fredag 30. november 2012

God morgon

" Oh, what a beautiful morning,
oh,  what a beautiful day "
frå musicalen Oklahoma
kom så føre
meg idag når eg sat og åt frukost

Såg månen,
men ikkje Ufoen som mange
såg i morgontimane..


Eg ynskjer at alle har ein fin dag,
den siste i november.


Så minner eg om at det er
ei veke att til å melde seg på
Klikk her:


Med det himmelske bildet 
tek eg del i Himmelsk hos Petunia.
Sjå alle bidrag:
HER 



onsdag 28. november 2012

Arv

Medan eg baka kanelsnurrar i går, kom eg på
å ta bilde av kaffiserviset eg kjøpte i St. Petersburg 
 på den turen eg skreiv om HER

c
Imperial Blue Cobalt Porcelain

Leita fram den gamle fine duken som har 
si eiga historie.
For nokre år sidan var foreldra mine, mannen min og eg
til Canada på besøk hos slektningar.
Fem av syskena til mormor reiste dit og busette seg 
der rundt århundreskiftet. 
 Mor mi hadde over tretti syskenbarn i Canada.
Me budde hos ei av dei, Alvhild. 
Ein dag kom ho med denne duken og sa at 
ho hadde tenkt at eg skulle få den.
Mormor hadde brodert den og sendt den 
som bryllaupsgåve til foreldra hennar i 1920 

 
Namnet til mormora mi var Anna Marie
Eg heiter etter henne og det var difor Alvhild ville
at eg skulle få dette arvestykket.
Det ligg mykje arbeid og flid i duken.
Eg syns den er nydeleg !

Fleire broderiteknikkar 

Mor mi miste mor si den sommaren ho fylte 9 år.
Ho døydde av hjartesjukdom etter lang tid i sjukesenga.
Det var eit hardt slag for dei alle.
Barneflokken måtte tidleg 
ta i eit tak.
Tante Agnes som nyleg fylte 92 år har fortalt meg at ho
som fjortenåring, og mor mi på ni,
 måtte ordne huset før gravferda
til mora.
Dei låg på alle fire og skura
kjøkengolvet.
 
 Ein onkel av mor mi som budde på garden
 hadde fotoapparat.
Difor fins det mange bilder frå 
mor sin barndom og oppvekst.

På dette bildet sit mor på arma til mor si.
Ei syster til kom seinare.
Syskena hadde eit godt forhold til kvarandre 
heile livet.
Eg skreiv tidlegare eit lite innlegg om Åsen




mandag 26. november 2012

Mandagstema # 68

GJERDER/FENCES
er tema hos Helene I Alt som er Vakkert i dag.
 
Minner frå 
sommaren 
kan vere fint å ta fram no i
mørketida 

 Sauene bak gjerdet
likar godt å få 
brødskalkar
 Det er trygt med eit
gjerde mellom oss..


Du kan sjå fleire bidrag i
Mandagstema 
HER 



søndag 25. november 2012

Hødd

Eg lovar at det er siste innlegget om 
fotball (på ei stund)
Men det går ikkje an å vere frå 
Ulsteinvik 
utan å la seg påverke av at

HØDD
  er
Norgesmeister i fotball 2012


Gratulerer !!
dei unge spelarane, men like mykje til
det fantastiske støtteapparatet som er rundt
Hødd   

Tusen takk for alle kjekke kommentarane,
og heiaropa til Hødd 
i det forrige innlegget mitt ♥

Eg ynskjer alle der ute ein 
god søndagskveld !

Klem frå Anne-Mari     

 

lørdag 24. november 2012

Cupfinalehelg

" Nesten " alle som kan krype og gå
er i Oslo denne helga.
Hødd skal spele cupfinale i fotball 
mot Tromsø på Ullevål.
Har sett bilder på TV, det er mange 
blåkledde i gatene.
Her heime er det stilt og fredeleg
Eg kan finne  mange ting å gjere

 Hekle hue i yndlingsfargen
Spele word-feud

Hekle og gjere ferdig lysglas
Nyte synet og lukta av roser

Gå tur med Bessie, kanskje finne sola..
Nyte utsikta frå stoveglaset
Og, eg finn alltids noko godt i skapet
og i frysaren.
I morgå sit eg klar framfor TV-en
Vonar det blir ein spennande kamp,
og sjølsagt kjem eg til å rope

Heia Hødd !!

Eg ynskjer god helg !
Helsing Anne-Mari  






torsdag 22. november 2012

Himmelsk # 112

Fekk lyst til å vise
bilde frå ein tur på Island

Kjenner eg blir lett til sinns når eg ser på denne
fossen :)

Sjå fleire himmelske bilder hos


Minner om
trekning 9. desember

God torsdag !

onsdag 21. november 2012

Siste før solsnu

Her hos oss er sola
borte  omlag seks veker før-
og seks veker etter solsnu
21-22. desember
 
Bilde frå 8. november. 
Plantene og menneska har solstrålar enno
 
Dette bildet er frå 31. januar då sola kom att forrige gong.
 sjå Her
Det "brune" panelet var klar
for oppussing
 
 
Eg nyt dei lyse veggane og taket,
også når det ikkje er sol
 
 
Den lange tida utan sol merka
eg ikkje så mykje då eg var i jobb.
Det var mørkt når eg fòr, og mørkt når eg kom heim.
Saknar sola no
når eg er heime heile dagane,
men som tidlegare innlegg viser,
er det mykje ruskever denne tida, og
sola er borte hos dei fleste...
 
Nyt sola, alle som har den ☼
 
Her er grått og 10 grader idag
 


tirsdag 20. november 2012

" Elerov "

Det har vore mykje regn og vind i det siste.
Timar utan opphald, men òg  
 elingar
Ein eling kan vere ei regnbyge,
snø- eller haglbyge.
(ein kan òg kjenne elingar i kroppen,
av kulde, varme, glede..., men det er 
ei anna sak)
Sist søndag vødde me oss i regnklede 
og tok ein tur
Slik såg det ut.
Men lysning i sikte ga von 

 Dette er nokre få minutt etter...
 " elerov "
gamalt uttrykk for når
det blir "revne" i elingen ei stund.

Himmelen var blåare enn blå ...

 Enda nokre minutt..
Ny eling på veg...
springe til bilen.
 
For ordens skuld, me var på tur omlag ein time ;)

Slik er det ofte på Sunnmøre.
Kan ikkje seie at veret er kjedeleg !

Til slutt vil eg seie at eg set umåteleg pris på 
alle besøka og dei gode kommentarane frå dykk !

Klem frå Anne-Mari

søndag 18. november 2012

Ein smak av..



har nye utfordringar til oss kvar mandag.
Denne gongen er emnet
Ein smak av... /A taste of....


Heimelaga pålegg til jul er tradisjon
hos oss
 Ein smak av
lammerull er nydeleg !




Eg ynskjer dykk alle ei god ny veke !
Klem frå Anne-Mari

fredag 16. november 2012

Babusjka / Matrjosjka

Fyrst av alt vil eg takke for alle dei 
hjartelege helsingane og gratulasjonane
i samband med at me har fått
eit nytt barnebarn,
ei fin lita jente 
♥ ♥ ♥

 
For nokre år sidan var eg på tur til Russland og Estland.
Bussen var fullasta med folk, i tillegg til
nødvendige ting som klede, hermetikk,
leiker +++
som skulle leverast til barneheimar og skular i
regi av Advenkirken der borte.
Det var spennande, men me opplevde
 å vere både triste og glade.
Alle me møtte var så takksame og strålte når dei fekk
teiknesaker, sokkar og andre ting,
 men det var trist å sjå dei elendige tilhøva mange 
levde under.
Eg tek hatten av for alle som driv
dette frivillege arbeidet.
Du kan gå inn på linken lenger oppe og
lese om det.
På turen var me innom mange små byar der
det var lite turistar.
Det vart handla forskjelleg ting, 
i dette innlegget vil eg vise 
dette 

 
 Eg kjøpte Babusjkaen i eit lite marked.
Denne definisjonen fann eg i eit gamalt leksikon :)

På internett er det lite å finne om Babusjka, men 
der står litt om Matrjosjka (Matruska)
Tredokka er i russisk tradisjon hol og dekorativt måla.
Dokkene kan delast i to og inni kvar dokke 
er det ei mindre dokke.

Ein kan lure på kva den symboliserar,
Er det den gamle mora med borna sine ? 
eller etterkomarane sine ?
eller er det lag på lag med røynsler/opplevingar ?
 Er det nokon som veit meir om dette ?

Mi Babusjka er berre 7 cm høg 
den har 9 dokker inni seg,
og eg syns den er nydeleg !
Dokkene i denne er laga i eit løvtynt tremateriale,
mange av dei er så små at eg har problem med å opne dei,
den minste er på størrelse med 
naglen på veslefingeren min.

Eg er svært glad i Babusjkaen min og passar godt på den ;)
Borneborna får sjå på den, men ikkje ha den i leikekassa ....
(streng farmor med andre ord) 

Til slutt vil eg minne om Gi vekk
her på bloggen.
Trekning 9. desember om kvelden.

Eg ynskjer dykk alle ei strålande helg !
Klem frå Anne-Mari

 

onsdag 14. november 2012

Korsande

Onsdagstema # 135 er
korsande
eller kryssande på norsk

Ein kan tolke temaet fritt.
Oppvaskristen med sine kryssande spiler
er mitt bidrag.

Du kan sjå fleire bilder hos




mandag 12. november 2012

Den blå timen


 Omgrep som blir brukt om perioda med
tussmørker kvar morgon og kveld,
når det korkje er fullt dagslys eller heilt mørkt.

Dette bildet tok eg litt seint på dagen i går då me lufta oss.
Jentene var ilag med farfar og farmor på hytta
medan me venta på veslesyster :)

Den skjønne vesle jenta kom til verda i går kveld !

Storesystrene  på 10 og 5 år er stolte og glade.
Og besteforeldra er takksame for
å få eit barnebarn til.
Me gler oss til å bli kjende med henne ♥

Takk takk

Dette er mitt bidrag i
Mandagstema # 66
Du kan sjå mange spennande blåtimar hos



 

fredag 9. november 2012

Gi bort - Vinn pynt til jul

Jula nærmar seg og eg har lyst
til å gi bort ein liten ting til dokke som besøker bloggen min.
Frå eg starta å blogge for vel eit år sidan og til no
har det vore over 28.000 besøk på bloggen!!
Eg blir både audmjuk og glad, og
vil takke for alle gode ord og tankar
både skrifleg og munnleg.

I samarbeid med den tradisjonsrike og fine butikken
PF Waage
som du finn
HER og
kan 5 av dokke vinne flott julepynt.



Frå Rosendahl, 3 stk
Karen Blixen`Jul

Og frå Jette Frölich, 2 stk
4 miniatyrhjerter

Reglane er:

1 lodd for kommentar til dette innlegget
1 lodd for å bli følgar eller allereie er følgar til bloggen min
2 lodd for å legge link til dette innlegget på bloggen din
Bruk det øverste bildet
2 lodd for å følge PF Waage på facebook,
trykk på link lenger oppe på sida
2 lodd for å legge til bloggen min i blogglista di

Det er muleg å ta totalt 8 lodd.
Skriv i kommentarfeltet kor mange lodd du tek.

Du treng ikkje å ha blogg for å ta del, men hugs
å skrive e-postadressa di så eg kan finne deg om du vinn :)

Det blir trekning fredag 9. desember om kvelden,
og kunngjering om kven som har vunne laurdag 10.
Og julepynten vil forhåpentleg kome fram til jul.

Lukke til ! 

Med ynskje om ei god helg til alle !
Klem frå Anne-Mari


" en himmelsk munnfull "

Eg rekna med at fleire har fått
augene (og smaken) opp for desse 
godsakene

LAKRIDS by Johan Bülow
Gründeren og lakriselskaren på den
danske øya Bornholm utvikla
ei serie lakrisprodukt for få år sidan.
Det fins mange variantar
 søte, salte, med sjokolade, chili, ingefær...
Alle produkta er økologiske og glutenfrie.
(hm, er ikkje betalt for å drive reklame...)

Eg likar den søte med sjokolade, den er farleg god.
Heldigvis er butikken som sel den milevis frå
der eg bur...
Kjøpte ei boks forrige veke, 
den står i kjøkenskapet, 
men eg trur det er strekk i den,
den dreg meg til seg
ustanseleg ♥

Nyt dagen !
 helsing Anne-Mari

torsdag 8. november 2012

Himmellekam

For nokre dagar såg eg dette då eg var 
på veg til nabokommuna.

Ein UFO...;)


Sjå fleire Himmelske bilder hos


Eg ynskjer alle ein fin dag !

tirsdag 6. november 2012

Starbucks og merksemd


Har høyrt så mykje skryt av
Starbucks.
Så då eg fekk sjangsen kjøpte eg
caffe latte.

Må berre innrømme at den
smakte kjempegodt.

Dette var i Kiel.
I Noreg er den å få kjøpt berre
i ankomsthallen på Gardermoen.

Men det blir laga god kaffi i Noreg òg,
så kvifor er Starbucks så ettertrakta ?
Kva syns du ?

______________________

Så har eg har fått ei ny merksemd,
denne gongen frå


Ho har ein nydeleg blogg,
 og er flink å gi positive kommentarar
til sine bloggvenner.
Ta deg ein tur inn på bloggen hennar.


Det er oppmuntrande å få slik merksemd,
men det er vanskeleg å velge blant
alle dei flotte bloggane kven som
skal få den vidare.
Eg har gitt vekk til nokre før
her og her

Denne gongen har eg valt å gi vidare Awarden til
 
Fine blogger som er vel verdt eit besøk !
 
 Tusen takk,
- til alle som har vore innom 
bloggen min,
- for alle dei gode kommentarane
dokke har gitt meg.
 
Det varmar mitt hjerte ♥

Klem frå Anne-Mari
 

mandag 5. november 2012

Lyspunkt

er Mandagstema # 65

Dette lyspunktet over Høddvoll
gir von om seier
i cup-finalen 
på Ullevål
25. nov.

Heia Hødd


Sjå fleire bidrag hos


lørdag 3. november 2012

Gamlehuset II

Var ein liten tur innom arbeidsromet 
i Gamlehuset.
Hugsar du eg skreiv om skilta 
i Gamlehuset ?
Det innlegget kan du sjå
HER 

Det fyrste som fanga merksemda mi
denne dagen var desse

 Eg likar så godt emaljerte kjørel.

 Fin kjel, den ser nesten ut som den er ny..
  krusene er nok meir brukte

Tanja lagar ting med særpreg og omtanke.
Her er det ei gamal fotoramme
som har fått tekst

Eit  krus har fått ny
verdi

Godt plassert skilt,
bak døra er " aktivitetsrom " for
born og vaksne.
" Cyberworld "

Den gamle spegelen har fått
sin renessanse
(hm, ikkje lett å ta bilde av ein spegel..)

 
Du får vite meir om Gamlehuset
viss du klikkar deg inn på desse to stadane:
Gamlehuset er på Epla 
Facebooksida til Gamlehuset 

Ynskjer god novemberhelg til alle der ute !

Klem frå Anne-Mari