Idag gjekk eg ein liten tur oppover fjellvegen.
Eg brukar å ta ein kvilepause på ein benk
ved ei fin bjørk. Der nyt eg ei nydeleg
utsikt framover dalen,
men idag var der opptatt.... :-)
Sist eg gjekk denne turen måtte eg stoppe opp
og nyte denne flotte "buketten"
Vel heime på hytta kunne eg gledje meg over
denne buketten utfor døra.
Det nærma seg kaffitid og gode venner
var ventande
Pavlova er god med fersk bringebær !
..den fekk bein å gå på...
Kvelden er komen, roa senker seg over ROA som er namnet
på hytta vår
...litt raudt i glaset og avslapning på ein
fin laurdagskveld.
god klem frå Anne-Mari
ps. eg takkar hjerteleg for dei fine kommentarane på dei to første blogginnlegga, men av ein eller annan grunn får eg ikkje til å skrive kommentar sjøl. Har mykje å lære forstår eg ;-)