Viser innlegg med etiketten Takk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Takk. Vis alle innlegg

torsdag 3. desember 2015

Figgjo Vulcanus


Eg var så heldig å få denne 

fine Figgjo Vulcanis,
eldfaste skål med lokk

av svigerinne Siv-Marit som hadde
kjøpt den i Danmark.

Eg likar  den godt
og vart kjempeglad for å få den.


I like






torsdag 24. september 2015

Skaugumbegonia og Takk !


Skaugumbegonia
er fine på denne tida


toler bra regnet



blomstrar til første frostnatta kjem,
då rensar eg knollen og legg
den tørt i kjellaren.

er innlegg om mine to typer 
Skaugumbegonia.

Link til:
-----------

Tusen takk ♥

Til slutt vil eg takke alle som har lagt igjen helsingar
på dei siste innlegga mine om 
sjukehusopphaldet mitt.
Eg er både rørt og glad.
No er eg heime ,
kjenner meg ganske bra, og
skal trene meg gradvis opp igjen.
Eg var heldig, den skada kransarteria vart blokka og
stenta før det vart
hjarteinfarkt.
Det er eg svært takksam for.

Klem frå Anne-Mari






mandag 21. september 2015

Angina pectoris


er anfall med brystmerter pga
redusert blodforsyning til
hjartemuskelen.
Etter lang tid med slike smerter
 og utvikling til det verre
vart eg rakskt innlagt i
Volda sjukehus.

Låg på firesengsrom som kan
vere ei utfordring,
men vart godt passa på av
kjempeflinke sjukepleiarar 
til turen gjekk med
ambulansefly til 
St Olavs Hospital
i Trondheim


Vart kobla til overvåking av hjartet,
same som dei gjorde i Volda.

Romet og badet minte meg om
eit hotell.
Men så er St Olavs Hospital eit
nytt og moderne sjukehus.
Trygt og godt å ha med seg mannen min
på ei slik reis.

Dagen kom for
Hjartekateterisering (koronar angiografi)
Dei fann at det var svært trangt i ei av de
i store  kransarteriene
 så dei blokka og sette inn
stent (rørforma armering i metall)
Heretter blir det mange type medisinar, 
 mykje meir enn eg kan like,men
 må ein, så må ein.
Eg var heldig
og lit på at legane
kan sitt fag.

Som sagt før er 
St Olavs Hospital eit flott sjukehus.
Fleire ting trefte sjukepleiarhjartet mitt.
Blant anna dette:
Det flotte og talande namnet på
avdelingane,
Sengetun !
i staden for det kunstige namnet
sengepost.

Der var fin kunst på veggane i roma
og korridorane.
Blant anna dette flotte tekstilteppet.
Bruka ein fantasien kan ein tolke
mange detaljar her,

Begge sjukehusa har, så langt eg opplevde,
gode, dyktige og profesjonelle
sjukepleiarar.
Eg er så stolt over sjukepleiestanden !

Me har eit fantastisk helsevesen i Noreg,
som tek seg av oss når me treng det.

Tusen takk.







torsdag 16. juli 2015

Sommargåve

Ein fin sommardag kom det ein gledeleg
pakke i posten.

Den kom frå fine Viola med bloggen
Familie Barwitzki

Løparen har ho sydd i eit 
festleg stoff 
som passa godt til bordet vårt på hytta.

Det fine smykket har ei fin
skinnreim som eg kan justere
lengda på.

Eg vart overraska og kjempeglad for gåvene.
Dei er allereie tatt i bruk.

Tusen takk Viola !




mandag 13. juli 2015

90 år ville ho vere ...



i dag 13 juli, 
om ho fekk leve.

Vår varme, rause og omsorgsfulle
mor, svigermor,
bestemor og oldemor
døydde av kreft for 13 år sidan.

Marie vaks opp på Åsen 
i Hjartåbygda, Volda kommune.

På bildet er mamma rundt eitt år.
Syskenflokken på sju miste mor si
den sommaren mamma fylte ni år.
Den sommaren var tante Agnes (til høgre i bildet)
13 år. Ho fortel at ho og mamma som då var 9 år hadde
oppgåva å gjere reint huset før gravferda til mora.
Dei låg på alle fire og skura det store kjøkengolvet
og dekte det med friskt einebar...


Tidleg måtte ho, som mange andre jenter i bygda, på 
sætra i Aldalen om sommaren.
Dei passa kyrne, mjølka og bar spannene
nedatt til garden på bratte
kronglete stiar.
Det var ofte eit slit, men når ho fortalde om det
var det med glede over fine
dagar som sætrejente.
I 1947 gifte ho seg med far vår og flytta til
Ulsteinvik.
Sjå innlegg om det
HER


Mamma var eit arbeidsmenneske heile livet.
Hendene låg aldri i ro.
Ho var ei aktiv kvinne, 
blant anna i Norske Kvinners Sanitetsforeining.
og politiske verv,
Ho fekk plass i boka " 100 år 100 namn " i Ulstein
i 2014.

Sorga og saknet har bleikna,
men framleis tek eg meg i å tenkje at
" dette må eg spørje mamma om "...

Anne-Mari







søndag 1. mars 2015

Tova tøfle med antiskli og mokkakake

Først vil eg takke for alle oppmuntrande råd og vink om
lappeteppeprosjektet mitt 


Eg vart så oppkvikka at eg hekla tre ruter den kvelden :)
Men så måtte eg rydde det vekk.
Det er helg må vite...
............

Tova tøfle er varme og gode,
men kan vere farleg glatte.

Eg fekk tips om å bruke bitar 
av antisklimatte
som ein får kjøpt fleire stadar
bl. a. på Biltema

Eg sydde dei på med dobbel snelletråd 
og vona det sit fast.
Slik plassert skal det
 fungere godt
var tipset.

Tøflene er strikka i Fritidsgarn.

...........

 I ettermiddag er det korkafè 
med mannskoret.
Eg har laga mokkakake 
etter oppskrift frå
Inger i mormoruniverset



God søndag, 
den første i mars
 ☼

Anne-Mari



torsdag 22. januar 2015

Vinnarlukke


Eg var så utruleg heldig å
vinne ei av dei flotte gåvene i 

Eit års-abonnement på
det flotte magasinet

LEV LANDLIG !!

 I dag låg første nummer 
i postkassa.


Inne i magasinet finn eg mange spennande
innlegg og bilde om emne som
 Livsstil, Interiør, Hage, Mat,
Reise, Kulturarv.
Det første eg las var eit fint
innlegg om brødbaking.

Tusen takk til Cathrine for
 ei kjærkomen gåve.
Eg gle meg til å bli betre kjent med
det flotte magasinet.

Ta deg ein tur inn i den interessante bloggen:
Cathrines Kreative Hjørne

Helsing Anne-Mari






mandag 22. september 2014

Admiral

" Admiral har fløyelssvarte vinger med røde bånd og hvite flekker,
 og er en av våre mest stilfulle sommerfugler.
Admiralen kan ikke overvintre i Norge, til det er vinterkulden for streng.
 Men den blir regelmessig, mellom mai og oktober
observert i alle norske landsdeler."
wikipedia


Mang ein gong har eg prøvt å nærme meg ein
Admiral,
men aldri fått tatt bilde.


Denne gongen sto han lenge på blomen,


han dreia seg rundt og viste fram baksida si,
som hadde litt andre fargenyanser.

Som ein sjøoffiser av høgste rang.

Hausten gjer sitt inntog.
Her skin sola, men lufta er skarpare.

Tusen takk til alle som besøke bloggen min.

Eg kjenner meg audmjuk og takksam når eg ser teljeverket
har bikka 200 000 visningar.


Ha ein fin måndag alle som ein.

Anne-Mari