Viser innlegg med etiketten Tradisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tradisjon. Vis alle innlegg

tirsdag 4. juni 2019

Rabarbratid


I dag har eg laga Rabarbrasyltetøy,
to sortar.

Ottar og eg har kvar sine favorittar frå barndomen,
svigermor brukte rabarbra og fiken i syltetøyet,
 mor mi brukte aprikoser i lag med
rabarbra.
Me et begge sortane, men lika best
favorittane våre :)

Rabarbrasyltetøy med fiken til venstre,
og rabarbrasyltetøy med aprikoser til høgre :),




Visst du er interessert kan du trykke på linken:


Kanskje har du eit heilt anna favorittsyltetøy 
med rabarbra ?







lørdag 15. september 2018

Tradisjonsmåltid på fjellet


Det er så kjekt å bli invitert av
Sølvi og Bjørn, svigerinne og svoger,
til hytta deira
ved Børevatnet i Vanylven.

Karane fær på vatnet og fiskar
krede.

Vatnet er nedtappa pga kraftproduksjon,
men fisk får dei.

 Ottar "gjer opp" fisken.
Sjå kor raud og fin den er.


Rikeleg mengde sprøsteikte krede
går unna.

Med DEN sausen til 
skal eg seie smakar !!!


 Det beste måltidet !!

Sølvi og eg bruka å gå i fjellet, 
eg kjem tilbake til det
seinare.






fredag 27. juli 2018

Livet i fjøra


Ella Victoria har hatt nokre dagar hos 
farmor og farfar etter ho slutta i barnehagen.
Alle barneborna har opp gjennom åra hatt
fine sommardagar hos oss,
og no var turen komen til henne.
Heilt åleine i mange dagar, ingen sure miner,
berre glede.

Sjølvsagt måtte me utforske fjøra når
 det var muleg.


Krabbene gøymde seg i sanden under tang og tare,
men etter kvart fann
Ella Victoria mange.



Sjøstjerner og krabber i mange storleikar. 

 Bessie og farfar hjelpte til med
leitinga.


Det er viktig å lære at me må ta vare på alle levande vesen,
så me hadde snakka om det frå første stund
at krabbene måtte ha rikeleg sjøvatn, 
og at dei skulle sleppe fri så snart
me hadde fått sett på dei.
I den vesle videosnutten under ser du når me let
krabbane skunde seg over kanten på baljen
og kome seg i fritt farvatn igjen.


Ella Victoria hadde hatt ein opplevingsrik ettermiddag,
og eg er glad for at jenta fekk
oppleve same gledene som faren sin og farmora sin
barndoms lukke i fjøra.

tidlegare innlegg om safari i fjøra
Her








torsdag 17. mai 2018

17 mai


Me fekk ein strålande dag å 
feire nasjonaldagen på.


Eg har gått i tog i lag med 
Ella Victoria som er rosaruss i år,
siste året i barnehage.


Begge systrene spelar i skulekorpset
Hasund og Dimnøy Skulekorps.
Ella Victoria fann storesyster og fekk
gå i lag med henne eit stykke.

Hos oss blir det tradisjonell middag utpå dagen,
gjorde eg klar i dag tidleg før eg
tok på meg bunaden
Eg veit at mange gler seg til den.


God 17 mai !






tirsdag 6. desember 2016

Historielaget sitt julemøte


gjekk av stabelen på Fredheim
i går kveld.
Ulstein Mannskor hadde ansvaret for
godt program.

I det gamle ærverdige lokalet 
er det god akustikk
og det lyder vakkert når songen tonar.


Som vanleg på Historilaget sine julemøte vart
maten servert på gammalt vis,
innpakka i serviettar.

Mange hugsa nok matpakkane på julefestane
i barneåra...

Som vanleg var det loddsal,
 eg var heldig og vann denne boka.


Mange hadde møtt fram 
og eg trur alle var samde om at det 
var ein gild kveld.








lørdag 3. desember 2016

Baking med kjevle


er eg ikkje flink til.
Difor er det sjeldan eg lagar ting som
skal bakast ut.
I dag fekk eg så lyst til å bake 
Hardinglefse.
Eg brukte oppskrifta i
"Go`bitar frå besta si kokebok"
som to kollegaer har skrive.
HER
I oppskrifta var det Margarin, 
men eg tenkte at
 "skal det vere så skal det vere" 
 og brukte Meierismør....
 Om det er det som er årsak veit eg ikkje,
men lefsene var nesten umuleg å
arbeide med
Mjuke og vanskelege å handtere.

Mannen min heldt seg på avstand for eg skjende
heile tida....

Ein skulle tru at når dei var ferdig steikte
var problemet over,
men, nei, nesten ingen av 
lefsene kom heilberga av steiketakka.
Heldigvis er det slik at når ein får smøre dei og
"lime" skavankane blir det eit
bra resultat til slutt.
I alle fall, hardinglefsene er nydelege på smak,
dei smeltar på tunga.
No er dei lagde forsiktig i ei boks og
komne i frysaren.
Dei skal etast med andakt :)









torsdag 17. november 2016

Lammerull


Tradisjonen med å lage lammerull til jul
har me hatt i over førti år.
Både mannen min og eg hadde 
vanen med heimanfrå.
Etterkvart er oppskrifta justert
etter eigen smak.

Det beste er å bruke utbeina lammeside som ein bretta ut.
Inne i rullane er det salt, pepar, ingefær,
 litt allehånde, litt sukker
og gelantinpulver
Mødrene våre brukte å sy saman rullane
med nål og sterk tråd.
Mange gjer det på den måten framleis, men
eg fann tidleg ut at det kunne gjerast
på ein enklare måte.
Eg bruka nettingstrømpe og
knyt tråd i endane

Dei låg i lettsaltlake 5 døgn.
Så skulle dei eigentleg henge på mørkeloftet 
til tørk 5-7 dagar,
men det vart så mange varmegrader i lufta ute
at me torde ikkje la dei henge
meir enn 2 dagar

Kokte/trekte ca 3 timar 
Etterpå låg dei i press over natta


Mange små porsjonar med
nydeleg godt pålegg med mykje smak.
Det skal vere nok både til oss sjølve og til å gi bort.

namnamnam...








onsdag 11. mai 2016

Kulltreff


Som eg skreiv 
skulle eg ha kullingar på besøk
Åtte damer (ni med meg) i sin beste alder,
no er alle pensjonista og kan 
sjå tilbake på
eit langt yrkesliv
som sjukepleiarar.
Praten går frå første minutt,
me har mykje å snakke om,
alltid !

Eg hadde gjort alt klart før dei
kom med ferja over fjorden og
biltur hit ut på øyane.
Serviettar bestemte kva blomster
eg skulle ha på bordet,
greiner av plommetreet
hadde nesten same
blomstrane

Eg serverte ei gryte med blant anna
torsk og laks
med ris og heimelaga
focaccia til.

Som alltid når me er samla flyg
timane fort avgarde,
dei skulle rekke ferje og
måtte bryte opp
lenge før me hadde prata ferdig :)

Takk for ein kjekk kveld i lag.

Ps.
Eg skreiv eit innlegg om kulltreffet
som me hadde i
 Dubrovnik september 2013










søndag 8. mai 2016

Gulrotkake

I morgå venta eg gjesta,
åtte kullinga som eg tok sjukepleieutdanning 
i lag med 1967 - 1970.
Me er ni her på Sunnmøre som møtast
heime hos kvarandre eit par
gongar i året.
Heile kullet møtast også regelmessig.
Før var det kvart femte år,
 siste gongane med eit par års mellomrom. 

Dei skal blant anna få kake.
Den har eg gjort klar i dag så den
får trekke.

Oppskrifta har eg fått av 
svigerdotter Renathe.

4 egg
3 dl sukker 
piskast til eggedsis

1 dl olje (eg brukte rapsolje)
Sikt i
3 dl kveitemjøl
1 ts salt
2 ts kanel
1 ts ekte vaniljesukker
1 ts bakepulver
Ha i til slutt
3,5 dl raspa gulrøter

26 cm rund form
180 gr i 30 minutt

Fyll
200 gr Philadelphiaost
2 ts ekte vaniljesukker
100 gr meierismør
250 gr melis
Piskast godt
eg hadde litt saft frå appelsin i
kremen.

Eg gler meg til i morgå
når damene kjem.





onsdag 18. november 2015

Mòrpølse


eller mòr som me seier.
Andre namn som blir brukt er
morrpølse, mørpølse eller berre morr

Mòr er ein del av julemattradisjonen vår.
Siste åra har me laga sjølve 
etter oppskrifta som 
svigerforeldra mine brukte i alle dei år.

I går kveld kutta me opp 
kjøt frå svin, lam og storfè.
Krydde- og saltblandinga dryssa me 
mellom laga av kjøt slik
at det fekk trekke litt inn i.
Det sto kaldt til i dag.

Andrè, eldstesonen stilte som vanleg 
 med god kvern og kjøkenmaskin.

" teamwork "
Ottar har farse i kverna,
eg passa på at det blir rett
 tjukkelse på mòren. 

Tarmar til å ha kjøtblandinga i
kjøpte eg i slaktarbutikken,
dei var frå Danmark.
I dag var det gode tarmar, ingen slitna undervegs.

Andrè tok unna og gjorde mòren
klar til å henge på
mørkeloftet til tørk nokre dagar.
(me kalla det å bokne, halvtørke)

Der er slike dagar me starta å gle oss
til julaftan og tradisjonsmaten.



mandag 5. januar 2015

Svinesteik med det som høyre til

I mannen min si familie er denne 
middagsretten tradisjon.
Svinesteik med potet, gulrot, ertestuing, surkål.
Pynta med sviske, tomat og agurk.
Tytebærsyltety høyre til.

Kvar jul i 20 år var me på besøk
hos svigerforeldra mine 1. juledag
 og fekk denne retten som
hovudrett.

Skikkeleg gamaldags brun saus er
" krona på verket ".

Eg bruka å lage denne retten når eg 
vil sikre at alle lika middagen !


Anne-Mari 




fredag 16. mai 2014

Tradisjonsrik dessert til 17 mai


Frå eg var barn laga mamma 
17 mai dessert.
Tradisjonen har eg ført vidare til mi familie,
og kva 16 mai lagar eg eggedosis og gelè.


I morgå 17 mai brukar eg skei og legg lagvis
gelè, eggedosis og piska kremfløyte
i ei skål.

Når det passar inn i 17 maiprogrammet 
 kjem små og store og vil smake desserten.
Nokre vil ha vaniljesaus til.

Gler meg til i morgå !

farmor Anne-Mari


lørdag 19. oktober 2013

Ferdamat



På tur til Austlandet tok me
ei ferje i Fjord1 selskapet.
Synet av det talande skiltet på veggen


var koseleg å ta med vidare på turen.



Svelene er nok det mest tradisjonsrike å ete når
ein fyl ferje over fjorden her på Vestlandet.
Me kom rett frå frukostbordet og kjøpte ingenting.
I bilen hadde me til og med kaffi på termos og
litt å bite i til turen..

Synet av skiltet ga meg tankar om at omgrepet ferdamat kan innehalde
så mangt.
Det minner oss om eventyra der
Espen Askeladd har ferdamat i sekken på
turane sine...




(Bildet er lånt frå Wikipedia)

Det kan vere opplevingane ein
får ved å køyre gjennom fin natur.



Som her ved eit lite stryk i Lærdalselva,


Å få auge på ei nydeleg gamal bru over elva
med vatn som skin som gull frå solskinnet i den gule haustskogen.



Få sjå på nært hald
Borgund stavkyrkje som truleg vart bygt før 1200 talet.

Og den vakre naturen i Hallingdal.




Opplevingane ein har på tur er også
Ferdamat,
mat for sinn og sjel.

God helg !

Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 16. oktober 2013

Roger og bestefar


Kjekt for ein åtteåring
å få hjelpe bestefar og greide garna
før dei skal setjast ut for å
fiske sild.

Bildet er tatt i 1981,
(Tidlegare innlegg om Roger)
  
 Far min var glad i all mat og
særskilt den med spor ;)
Han ville gjerne at me barna og barnebarna
skulle lære å hauste av
naturen.

Minnene lever !

Anne-Mari




fredag 4. januar 2013

Flatbrødet

Eg trur denne fine boka låg under juletreet i mange heimar julaftan.

To av kollegaene mine ved Herøy vgs
har skrive den.

Dei har samla oppskrifter og informasjon rundt 
 Sunnmørske mattradisjonar,
prøvt ut og fotografert.
Ei flott bok med mykje kjent og kjært.
Eg kjende klump i halsen og tårer i augnekroken
då eg blada og las i den første gongen. 

 Olaug, ei flink bakstekone :)

Ein fin stabel flatbrødleivar er ferdig baka.

Vår familie er så heldig å få flatbrød av Olaug
til kvar jul.
Det smakar framifrå attåt julematen !
Eg må vedgå at
me ser ikkje heilt for oss
måltidet julaftan utan dette fantastiske flatbrødet ♥

Les meir om boka, klikk

Vonar du har ein fin dag !

Anne-Mari