Viser innlegg med etiketten Fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjell. Vis alle innlegg

søndag 26. mai 2019

Frå nedtur til opptur


Hugsa du at eg skreiv at eg skulle til Dublin
og feire 17 mai der ?
Ulstein mannskor med damer,
36 personar
skulle reise med fly frå Ålesund lufthamn/Vigra
16. mai tidleg om morgonen.

Men veret var slik då me starta heimanfrå
og frykta for at tåka/skodda var så tjukk at 
fly ikkje kunne lande og lette til rett tid
slo til.
Omsider kom flyet og tok oss til Gardermoen Oslo,
men for seint til å nå flyet til Dublin.
Ingen fly hadde ledig plass verken 16. eller 17. mai.
Me måtte gjere vendereis til Vigra og
 var heime seint på ettermiddag.
Alle var skuffa.
Me hadde ikkje lyst å vere heime, så
me snudde oss rundt og køyrde til hytta.

17. mai var det strålande ver og me gjekk 
 tur til Naustdalskamben,
eit fjell der me har fin utsikt til
fjord og fjell.
Frå Nordfjordeid høyrde me hornmusikk og såg flagga vaie.

Me feira dagen med kaffi og knekkebrød på terassen til
Dagsturhytta 475 m over havet.



Hytta med mange kanter er mitt bidrag i utfordringa hos Sanna
der ordet denne veke er
Kantig - Edge






torsdag 11. oktober 2018

Haust i fjella


Haustfargane i naturen er noko av det finaste eg ser.
Eg har ein tendens til å "falle i stavar"
over slike synsinntrykk.












Hvor vakkert bladene eldes. 
Så fulle av lys og farge er deres siste dager.





lørdag 22. september 2018

Tur i Brandalsfjella


Som eg skreiv i innlegget
gjekk eg og svigerinna mi Sølvi på tur i fjella ovanfor
Sørbrandal i Vanylven
medan karane var på vatnet og fiska.

Utsikt mot nord med Børevatnet lengst vekk.

Fjellet StoreBøra ragar over
Børevatnet.

Utsikt til Stadtlandet og storhavet.


Nydeleg terreng mellom dei mange vatna.



Søndag gjekk me tur alle fire før me
åt ein god middag.


Alle var samde om at det var ei gild helg.







lørdag 15. september 2018

Tradisjonsmåltid på fjellet


Det er så kjekt å bli invitert av
Sølvi og Bjørn, svigerinne og svoger,
til hytta deira
ved Børevatnet i Vanylven.

Karane fær på vatnet og fiskar
krede.

Vatnet er nedtappa pga kraftproduksjon,
men fisk får dei.

 Ottar "gjer opp" fisken.
Sjå kor raud og fin den er.


Rikeleg mengde sprøsteikte krede
går unna.

Med DEN sausen til 
skal eg seie smakar !!!


 Det beste måltidet !!

Sølvi og eg bruka å gå i fjellet, 
eg kjem tilbake til det
seinare.






fredag 31. august 2018

Fin tur til hytta.


Det er finast å køyre til hytta i Nordfjord
 om morgonen.
Og ekstra fint er det når sola skin
og vinden kviler.


 Kilsfjorden i Volda kommune er 
vakker.
Spegling i vatnet,


 autovern langs vegen 
 minner om perler på ei snor...


Bjørkedalsvatnet har eg vist mange bilde frå,
det er berre fantastisk å 
nyte synet av fine speglingar.
Vil du sjå fleire innlegg kan du
søke på Bjørkedalsvatnet i søkefeltet øverst oppe på høgre side.




Me køyrde den Trondhjemske postveg over Brekka 
frå Bjørkedalen til Harpefossen der me har hytte.
Det er ei oppleving å ferdast her.


Mange stopp på ein slik tur,
bra me er pensjonistar med god tid.
Utearbeid rundt hytta står på planen denne helga 
så me er heldige med veret.

God helg !





onsdag 15. august 2018

Tur på lykke og fromme


Eg vil fortelje om dagen i går.
Den starta med besøk hos svigermor som ligg på
sjukehuset i Volda.
 Etterpå fann me på at det var lenge sidan 
me hadde vore til Sæbø i Hjørundfjorden.
I det fine veret var det ein fin biltur som vart belønna med
nydeleg kake og kaffi her på
kafeen/bakeriet.

Frå Sæbø går det ferje til Leknes på andre 
sida av Hjørundfjorden.
Midt i bildet ser me den populære fjelltinden Slogen.
Men me skulle ikkje over fjorden
denne dagen.

På veg tilbake fekk me lyst til å køyre
fjellvegen til Rognestøylen.
Det angra me ikkje på.
Det vart ein flott tur, men me var ikkje
utstyrt med sko til å gå på tur i skog og mark,
så det hindra oss litt.
Me betalte 15 kr i bompengar og køyrde nokre kilometer
inn gjennom dalen.
Først passerte me Risesetra med fine fjellformasjonar i bakgrunnen.

Bomvegen endar på Rognestøylen.
Her ligg sela inn i bakken, sannsynlegvis for å
verne mot snøfonnene frå dei høge fjella bak.

Idyllisk.

På turen frå sætra oppdaga me at det var masse modne
tyttebær langs vegen.
Me stoppa og plukka først for å ete,
men såg at her var det mykje å hente.

På dette området var me heller ikkje førebudde,
men me hadde nokre tomflasker i bilen.
Då dei var fulle var det berre å slutte...

Me vart einige om at heretter må det ligge både 
sko og posar/spann i bilen så det er klart når me treng det...

Det vart 750 gr ferdig reinska tyttebær.
Rørt tyttebærsyltetøy er nydeleg både på
brødskiva og som tilbehør
til middag.

Me hadde ein strålande dag og
klar for regnet som skal kome.








torsdag 9. august 2018

Ørna


Mannen min lika å sjå etter ørn
både når han er heime og når me går tur.


På ein tur til Kvamstua flaug det plutseleg opp
ei ørn.


Det tok si tid å slå på telefonen så ørna var
høgt i sky før fotografering tok til.


Fantastisk å sjå kor lenge ørna sveva mellom
kvar gong ho bevega vengene.

Med sitt store vingespenn
er ørna majestetisk.

For mannen min var dagen perfekt,
i tillegg til ein fin fjelltur hadde han hatt
ei ørn svevande over hovudet ei
heil stund :)







lørdag 7. juli 2018

Unngå skade

Fjellturen denne veka gjekk til 
Hovdenakken, eit fjell på grensa mellom
Ulstein og Hareid kommunar.
Ottar vaks oppi Kaldholen, midt i bildet
 av Hareid.


         Andre vegen ser ein
 Ulsteinvik og øyane utanfor.
Me bur i ei vik i venstre side av sjøen.

Den store merkestanga på toppen av fjellet
har falt ned.
Det er skummelt med slike restar av jern
i naturen.
Er ein skikkeleg uheldig kan ein 
skade seg stygt.

Heldigvis har nokon spraya festa til bardunane som
står att i berget.
Lett å sjå og ein kan unngå å snuble.

Flott og omtenksomt gjort av einkvan !





torsdag 5. juli 2018

Myrull på Rundefjellet







Sus i myrull

Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull --

Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.

Men alle disse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk ...?
De er så gjerrige på minuttene.

Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.

Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.

Og ensomme fugler
seiler i sol,

seiler i sol og skriker --

Hans Børli





tirsdag 19. juni 2018

Turkis/turkos


Ordet i utfordringa til 
Sanna er
Turkos 
denne veke.
I mi norske dialekt assosierte eg ordet med
å ha ein fin tur med koselege aktivitetar :)
Eg planla å lage innlegg om den årvisse turen til Runde som 
Hjarterehabiliteringa ved sjukehuset i Volda 
arrangerte for ei veke sidan.
Hm, stor var mi undring då eg oppdaga at 
turkos på svensk er turkis på norsk :)

Men eg hoppar i det,
jakka mi har iallfall ein turkis farge
så eg er innanfor... ;)
På Rundefjellet med Goksøyra bak til venstre.

Mannen min Ottar med 
og storhavet i bakgrunnen.


Det er fint lagt til rette med turvegar som skal
hindre at fuglelivet vert forstyrra.



I år var det over 70 personar som tok del,
nokre hadde med ektemakar.
Me gjekk litt over to timar i fjellet 
og avslutta med fiskesuppe på 
Alle var fornøgde og gler seg til neste år.









onsdag 30. mai 2018

Dagen min


I går vakna eg til ein ny strålande maidag.
Vakkert klokka sju.

Eg hadde tenkt å bake denne dagen for det minka
i frysaren og knekkebrødboksa.
Men i det fine veret fekk eg lyst ut på tur.
Me hadde parkert og starta turen til
Røyrafjellet før klokka var ni.

Det kjendest i lufta at skodda var på veg,
 og ho kom fort.
Me snudde nedatt når den innhenta oss.
Som vanleg på våre kantar er skodda veldig flyktig,
mange stadar er det opning og sola skin medan
skoddeveggen pustar oss i ryggen.
Me spaserte ein tur inn i Røyra då me kom ned,
der sat venner på verandaen og kosa seg 
med morgonkaffien, i sola :) 
Me vart ropt inn og hadde ei hyggestund 
med kaffe, is og kjeks før klokka var ti :)

Skodde og kald vind gjorde det enkelt
å starte baking då me kom heimatt.

Grove pizzasnurra er godt å ha i frysaren.
Barnebarnet Hans-Petter (som bur hos oss i vekene for tida)
 har slike til skulemat.

Grove rundstykke er sunt og godt,
og knekkebrød må eg ha kvar dag.
(fargane på maten ser litt rare ut,
knekkebrøda er ikkje brende..)

Eg avslutta dagen med å fylgje Roger til
Ålesund for å sjå barnebarnet Benjamin spele
fotballkamp.

Denne dagen følte eg at eg hadde vore 
effektiv, nesten som i yngre dagar hehe....


Hos Sanna er ordet i utfordringa
Ute denne veke