lørdag 30. mars 2013

Meir blått


Sjølsagt veit eg at i påskehøgtida er
andre fargar meir brukt.
Men blått er ein av mine
yndlingsfargar.
I dag kjenner eg trong
til å ta fram nokre
blå lyspunkt.



 

 


 Eg ynskjer deg ei fin påskehelg !

Takk for alle fine kommentarane på innlegga mine.
Eg er både overvelda og glad.

Anne-Mari


torsdag 28. mars 2013

Påskekos

Når me er samla på hytta høyrer det 
til å ete god mat.
I går hadde Solveig ei freistande 
oppskrift på heimelaga
sjokoladepudding
i bloggen sin.
I dag har me kosa
 oss med den til
ettermiddags-
kaffien.

Du kan lese oppskrifta her på

Sjokoladepuddingen er enkel å lage og
smakte framifrå ! 


Ynskjer deg ein fin skjærtorsdagskveld. 

Anne-Mari





onsdag 27. mars 2013

Påskeferie 2

Farmor og

 Benjamin på skitur åleine.

 Ein liten rast ved ei gamal løe
på Bjørhovdesetra.

 Sjå den vakre gamle veggen.

Ei lita gran har sett betre dagar.

Med strålande ver så langt,
er det all grunn til
å nyte ferien
både ute og
inne.

Takk for at du stakk innom :)
Ynskjer deg fine og gode dagar !

Anne-Mari

søndag 24. mars 2013

Påskeferie

Her på hytta er ferien 
godt i gong.
Me er ni rundt bordet,
og ei lita i vogna.
Ute skin sola frå skyfri himmel
Skiturar høyrer med.
Her kjem litt frå turen i går.

 Naustdalssætra

Eg tenkjer av og til på kva desse 
gamle husa på sætra meinar om
alle dei store nye hyttene som
blir bygde bak dei...

Naturen har pynta seg til påske.

 Flott skiføre for
liten og stor ♥

Ingen skitur utan appelsin

Vonar du har det fint der du er !

Takk for dei fine kommentarane om fuglebrettet.
Eg må fortelje at i går var det ei hakkespett
på besøk, men ho stakk fort av
då eg kom med kameraet.  

Anne-Mari

  
  

fredag 22. mars 2013

Kjøtmeisa

er hyppig gjest på 
fuglebrettet.

(Eit lite eksperiment...)


Eg er ikkje sikker på kva den andre meisa heiter.

Ho er ofte åleine, det ser nesten ut som dei andre er litt
redd henne. 
Eg skreiv eit innlegg om henne tidlegare
Det er besøk av andre fugleartar av og til,
i dag såg me sidensvans, men den 
var så rask at eg rakk
ikkje å ta fram 
kamera.

Vonar det blir rikeleg tid til å studere fuglelivet
i påskeferien.
Med fine vermeldingar
 lovar det òg godt for turar på ski.

Takk for at du stakk innom !
Takk til alle som har skrive så mange fine ord !
Eg ynskjer deg ei fin
palmehelg.

Anne-Mari

 

torsdag 21. mars 2013

Himmelsk solnedgong



Etter ein strålande dag kom denne
vakre sorti.


Bildet frå i kveld er mitt
 bidrag til



 


onsdag 20. mars 2013

Baby-lestar

Etter å ha strikka
gledde eg meg til å strikke noko varmt
til dei små føtene òg.
Her er lestane til
veslejenta 
ferdig.

Dei er kanskje store og for lite babyaktige,
men eg syns baby-labbar var
vanskeleg å strikke.

 
Eg har lite tolmod når det blir
prøving, feiling og 
oppattrekking til tråden
 blir utsliten...  :(
Løysinga vart å finne
oppskrift på vanlege lestar:



Ynskjer deg fine dagar !

Anne-Mari


Bloggedamer 40 +


søkjer etter gjesteskribenter i
bloggen.
Innlegget må vere relevant for
vaksne damer.

Du får vere med i trekninga av dette
flotte sjalet med
Peacemønster.
 
Klikk her:


Eg ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari

mandag 18. mars 2013

Avtrykk

er
Mandagstema # 77

 Under ein tur i fineveret i dag
såg eg at ein stor fugl har vore
på vitjing i 
fjøra.


Sjå fleire avtrykk



fredag 15. mars 2013

Majones og Eggsalat

er sjølsagt ikkje kvardagsmat, 
men skulle ha besøk forrige helg
og kom på at eg hadde sett oppskrift på
heimelaga majones og eggsalat hos
Hugsa det såg freistande ut, og hadde
skrive ned oppskriftene på eit ark.
Det fann eg ikkje, og etter litt
kontakt via e-post med 
bloggaren over kom
me fram til 
desse
oppskriftene:

Den var utruleg enkel å lage,
det tok faktisk berre nokre sekund !!!
Og den vart
vellukka og GOD !

Eg har smakt mange sortar eggsalat,
men aldri fått den til sjøl
 slik eg ville.
No brukte eg denne 
oppskrifta:

Her brukte eg sjølsagt av den nylaga majonesen.
Eggsalaten var òg enkel å lage og
SVÆRT GOD !
Desse oppskriftene kjem eg garantert
til å bruke fleire gongar !

Eg hadde inntrykk av at gjestane likte maten,
det var iallfall lite restar att etter
dei var reist ;)

Kanskje du har lyst til å prøve oppskriftene ?
Eg ynskjer deg i alle fall ei god helg !
Og takkar for at du stakk innom :)

Anne-Mari


onsdag 13. mars 2013

Hoppsan

er Onsdagstema # 152.
Fri tolking av tema:

 
Besøk på fantastiske

i fjor sommar.
 Ta deg ein tur dit du òg :)


 Sjå fleire bidrag i






tirsdag 12. mars 2013

Vår inne

Snøen lavar ned og legg
vårteikna ute 
i ly.
Tankane går til

helga på hytta,
der eg kunne nyte synet av
det gamle brune fatet
kjøpt på
loppemarknad.

 Fyllt med små
påskeliljer

Eg set min lit til at våren snart kjem
med varmare dagar.

Ei varm takk for alle fine og artige
kommentarane til Ludvig :)

God tysdag !

Anne-Mari
 
 

 

lørdag 9. mars 2013

Ludvig

frå Flåklypa,
ei lita fjellbygd trettisju mil nordover,
litt aust og oppover...
 Moldvarp/piggsvinskapning skapt av Kjell Aukrust.

Skamklipt - kort i nakken og 
tett rundt øyrene.

Født pessimist,
heimekjær og poetisk,
 ( lik sin skapar ).

Han søv lenge om morgonen,
og er plaga med høysnue...
Saktmodig, litt sær og
trivst best med det gamle.
Han er svært redd for forandringar.

Typisk Ludvig-sitat
" det er fali det "

Kjelde: Wikipedia
 
Eg laga Ludvig for mange år sidan.
Han held seg på gjesteromet..
I dag vinka han til meg
då eg stakk innom ;)
Eg tok det som eit hint om å
skrive innlegg om han ;)

Det er vel alle i Noregs land som har sett
 Ludvig i filmen frå 1970-talet ?
Flåklypa Grand Prix 
(fann den ikkje med norsk tale)
  
 God helg !

Anne-Mari






fredag 8. mars 2013

8. mars, Den internasjonale kvinnedagen

Denne dagen er det så mykje eg kunne
tenkt meg å skrive om i eit innlegg,
men har ikkje funne orda.

Tremenningen min 
Gerd Vik Flø
har sagt det så fint.

Takk til kvinner som føre oss gjekk,
som frå talarstol og med penn og blekk,
gjorde det lettare å kome etter,
ved at dei kjempa for kvinna sine rettar !
Dei forsømde verken born, koking eller baking,
nei, dei var drivandes gode på " MULTI-TASKING " !
Vi fører kampen vidare, det er ikkje " bønn ",
vi gir oss ikkje før det vert LIKELØNN !
Men vi må rette blikket vidare UT,
og ikkje stivne i eiga pengesut !
Det fins kvinner i så MANGE land,
som er lenka i steintunge diskrimineringsband.
Det er DEI som treng vår solidaritet,
at vi rettferdig gir dei vår førsteprioritet !
La oss vere talerør for dei tause rop !
Det er bruk for oss, alle i hop !

GRATULERER MED DAGEN ♥

Takk Gerd for at eg fekk låne
orda dine.

Bilde frå eit demonstrasjontog i
Dhaka, Bangladesh

 

onsdag 6. mars 2013

Første vårteikna

Første spire fann eg
 på

Blåbærlyngen i den visne buketten har 
begynt å blomstre...
kanskje eg skal ta vare på kvisten og vente på 
blåbær ;)

Ein tur utandørs ga
inspirasjon.

Eg kjem ikkje på namnet på desse
steinbedplantene som spirer.

Nesten som marsipanroser på ei kake :)

Snøklokker nikkar sjenert.

Dei lener seg blyge mot den
store busken.

Kusymreplantene
gjer seg klar.

 I fjor skreiv eg om historia om snøklokka.
Viss du vil lese finn du den
HER 

Takk til alle som tek seg tid til å besøke 
bloggen min !
Og som har skrive så mykje fint.

Eg ynskjer alle ein fin dag :)

Anne-Mari


tirsdag 5. mars 2013

Symbol

er MANDAGSTEMA # 75
hos Helene i bloggen
Alt som er Vakkert.

Kannesteinen
er symbol på 
kunstverk naturen kan skape.

Den særeigne stettforma steinen ligg i
 bygda Oppedal i Vågsøy,
Sogn og Fjordane.
 Du kan lese meir om steinen
eit tidlegare innlegg
HER 

Fleire symbol finn du



 

søndag 3. mars 2013

Baby-selbuvottar

Eg kom på å strikke
selbuvottar til 
veslejenta 
då eg
såg at
hadde gjort det
til sitt barnebarn.

 Strikka i Drops
Baby Merino og Fabel.

Til ei perfekt lita hand 


Eg ynskjer deg ei ny veke med fine dagar !

Anne-Mari

fredag 1. mars 2013

Fiskemousse til helga ?


Dette er ein god  og enkel rett
som dei fleste likar.

Eg laga den til koldtbordet i barnedåpen
forrige helg, men gløymde 
å ta bilde før den
var begynt på.

400 gr torsk (utan bein), trekke i
1 ss salt pr. liter vatn
1 pk lys aspic laga i 4 dl av fiskekrafta, kjøl den ned.
Mos fisken med ein gaffel og bland med
3 dl lettrømme
1 pk ekte majones
Tilsett dette i aspicen og
2 - 3 ss sitronsaft.
Smak til med litt pepar om du vil.
Ha blandinga i ei form,
stå kjølig nokre timar.
Pynte med det du ynskjer.

Godt brød attåt.
God appetitt !

Tusen takk for alle fine gratulasjonshelsingane
eg fekk etter barnedåpen til 
barnebarnet vårt.
Det varma mitt hjarte ♥

Eg ynskjer deg 
God helg,
den første i mars 

Anne-Mari