mandag 30. juni 2014

Interesse for blomster

har eg alltid hatt.
Det er ikkje lett å sjå på hagen,
men det har iallfall ikkje skorta på litteratur
om emnet.
Under ei rydding på loftet fann eg 
desse årgangane av
Norsk Hagetidend frå 1976 og 
nokre år framover.
No er dei lagt i papirdunken til resirkulering. 

Etter som åra gjekk kom det tilbod på
 kort som kom i pakkar på 10-20 kort i posten kvar månad,
Med godt system i ein oppbevaringskasett skulle 
det vere enkelt å ta med det aktuelle kortet
 når ein skulle handle,
planlegge eller plante.
Slett ikkje verst,
men det er årevis sidan dei er brukte.
Ja, eg hadde faktisk gløymt at eg har dei...

Den siste investeringa i hagelitteratur var denne 
serien frå Hagegleder.
Her er kort med god informasjon
om planter og stell.
Det er lenge mellom kvar gong dei er i bruk,
men eg tok fram kortet om jordbær då 
mannen sette jordbærplanter for nokre veker sidan.

I dag er det enkelt å bruke google når eg vil finne ut 
noko om planter og hagestell,
 berre eit tastetrykk unna.

Og ikkje minst er det mykje inspirasjon
å finne hos dei fine bloggarane som 
skriv om blomster og hage.

Ha ein god dag, den siste i juni.

Anne-Mari



søndag 29. juni 2014

Dører

Tema i Fototriss - tre bilder på ett tema,
 denne gang er
DÖRRAR/PORTAR.


Hovuddøra til 
Skrivargarden - Leikvin 
i Eid kokmmune.
Huset oppført omlag 1790.


Inngangsdøra til Kulturhuset Gamlebanken
Knutepunkt for kulturlivet i Eid.
Vakkert, intimt konsertlokale, galleri og 
utstillingar i tre etasjer.


På Sørlandstur i fjor sommar
såg me denne vakre døra.
Eg kjenner ikkje til kva kommune
huset ligg i.


Fleire dører finn du
HER




fredag 27. juni 2014

En hustavle

av Arnulf Øverland

Det er en lykke i livet
som ikke kan vendes til lede:
Det at du gleder en annen,
det er den eneste glede.

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av tiden 
stå ved en grav å klage: 
Døgnet har mange timer.
 Året har mange dage.



Desse orda dukka opp i hovudet mitt i dag,
ei eldre dame som eg sette stor pris på døydde i går natt.
Etter at eg prata med henne sist,
 tenkte eg å besøke henne 
snart....

Anne-Mari




mandag 23. juni 2014

Jonsok

eller sankthansaftan
23. juni,
 midtsommar.
Namnet Jonsok er ei forkorting av Johannes.
St. Hans, minnedag 24. juni for Johannes døyparen.

Det er tradisjon å brenne Jonsokbål
Bålet her på garden er klar til
i kveld.
Bålet blir også kalla 
" brising "
Ivar Aasen: " især Lystild som optændes på et høit
Sted for at sees i Frastand "

Midtsommar er ei fin tid,
men litt vemodig at no blir
dagane kortare og kortare ...

I dag 23. juni er det barnebarnet
 Hans-Petter sin 10 års dag.
Hipp hurra !!
Ein blomst til deg.
Storkenebb (Geranium)


Vona det blir ei fin jonsokfeiring.

Anne-Mari





]

fredag 20. juni 2014

Gyvel på nært hald


Gyvel er prydbusker i mange hagar,
men ver merksam på at den er giftig. 


Giftig fordi den kan påvirke hjarterytma.
Den har verknad på glatt muskulatur som tarmfunksjonen,
men også fødseldrivande.


I dag blir den ikkje brukt til medisin.


Men fin er den .

Her har det regna fleire dagar, og 8 -12 grader.
Kjenner på at eg er mest hippen på
 sommar og sol, 
og i dag skin ho.
 Hurra !


Anne-Mari



onsdag 18. juni 2014

Onsdagstema #218


Tema: Syna i sömmarna.
( gå etter i sømmene )


Orkanen Dagmar som herja i jula 2011
gjorde skade på mange ting.
Blant anna fall mange store gamle
tre.

Her etterforska Hans-Petter og Bessie 
arret etter den store bjørka som har gitt etter for
vinden.


Bildesamling finn du 
her




tirsdag 17. juni 2014

Kveldshimmel

Like før midnatt 16 juni
er himmelen over
Ulstein verft
slik.


Det er ikkje lett å gå til sengs når soveromet 
vender mot solnedgangen...

Fin juni-veke til deg.

Anne-Mari


onsdag 11. juni 2014

Onsdagstema: Vimmelkantig

tolkar eg som å vere 
svimmel på norsk.

Eit slikt flog gjennom lufta som
Hans-Petter gjer her,
ville garantert gjort meg 
svimmel !


Fleire vimmelkantige bilde 
kan du sjå



søndag 8. juni 2014

På Hasundhornet

er det fin utsikt over store delar
av Ulstein kommune.

Eg prøvde panoramafunksjonen på iPhonen,
klikk for å få større bilde. Då ser du
ein del av Ulsteinvik sentrum til høgre,
Dei store skipsverfta Ulstein verft midt i bildet
og Kleven verft til venstre.

Her viser Dimnøya ,nokre km frå sentrum,
Eg bur her, eit lite stykke frå Kleven verft.
Den vesle kvite prikken rett inn for holmen.
Vakraste stad på jord....
Lenger bak ser du øyar i Herøy kommune,
og ein flik av Sande kommune i venstre kant.

Det er flott å kunne nyte fine sommardagar no.
Slik vil me ha det lenge !

God pinsehelg vidare frå

Anne-Mari


fredag 6. juni 2014

God pinsehelg

I går tok eg ei runde i hagen der dei 
eldste vekstane står.

Snøsløyfe - iberis Sempervirens
Den er vintergrøn og dekker botnen.
På denne tida er den i fin blomstring.

Eg trur den er tretti år.

Me har hage som grensar til 
der eg vaks opp.
Foreldra mine planta mange vekstar som 
eg kjenner litt ansvar for å passe på,
og ikkje minst nyte !

Azalea

,
 Eg synest denne er så nydeleg, 
sart og fin.

På eit sørvendt område planta dei mange
Rhododendron.
Desse er store og flotte.
I går kveld var det desse
tre som blomstra.




Det er artig å sjå lilla rhododendron, dei har
så ulike nyanser at ein godt kan seie 
at lilla ikkje er lilla....

Foreldra mine var svært stolte av 
dei flotte plantene.
Dei hadde undra seg i dag dersom dei
såg kor store og triveleg dei
har blitt.

Det blir nok fleire innlegg om 
Rhododendron vil eg tru.
Det er mange som er klar for
blomstring.

Vivishagerom - Helgegleder

Vonar at du og dine får ei 
fin pinsehelg!

Anne-Mari


onsdag 4. juni 2014

Testglad

 er Onsdagtema # 216

" Vil pappa og farfar teste om dette
er betre ? "
tenkjer kanskje vesle Ella Victoria 


Du kan sjå samleside over testglade





mandag 2. juni 2014

Junilandskap

er 

Bilde frå turen i fjellet der me har hytte 
viser landskapet tidleg i juni.
Ikkje så grønt i marka her oppe,
og snø i fjella på andre sida av
Nordfjorden.

På veg ned att ser det annleis ut
Her ligg den fine vårfjøsen i le
for den verste vinden,
og det er med ein gong litt 
frodigare.
Sunnmørsfjell i bakgrunnen.

Nyt dei første junidagane !

Anne-Mari

Klikk på linken i starten av innlegget.


søndag 1. juni 2014

From where I stand

er Fototriss denne veka

Tanken med denne fotoidèen er at ein skal
fotografere nedover der ein står og få til eit
spennande bilde, der føtene
er med.

...........

Me fylgde ferje på heimturen frå hytta.
Dekket på ferja har mange 
detaljar.
Eg er alltid skeptisk til å stå på gitter,
redd for at det skal løsne og sende meg ned i
djupet...

Det er tryggare å stå på tett dekk.

Me stakk ein tur innom Plantasjen som har
søndagsope.
Det er mangt ein kan finne her,
men eg leita mest etter motiv til trissen....
medan mannen min handla jordbærplanter.

Du finn ei samling av bilder på 
dette tema

Ha ei god ny veke,
den første i sommarmånaden juni !

Anne-Mari