er stolte av,
og føle me eige litt i :)

Lukke til vidare !





lørdag 11. august 2018

Gratulere Karsten !



Folket i bygda vår
og alle Ulstein kommune
er svært stolte over
Karsten Warholm.


Gullmedalje i 400 m hekk.
Gratulere Euroopameister !!

sjå innlegg om då han vart





torsdag 10. august 2017

Verdsmeister


Karsten Warholm

Me er umåteleg stolte over guten frå
bygda vår 
og Dimna Idrettslag.

Gratulere som 
verdsmeister 400 m hekk
2017 i London

Karsten er historisk.
Noregs første mannlege verdsmeister
i friidrett på løpebane.

Lukke til vidare !