Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg

mandag 8. mai 2017

Kjensler


ordet
hos Gemsweeklyphotochallenge
denne veka

Det er ikkje så lett å finne bilde som 
viser kjensler,
dei ligg vel helst på innsida av kroppen... eller ?

I påska fann barneborna ein død fugl utanfor hytta.
Fuglen skulle sjølvsagt få ei grav.
Barna bestemte kvar den skulle vere 
og farfar grov hola

Enkel seremoni 

Litt seinare ville Ella Victoria, 4-år, bort til grava på nytt.
Ho studerte krossen av stein som dei hadde lagt der,
og var tydeleg prega av kjensler.
 Ho assosierte krossen med
Jesus som døydde på ein kross.
Barnehageborna hadde vore
i kyrkja og fått lære om
påskebodskapen.





onsdag 12. april 2017

God påske


Eg vil ynskje alle mine venner

God Påske !

I glaskarmen på hyttekjøkenet
står deler av eit gamalt servise
og sender gode minner.





tirsdag 29. mars 2016

mandag 28. mars 2016

lørdag 26. mars 2016

Hytteliv


Glimt frå hytteliv
i påska.
 Ella Victoria lika veldig godt å vere i lag
med storesyskenbarnet Benjamin

Kjekt å vere to om å legge Puslespel :)





lørdag 4. april 2015

Sola kom


Langfredag,
etter mange dagar med snøkave.
Nokre av oss gjorde oss
klar for skitur.

Ella Victoria på to år og fire mnd 
føre an i skiløypa,
med farfar og foreldra hakk i hæl.

Mannen min og svigerdotter på veg
innover dalen.

Rast med solbad og litt
forfriskningar.

På hytta venta det langtidssteikte
lammelåret.
Andrè og Renathe
 laga rødvin- og balsamico-posjert rødløk,
kremet blomkål og
ovnsteikte amadinepoteter/rotgrønsaker
(gulrøter mangla på bildet)
Og sausen... den var eit kapittel for seg, himmelsk !
Det var eit fortreffeleg middagsmåltid !
Mannen min sa at kjøtet var så mørt at det 
kjendest som å skjere i 
sjokoladepudding....

Litt seinare laga eg dessert etter metoda
" man tager hva man haver "
Knuste Bixitkjeks i staden for Safarikjeks,
Tine Kremost naturell i staden for Philadelfiaost.
Fløyten piska med svært lite melis 
(hadde Berit Nordstrand i tankane...)
Jordbær, Bringebær og Blåbær.
Både små og store likte desserten.

Link til
Helgegleder

Ynskjer alle ei god påskehelg !

Anne-Mari




torsdag 2. april 2015

Påske

I år som åra før feirar me påske
på hytta.
Så pass høgt til fjells ligg det mykje snø så
 skiløypene er flotte både for 
langrenn og alpint.

I forgårs var vegane fri for snø og
Hestehoven
lyste frå ein snøfri flekk.
I dag  ligg den under 20-30 cm nysnø som
kom i går og i natt.

Me kosa oss med lokal mat frå
 Røros.
Honning, rjøme, smør, ostar og 
litt spekeskinke,

Leah Sofie, 7 år
har sådd karse på skulen,
den må smakast.

God påske vidare !

Anne-Mari

I like


tirsdag 15. april 2014

God påske

er Mandagstema denne veka.


Ta ei appelsin då vel .....


Fleire God påske innlegg finn du 
her





lørdag 30. mars 2013

Meir blått


Sjølsagt veit eg at i påskehøgtida er
andre fargar meir brukt.
Men blått er ein av mine
yndlingsfargar.
I dag kjenner eg trong
til å ta fram nokre
blå lyspunkt.



 

 


 Eg ynskjer deg ei fin påskehelg !

Takk for alle fine kommentarane på innlegga mine.
Eg er både overvelda og glad.

Anne-Mari


torsdag 28. mars 2013

Påskekos

Når me er samla på hytta høyrer det 
til å ete god mat.
I går hadde Solveig ei freistande 
oppskrift på heimelaga
sjokoladepudding
i bloggen sin.
I dag har me kosa
 oss med den til
ettermiddags-
kaffien.

Du kan lese oppskrifta her på

Sjokoladepuddingen er enkel å lage og
smakte framifrå ! 


Ynskjer deg ein fin skjærtorsdagskveld. 

Anne-Mari





onsdag 27. mars 2013

Påskeferie 2

Farmor og

 Benjamin på skitur åleine.

 Ein liten rast ved ei gamal løe
på Bjørhovdesetra.

 Sjå den vakre gamle veggen.

Ei lita gran har sett betre dagar.

Med strålande ver så langt,
er det all grunn til
å nyte ferien
både ute og
inne.

Takk for at du stakk innom :)
Ynskjer deg fine og gode dagar !

Anne-Mari

søndag 24. mars 2013

Påskeferie

Her på hytta er ferien 
godt i gong.
Me er ni rundt bordet,
og ei lita i vogna.
Ute skin sola frå skyfri himmel
Skiturar høyrer med.
Her kjem litt frå turen i går.

 Naustdalssætra

Eg tenkjer av og til på kva desse 
gamle husa på sætra meinar om
alle dei store nye hyttene som
blir bygde bak dei...

Naturen har pynta seg til påske.

 Flott skiføre for
liten og stor ♥

Ingen skitur utan appelsin

Vonar du har det fint der du er !

Takk for dei fine kommentarane om fuglebrettet.
Eg må fortelje at i går var det ei hakkespett
på besøk, men ho stakk fort av
då eg kom med kameraet.  

Anne-Mari

  
  

fredag 22. mars 2013

Kjøtmeisa

er hyppig gjest på 
fuglebrettet.

(Eit lite eksperiment...)


Eg er ikkje sikker på kva den andre meisa heiter.

Ho er ofte åleine, det ser nesten ut som dei andre er litt
redd henne. 
Eg skreiv eit innlegg om henne tidlegare
Det er besøk av andre fugleartar av og til,
i dag såg me sidensvans, men den 
var så rask at eg rakk
ikkje å ta fram 
kamera.

Vonar det blir rikeleg tid til å studere fuglelivet
i påskeferien.
Med fine vermeldingar
 lovar det òg godt for turar på ski.

Takk for at du stakk innom !
Takk til alle som har skrive så mange fine ord !
Eg ynskjer deg ei fin
palmehelg.

Anne-Mari

 

onsdag 4. april 2012

Påske

Har kjøpt inn mange fine planter og var tenkt
å pynte litt rundt dørene både heime og hytta.

Heime er det som dei fleste har fått med seg skikkeleg 
vinter med snø og kulde.

Slik ser dei gule Narcissene ut :(
 Eg har bestemt meg for å spare
dei nye plantene til påska er over.

Heller pynte litt inne på hytta

Sjå fine påskepynten Leah Sofie 4 år 
hadde med frå barnehagen ♥ 

 Ginsengplanta

 
Dei gamle tinngjenstandane held seg år etter år :)

Handla litt på Kremmerhuset i fjor.

Framleis god påske til alle der ute

Helsing Anne-Mari