Viser innlegg med etiketten Bær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bær. Vis alle innlegg

torsdag 26. september 2019

Bær

Ordet hos Sanna denne veke er
Bär

På norsk kan bær brukast om ei ku som nettopp har 
fått kalv, då seier me at ho er nybære.
Bær tunge bører på sine skuldre.

 Umodne hyllebær

 Haustbær med morgondogg 
på haustfarga busk.

Støvbærer.

På jyvelen er belg med bær.
Andreklassingen vår, Ella Victoria, 
åtvara sterkt mot desse
giftige belgane.







torsdag 5. september 2019

Høit henger de....



frå Æsops fabler:


" Høit henger de, og sure er de "
sa reven og lusket avgårde med halen mellom bena.


Det er mykje rognebær på trea i år,


Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som
tuntre både i Skottland og Finland for å verna mot alt vondt.
rognebæra kan nyttast i til dømes rognebærgelè, og den er ein
viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk !

Det eg er mest glad for når eg ser all rognebæra er sagnet:
"mye rognebær på treet betyr lite snø til vinteren, for
treet klarer ikke to tunge bører same år"

"den som lever får se"






søndag 28. juli 2019

onsdag 15. august 2018

Tur på lykke og fromme


Eg vil fortelje om dagen i går.
Den starta med besøk hos svigermor som ligg på
sjukehuset i Volda.
 Etterpå fann me på at det var lenge sidan 
me hadde vore til Sæbø i Hjørundfjorden.
I det fine veret var det ein fin biltur som vart belønna med
nydeleg kake og kaffi her på
kafeen/bakeriet.

Frå Sæbø går det ferje til Leknes på andre 
sida av Hjørundfjorden.
Midt i bildet ser me den populære fjelltinden Slogen.
Men me skulle ikkje over fjorden
denne dagen.

På veg tilbake fekk me lyst til å køyre
fjellvegen til Rognestøylen.
Det angra me ikkje på.
Det vart ein flott tur, men me var ikkje
utstyrt med sko til å gå på tur i skog og mark,
så det hindra oss litt.
Me betalte 15 kr i bompengar og køyrde nokre kilometer
inn gjennom dalen.
Først passerte me Risesetra med fine fjellformasjonar i bakgrunnen.

Bomvegen endar på Rognestøylen.
Her ligg sela inn i bakken, sannsynlegvis for å
verne mot snøfonnene frå dei høge fjella bak.

Idyllisk.

På turen frå sætra oppdaga me at det var masse modne
tyttebær langs vegen.
Me stoppa og plukka først for å ete,
men såg at her var det mykje å hente.

På dette området var me heller ikkje førebudde,
men me hadde nokre tomflasker i bilen.
Då dei var fulle var det berre å slutte...

Me vart einige om at heretter må det ligge både 
sko og posar/spann i bilen så det er klart når me treng det...

Det vart 750 gr ferdig reinska tyttebær.
Rørt tyttebærsyltetøy er nydeleg både på
brødskiva og som tilbehør
til middag.

Me hadde ein strålande dag og
klar for regnet som skal kome.








søndag 29. juli 2018

Ei lita hand

På ein liten tur til Hasundhornet
var det mangt å undrast over.


Modne molter som likna på gull.
Gode på smak var dei også.

Blåklokke som nesten kan opnast heilt...
I min barndom høyrde eg at om ein 
greide å vri inn ut på ei blåklokke utan at den revna
kunne ein ynskje seg noko....
Eg greide det aldri :)










torsdag 15. februar 2018

Bær


Bær er ordet i utfordringa til 
denne veke.

Mitt bidrag er den kjempegode
Marengskaka som ber på 
masse bær.



Gemsweeklyphotochallenge v. 7 - Bär -





lørdag 4. november 2017

Svarthyllbær


I år er året då bæra på 
Svarthyllen har modna og får
henge i fred for fuglane.

Ein kan sjå tre med bær mange stadar,
iallfall her i kommunen.

Bæra er dekorative,
men også nyttige.



Eg tenkte å plukke meir bær for å lage
saft eller gelè,
men det vart med tanken.
Eg kom på at eg skulle sjekke om me hadde
brukt opp alt eg laga i
2008 då det også var mykje bær på trea.
I kjøleskapet i matboda i kjellaren sto framleis

Hyllebærsaft
 og

Hyllebærgelè.

Eg opna eit glas
Hyllebærgelèn smaka godt,
Eg trur den skal bli brukt.

Det minner meg om at mat tillaga under hygieniske forhold
og hermetisk lukka held seg i årevis !


For mange mange år sidan laga eg saft av 
Hylleblomsten.
Ei frisk saft med sommarleg smak.
Men eg har ikkje bilde av den.









søndag 6. august 2017

Stikkelsbær




Søte bløte -

" Søte, bløte stikkelsbær,
du som er så rund og pen,
hvorfor skal du alle år
gro på slike sinte trær ?
Kan du ikke neste vår
flytte til en eplegren
og bli gul og moden der,
så jeg kan få plukket deg
uten å få stukket meg ? "

Inger Hagerup







onsdag 5. juli 2017

Blåbær


Utruleg, men sant,
eg plukka første blåbæra i marka i går kveld


og bæra var søte og gode

Etter ein kald og heller våt sommar hittil
er dette overraskande.

Naturen er fantastisk.







lørdag 13. august 2016

Ripsgelè


Den tradisjonelle ripsgelèen må eg
lage kvart år.
Barneborna, ja dei vaksne òg
lika den godt.

Nydelege ripsbær,
dei er gode til bl. a. dessert òg.


Bær i mengdevis blir plukka
frå Ripsbærtrea i hagen.

Bæra er kokt i ca 15 min.
Etterpå har eg dei i ein stoffpose og silar
til all safta har rent gjennom.

Eg måler opp mengde silt saft,
har den i ei stor rein panne og kokar opp.
Har i 1 kg sukker pr. 1 liter saft.
Koka til alt sukkeret er løyst opp.
Fjernar skummet som har samla seg oppå.

Ause den varme safta i glas som eg har vaska og
hatt i steikeomnen på 150 gr,
dei er då reine og desinfiserte.
Fyller glasa, tørkar vekk det som evt 
har komt på kanten med rein tvoge.
Har på lokk og 
snur glasa opp ned.
Slik står dei til gelèen er kald.
No er den hermetisk lukka og haldbar
lenge lenge,
(hos oss blir den oppeten før
ny produksjon neste år :)


Eg oppbevarer alt syltetøy i eit ekstra kjøleskap,
men ripsgelè med så mykje sukker
står seg godt i ei kjøleg matbod.

Lukke til !




fredag 12. august 2016

Røsslyng


Ein tur mellom regnbygene
gir kanskje dei finaste naturopplevingane.
Bær og busk er nyvaska
og lyser i sine
fine fargar.

Denne buketten var
særs fargerik

 Blokkebær 
og eit par blåbær


Store vidder med flotte 
røsslyngtuer.

Dessverre hadde me berre
mobiltelefonane til å ta bilde med.
Dei yte ikkje den flotte lyngen full rettferd.




søndag 31. juli 2016

Frukost på Swejgaard B&B

18 juli bestilte me frukost hos vertsskapet.
Frukostbordet var delikat dekka 
i eit koseleg rom med teikningar
på veggane frå tidlegare gjestar,
og pelargonia i vindauga.
På enden fekk veslejenta
eigen barnestol
 og barneservise.



Naturell youghurt med frukt og bær var start på måltidet.
Ein drikk med  pressa ingefær skulle vere ein sunn og fin start på dagen,
frisk frukt og bær, og eit nydeleg brød rett frå omnen.
Egg og bacon pynta med godsaker frå hagen.
Meir ost og pålegg samt syltetøy av mange slag.
Til slutt eit godt kakestykke til kaffien
(du ser det på øvste bildet)
Ein nydeleg frukost som 
start på bryllaupsdagen vår :)

Om kvelden middag i ein restaurant i Løkken,
Desserten Sjokoladefondant
med tilbehør.

Brudgomen sin drikke,
Æblesaft med hyldeblomst
46 års bryllaupsdag




torsdag 7. juli 2016

Jordbær

Me har 12 jordbærplanter
i hagen
Det blir ikkje den store innhaustinga,
men dei modnar jamt og trutt.

Eg høyrde på radioen ein dag at dei
snakka om at jordbær ikkje er
bær, men ei frukt

Wikipedia:
"Jordbærplanten har trekopla blad, hvite blomster (naturlig i maijuni i Norge). 
Frukten - jordbæret - er i botanisk forstand en såkalt falske frukt eller hjelpefrukt,
 dannet av den oppsvulmede, kjøttfulle blomsterbunnen 
og som på utsiden har smånøtter der frøene finnes. 
Planten blir ca. 20 cm høy."

Ein lære mens ein leve...,
men kvifor har den namnet bær då ?

Gårsdagens innhausting
åt me opp medan me såg EM-kamp
mellom Wales og Portugal.








torsdag 11. februar 2016

Blåbærlyng


I juleferien på hytta 
plukka eg ein 
bukett  blåbærlyng 
på ein snøfri flekk i marka,
og sette i vase inne.
Første helga i januar då me kom til hytta
var det knoppar på lyngen

Neste gong var det gått tre veker,
då såg den slik ut.

Etter seks veker 
i hyttestova har buketten tørka litt inn,
men er det ikkje 
starten på eit bær eg ser  ??


I like