fredag 31. august 2018

Fin tur til hytta.


Det er finast å køyre til hytta i Nordfjord
 om morgonen.
Og ekstra fint er det når sola skin
og vinden kviler.


 Kilsfjorden i Volda kommune er 
vakker.
Spegling i vatnet,


 autovern langs vegen 
 minner om perler på ei snor...


Bjørkedalsvatnet har eg vist mange bilde frå,
det er berre fantastisk å 
nyte synet av fine speglingar.
Vil du sjå fleire innlegg kan du
søke på Bjørkedalsvatnet i søkefeltet øverst oppe på høgre side.




Me køyrde den Trondhjemske postveg over Brekka 
frå Bjørkedalen til Harpefossen der me har hytte.
Det er ei oppleving å ferdast her.


Mange stopp på ein slik tur,
bra me er pensjonistar med god tid.
Utearbeid rundt hytta står på planen denne helga 
så me er heldige med veret.

God helg !





mandag 27. august 2018

Papirbleie brukt på annan måte


Å pynte med blomster utandørs på hytta
kan vere ei utfordring om sommaren.
Det kan gå fleire veker mellom me er der 
og oftast har blomstrane tørka opp.
I fjor fekk eg tips om å 
bruke papierbleier i botnen av krukka,
fylle på rikeleg med vatn og mold 
under planta.

Ein slik bleie absorberer ufatteleg
store mengde med veske.

Planta ser litt pjuskete ut,
men det er ikkje av tørke,
heller av mykje vind og det no er 
slutten av august.

Tipset er kanskje kjent for mange,
men for meg var det nytt.
Lukke til for den som vil prøve.

Innlegget linkar eg til 
Sanna si utfordring denne veke:





lørdag 25. august 2018

Dus rosa genser


Ny Saragenser til  Leah Sofie



Ho kom rett frå Karatetrening og skulle hente den så
det forklarer antrekket ho har på under.

Genseren passa perfekt og ho var
godt fornøgd.

Leah Sofie lika godt dette garnet Faerytale frå du Store Alpakka
fordi det er så mjukt og ikkje klør i det heile tatt.
Eg strikka ein til henne i fjor i
Denne gongen var fargevalet enkelt for i fjor
hadde ho vanska med å bestemte seg for 
dus blå eller dus rosa... :)









tirsdag 21. august 2018

Ulstein Bibliotek




Stil/style
er ordet i utfordringa hos Sanna denne veke.

Eg vil vise litt av den særegne stilen 
i det nye biblioteket i
Ulstein kommune si storstove
Ulstein Arena
Dette bildet er lånt frå Vikebladet-Vestposten
fotograf: Ingvild Aursøy Måseide


Klikk deg inn på Biblioteket så får  du sjå 
mange bilde der i frå.

 Det er eit nytt moderne bibliotek der det ikkje
berre blir lånt bøker, 
men kan vere foredrag, debattar,
konsertar og kunstutstillingar.

 Det er ikkje ein stille stad som var vanleg før,
men ein plass der folk kan treffast.

Biblioteket driv etter omgrepet
meirope,
det er ope når personalet ikkje er der,
helg, ettermiddag og kveld.
Det er spennande å innarbeide slik fridom difor
er det omlag 50 frivillege som deler på
å vere på biblioteket nokre timar på
kveldstid og i helgane.
Bibliotekvenene skal vere der som ein 
vaksenperson i miljøet.
Eg er så heldig å få vere ein av desse.

Kreativt dekorerte
dører til toaletta.

Til slutt må eg fortelje at Ulstein Arena er
mellom finalistane til 
Statens pris for byggkvalitet.










onsdag 15. august 2018

Tur på lykke og fromme


Eg vil fortelje om dagen i går.
Den starta med besøk hos svigermor som ligg på
sjukehuset i Volda.
 Etterpå fann me på at det var lenge sidan 
me hadde vore til Sæbø i Hjørundfjorden.
I det fine veret var det ein fin biltur som vart belønna med
nydeleg kake og kaffi her på
kafeen/bakeriet.

Frå Sæbø går det ferje til Leknes på andre 
sida av Hjørundfjorden.
Midt i bildet ser me den populære fjelltinden Slogen.
Men me skulle ikkje over fjorden
denne dagen.

På veg tilbake fekk me lyst til å køyre
fjellvegen til Rognestøylen.
Det angra me ikkje på.
Det vart ein flott tur, men me var ikkje
utstyrt med sko til å gå på tur i skog og mark,
så det hindra oss litt.
Me betalte 15 kr i bompengar og køyrde nokre kilometer
inn gjennom dalen.
Først passerte me Risesetra med fine fjellformasjonar i bakgrunnen.

Bomvegen endar på Rognestøylen.
Her ligg sela inn i bakken, sannsynlegvis for å
verne mot snøfonnene frå dei høge fjella bak.

Idyllisk.

På turen frå sætra oppdaga me at det var masse modne
tyttebær langs vegen.
Me stoppa og plukka først for å ete,
men såg at her var det mykje å hente.

På dette området var me heller ikkje førebudde,
men me hadde nokre tomflasker i bilen.
Då dei var fulle var det berre å slutte...

Me vart einige om at heretter må det ligge både 
sko og posar/spann i bilen så det er klart når me treng det...

Det vart 750 gr ferdig reinska tyttebær.
Rørt tyttebærsyltetøy er nydeleg både på
brødskiva og som tilbehør
til middag.

Me hadde ein strålande dag og
klar for regnet som skal kome.








mandag 13. august 2018

Mjuk


Denne veke er
Mjuk
ordet i utfordringa til Sanna.

I det fine veret i kveld tok eg ei lita runde
i nærmiljøet på jakt etter
mjuke motiv.

Eg fann mjukt gras
og mjuk makkefjøre.

Fløyelsmjukt vatn
Perfekt til spegling.

Mjuke strå som vaia lett med
utsikt til heimen min.

I stova venta strikketyet mitt,
genser det mjuke garnet Faerytale.







søndag 12. august 2018

Uvanleg fenomen


Onsdagkveld
var det eit forrykande regnver.
Ein kunne tru at himlens sluser var vidåpne.
Brått pressa sola seg gjennom skylaget og 
såg ut som ein storbrann.


Det varte ikkje lenge så eg er glad eg sprang
til verandadøra og knipsa.
Augneblinken etter var det over.







lørdag 11. august 2018

Gratulere Karsten !



Folket i bygda vår
og alle Ulstein kommune
er svært stolte over
Karsten Warholm.


Gullmedalje i 400 m hekk.
Gratulere Euroopameister !!

sjå innlegg om då han vart





torsdag 9. august 2018

Ørna


Mannen min lika å sjå etter ørn
både når han er heime og når me går tur.


På ein tur til Kvamstua flaug det plutseleg opp
ei ørn.


Det tok si tid å slå på telefonen så ørna var
høgt i sky før fotografering tok til.


Fantastisk å sjå kor lenge ørna sveva mellom
kvar gong ho bevega vengene.

Med sitt store vingespenn
er ørna majestetisk.

For mannen min var dagen perfekt,
i tillegg til ein fin fjelltur hadde han hatt
ei ørn svevande over hovudet ei
heil stund :)







søndag 5. august 2018

Tunnel


Sanna gir oss ordet
Tunnel
i utfordringa denne veke.

Eg er ikkje så glad i å køyre gjennom lange tunneller,
men er glad for at me har fått
ein 8 km lang undersjøisk tunnel for å kome
oss til fastlandet.
Det blir ikkje bilde frå den tunnelen
i denne omgang.

Eg vil heller vise bilde frå turen
gjennom tunnelen mellom
Goksøyra og Runde

Som du ser,
det er alltid lys i enden av 
tunnellen.








lørdag 4. august 2018

Blå



Då eg fylte 40 år
(for leenge sidan) 
fekk eg desse figurane i keramikk 
frå arbeidskameratar.


Eg er svært glad i den
vesle familien.

Svensk keramik frå
JIE Gantofta
Elsi Bourelius Flower Girl Figurine.

Sjå meir frå kunstnaren


Hos Sanna er ordet Blå i
utfordringa denne veke.






fredag 3. august 2018

Lupiner

Lupiner er på svarteliste her i Noreg.
Den sprer seg lett og er eit problem for ville blomster
som har sin plass langsmed vegane.
Dei fortrenge for eksempel blåklokker.
På våre kantar er ikkje så mykje lupiner lenger,
men i går kom eg fram på ei samling
i forskjellege fargar.







Vakre er dei iallfall.







onsdag 1. august 2018

Roger 45 år


I dag første august er 
Roger 45 år.

Når minsteguten har nådd 
middagshøgda
er det grunn til å sjå at alder er berre eit tal...

Roger driv eiga bedrift
og har mykje å henge fingrane i.
Han er pappa til Benjamin og Hans-Petter,
bonuspappa til Emilie og sambuar med Tanja.
Og ikkje minst,
han er pappa til 
Leonardo

Han er hjelpsom og omsorgsfull og
med god teknisk innsikt er han god å ha
i alle samanhengar.

Gratulere så mykje med dagen Roger !
Lukke til vidare.

Klem frå mamma og pappa

Her kan du lese forrige bursdagsinnlegg: