Viser innlegg sortert etter relevans for søket roger. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket roger. Sorter etter dato Vis alle innlegg

onsdag 1. august 2018

Roger 45 år


I dag første august er 
Roger 45 år.

Når minsteguten har nådd 
middagshøgda
er det grunn til å sjå at alder er berre eit tal...

Roger driv eiga bedrift
og har mykje å henge fingrane i.
Han er pappa til Benjamin og Hans-Petter,
bonuspappa til Emilie og sambuar med Tanja.
Og ikkje minst,
han er pappa til 
Leonardo

Han er hjelpsom og omsorgsfull og
med god teknisk innsikt er han god å ha
i alle samanhengar.

Gratulere så mykje med dagen Roger !
Lukke til vidare.

Klem frå mamma og pappa

Her kan du lese forrige bursdagsinnlegg:






torsdag 1. august 2013

40 år.


Roger, den yngste av våre to kjære søner er
40 år i dag.


1974
(Fargane i kjøkenet vil vel kallast retro i dag....)


Feiringa i dag blir i Oslo med Norway Cup.
På bildet står Roger og ser på sonen Benjamin som er
målmann for laget sitt i turneringa.

Sommaren 1973 var solrik og varm.
Dronning Sonja og eg hadde termin same dato.
Ho fødde prins Haakon Magnus litt før tida,
vår Roger kom litt på overtid.
Fødselen starta medan eg sat på huk og
måla ei fyllingsdør på hytta til foreldra mine.

Distriktsjordmor Oddny Holte meinte fødselen kom til å gå fort !
Ei av sjukepleiarane eg arbeidde i lag med nådde ikkje fram
til sjukehuset nokre månader før, og hadde fødsel i sjukebilen.
Det sto for meg som eit mareritt.

Eg var klar for å føde heime.

Som god sjukepleiar hadde eg , i god tid før,
" desinfisert "to kvite laken.
Dei var kokte og strøkne og låg klar i kleskapet
mellom reine matpapir...

Timane gjekk, riene minka i styrke.
Jordmora fekk mannen min til å smøre brødskiver med syltetøy
til meg, næringa skulle gi styrke og auke samantrekningane
i den store muskelen som livmora er.
Logisk tanke eigentleg.
Klokka halv tre om natta var guten komen.
Ultralyd av gravide var ikkje vanleg den tida så det var
ikkje sagt på førehand kva kjønn barnet hadde.


Til lukke med dagen og framtida kjære Roger !
Helsing mor og far.




- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 24. november 2013

Minne

er Helena si utfordring i Fototriss
denne veka.

Eg vil dele bilde frå tida då
 gutane var små.
på 1970-80 talet.

Kvile med mat og drikke i
enden av Løsetvatnet.
Roger, Andrè og pappa Ottar.

På hytta til foreldra mine.
Andrè og Roger på kvar si side av bordet.
Brørne mine Lars og Jon-Ove på kvar sin ende.
Foreldra mine Marie og Karl på kvar sitt hjørne.
Bloggedama i midten.


Andrè og Roger sagar ved  bak
vedahuset på Løset.

Gode minne.


Du kan sjå minna til andre
HER 



 

onsdag 16. oktober 2013

Roger og bestefar


Kjekt for ein åtteåring
å få hjelpe bestefar og greide garna
før dei skal setjast ut for å
fiske sild.

Bildet er tatt i 1981,
(Tidlegare innlegg om Roger)
  
 Far min var glad i all mat og
særskilt den med spor ;)
Han ville gjerne at me barna og barnebarna
skulle lære å hauste av
naturen.

Minnene lever !

Anne-Mari




søndag 21. januar 2018

Leonardo


lika seg i snøvêr

" hvis et snøfnugg var en klem ville jeg gitt deg 
en hel snøstorm "
ukjent forfattar


Fleire innlegg om hunden til Roger med familie
finn du blant anna

her, her, her







tirsdag 24. mai 2016

Leonardo

er familien
til Roger, yngstesonen vår
sin hund
som eg har skrive om
her  her  her
Han er over eit halvt år no og
begynne å bli stor.

Helse på 
brørne
Benjamin og Hans-Petter


Han viser Hans-Petter 
yndlingsplassen sin.
Her har han full oversikt over
kven som kjem 
til gards.


Godt å ha ein prat med
pappa....


Leonardo er ein klok og fin
hund som har det
fint i lag med familien sin.




mandag 15. februar 2016

Leonardo veks

Stor gut no, men blir nok litt større,


Storebror Benjamin og  Leonardo
helsar på syskenbarnet
Ella Victoria

Godtatt !

give-me-five 
med pappa Roger

..godbit :)

Herleg hund som sjarmerer oss alle.





tirsdag 19. mai 2015

Mindre

17. mai 2014
Far Roger og son Benjamin snart 14 år
var nesten like høge.

17. mai 2015
Klar høgdeforskjell
eitt år etter.



TirsdagsTema: mindre



mandag 20. mars 2017

Fordon


er ordet denne veka.

" Fordon är ett transportmedel som används för att
 transportera gods och/eller människor och djur, över fast underlag. 
 Exempel på fordon är vagn, cykel och bil."


Eg vil vise bilde
 av bilen me hadde i 1975,
attmed nytt hus.
Volkswagen Passat i ein flott farge ;)
Gutane frå venstre
Jon-Ove 8 år bror min 
og sønene våre 
Andrè 5 år og Roger 2 år










onsdag 30. mai 2018

Dagen min


I går vakna eg til ein ny strålande maidag.
Vakkert klokka sju.

Eg hadde tenkt å bake denne dagen for det minka
i frysaren og knekkebrødboksa.
Men i det fine veret fekk eg lyst ut på tur.
Me hadde parkert og starta turen til
Røyrafjellet før klokka var ni.

Det kjendest i lufta at skodda var på veg,
 og ho kom fort.
Me snudde nedatt når den innhenta oss.
Som vanleg på våre kantar er skodda veldig flyktig,
mange stadar er det opning og sola skin medan
skoddeveggen pustar oss i ryggen.
Me spaserte ein tur inn i Røyra då me kom ned,
der sat venner på verandaen og kosa seg 
med morgonkaffien, i sola :) 
Me vart ropt inn og hadde ei hyggestund 
med kaffe, is og kjeks før klokka var ti :)

Skodde og kald vind gjorde det enkelt
å starte baking då me kom heimatt.

Grove pizzasnurra er godt å ha i frysaren.
Barnebarnet Hans-Petter (som bur hos oss i vekene for tida)
 har slike til skulemat.

Grove rundstykke er sunt og godt,
og knekkebrød må eg ha kvar dag.
(fargane på maten ser litt rare ut,
knekkebrøda er ikkje brende..)

Eg avslutta dagen med å fylgje Roger til
Ålesund for å sjå barnebarnet Benjamin spele
fotballkamp.

Denne dagen følte eg at eg hadde vore 
effektiv, nesten som i yngre dagar hehe....


Hos Sanna er ordet i utfordringa
Ute denne veke









lørdag 1. august 2015

Trikketur til Frognerparken, og bursdag



Ein kveld i NorwayCup-veka hadde 
dei to minste barnebarna 
lyst på tur med 
trikken.
Utfor hotellet var det eit 
trikkestopp 
så me tok den første som kom.
Ella Victoria synest det var spennande.

Spontant steig me av
ved 

Der er mykje spennande å sjå
for både små og store.
Monolitten er spektakulær.

Vakre blomsterarrangement over alt.





På veg ut av parken 
fekk me sjå ein telefonkiosk.
Barna hadde aldri sett ein slik.
For oss er det nostalgi.
Den er fullt brukbar og
Leah Sofie fekk prøve.


Yngstesonen vår Roger 
er 42 år i dag.
Gratulere !



Stor bursdagsklem.




tirsdag 17. desember 2013

43 år

Eldstesonen vår Andrè 
er 43 år i dag 17. desember.
På den tida han kom til verda var det vanleg å ligge 
i fødeavdelinga lenger enn i dag.
Den nye familien kom heim julaftan kl 16.
Foreldra mine hadde laga til to rom
på loftet sitt til oss.
I ettertid har eg ofte tenkt på kor snille 
dei var som gjorde det.
Dei fire syskena mine 
frå 4 til 20 år budde også heime.
Soveromet til foreldra mine var
vegg i vegg med våre rom
så ro og fred var det nok
ikkje mykje av...
Det høyrer med til historia at då eine systra mi
stifta familie i 1974 budde dei
også i same husværet nokre år.

Ein glad gut i kjøkenet vårt.
Utslagsvasken er retro i dag,
det var berre kaldt vatn i springen.
Grepakomfyren hadde me i mange år.

 Lyslugga og blid med kveldsgrauten.
Det fine skapet/benken i bakgrunnen romma mykje, og
burde i grunnen vere i bruk i dag også.

Andrè har godnattstund i lag
med bestemor og bestefar.
Han har bandasje på handa etter at han
brende seg på kokande vatn som
vart henta i kjøkenet nede...
Han hadde det kjekt dei to og eit halvt åra
her, og når han flytta var det berre
femti meter til det nye huset
me bygde.

Sikring i bil var ikkje så vanleg på 
byrjinga av 1970-talet.
I folkevogna vår var det eit "rom" bak
baksetet. 
Der sto vesleguten oftast.
Eg får låkt i magen når eg tenkjer på det.
Sjølsagt var det ikkje den trafikken det er i dag,
men likevel.
Me fekk tak i eit barnesete med
bøylar som hang over seteryggen,
like gale !!

 Same sommaren me flytta inn i nyehuset
fekk han ein bror, Roger, som du kan 
lese om i innlegga:  Her
og Her

I dag er guten vaksen kar,
gift med Renathe og dei har tre 
flotte døtre.

Gratulere med dagen 
kjære Andrè !

Helsing mor og far



torsdag 26. november 2015

Leonardo da Vinci


er namnet til det nye 
"barnebarnet" mitt :)
Yngstesonen Roger med familie
har fått hund.

Ein nydeleg kvalp av 
rasen Eurasier

Den er to månader.



Hans-Petter er lukkeleg
"storebror "

Leonardo likte seg i armkroken til
"farmor" :)

Dei bur eit stykke unna så eg får desverre ikkje
 sjå den kvar dag, 
men eg gler
meg over det herlege nye
familiemedlemmet.


I like




søndag 13. oktober 2019

Konfirmasjonen til Hans-Petter 15. september 2019


Soknepresten Margit Lovise Holte og
kyrkjeverje Cristfried Kaul 
forretta.
i Ulstein kyrkje.

Barnebarnet vårt Hans-Petter
 er konfirmert.

Fire generasjonar,
Oldemor Judith 91 år,
farfar Ottar, pappa Roger
og Hans-Petter 

Hans-Petter i lag med sysken
og syskenbarn
samla rundt oldemor.

Borda pynta til fest.

Songhefte med fleire gode songar,
blant anna Til ungdomen, Barn av regnbuen,
Tenke sjæl.

Kakebordet var som vanleg
rikhaldig.

 Sjølvaste kaka med barnebilde.

Det vart ein god dag,
men med eit bakteppe av sakn etter
mamma som døydde 23. november 2018.