søndag 31. juli 2016

Frukost på Swejgaard B&B

18 juli bestilte me frukost hos vertsskapet.
Frukostbordet var delikat dekka 
i eit koseleg rom med teikningar
på veggane frå tidlegare gjestar,
og pelargonia i vindauga.
På enden fekk veslejenta
eigen barnestol
 og barneservise.



Naturell youghurt med frukt og bær var start på måltidet.
Ein drikk med  pressa ingefær skulle vere ein sunn og fin start på dagen,
frisk frukt og bær, og eit nydeleg brød rett frå omnen.
Egg og bacon pynta med godsaker frå hagen.
Meir ost og pålegg samt syltetøy av mange slag.
Til slutt eit godt kakestykke til kaffien
(du ser det på øvste bildet)
Ein nydeleg frukost som 
start på bryllaupsdagen vår :)

Om kvelden middag i ein restaurant i Løkken,
Desserten Sjokoladefondant
med tilbehør.

Brudgomen sin drikke,
Æblesaft med hyldeblomst
46 års bryllaupsdag




torsdag 28. juli 2016

Klatrehortensia

Klatrehortensia
Hydrangea anomala

Klatrehortensiaen blir nesten som eit tuntre
der den snart når toppen
av den gamle og stygge furua
ved huset.

Eg synest den er vakker
med sitt vell av
blomster

Mykje knoppa 

og eit yrande liv


 med bier
i  blomsterskjermane.

Det er mykje å gle seg over 
sommarstida :)

sjå tidlegare innlegg om den




tirsdag 26. juli 2016

Swejgaard B&B


i Danmark 
var feriestaden vår ei veke i juli.
Eg fann plassen på Instagram der 
Berit Swejgaard legg ut
bilder på 
#ferievedvesterhavet

Me ferierte i lag med eldstesonen,
svigerdotter og dei tre jentene deira.
Me budde i fløya til høgre
der me hadde fine rom
og alt me trengde

Hovudhuset på garden

Ein herleg plass i landlege omgivnader 
der me hadde god tid 
til å gjere akkurat
det me ville.

sveve i frisk luft..

leike med dei fire kattungane og
 mammaen deira


snille Charlie som gjekk i lag med oss


 sjå på når dei klipte sauer

hønene som fekk gå fritt 
av og til

 frukost med
egg frå hønene på garden

Kan ein ha det betre ?
Barn og vaksne hadde ei fantastisk veke 
på ein fredfull plass
der sola skein frå morgon til kveld.
Gjestfritt og flott vertsskap som
gjorde alt for at me skulle trivast.

Me tok turar til stranda og andre stadar,
kanskje kjem det innlegg
om det etter kvart.




fredag 15. juli 2016

Sykkel


Det er sommar og tid for sykkelturar.
Min sykkel er grå og
kjedeleg,
men kanskje eg skal pynte den
så det freista meir å ta
ein tur...
Sjå på denne:
Den står så bjart og fin i
Volda sentrum
Ikkje trur eg at den har tenkt å by meg med
 på tur
Den har fine detaljar og fargar
som gjer den til eit blikkfang i gatebildet.


Eg er på ferie i Danmark og
kjenner at det kjem til
å bli lite blogging
nokre dagar.

God sommar til deg kvar du enn er.










tirsdag 12. juli 2016

Nye mapper til ferieturen

Fredrikke i bloggen
lagar mange fine ting på bestilling.
Ho syr blant anna toalettmapper.
Eg bestemte meg for 
å bestille det hos henne

Eg var interessert i to mapper til ferieturen.

Den eine må ha plass til 
fleire medisindosettar + anna
så eg er sikker på å ha nok medisin

Og eg ville ha ei stor toalettveske med
plass til alle mine
 "må ha" ting

Me kommuniserte via e-post om
storleik og fasong.
Ho la ut forslag til stoff på bloggen,
og eg bestemte meg for dette
fine uglestoffet.

Eg gler meg til å ta dei i bruk
og gjere dei til
"mine"

Sjå innom den spennande bloggen Kort og søm
der finn du også eit stort utval festlege 
kort til alle anledningar.









søndag 10. juli 2016

Rosa rundballar

Om lag 40 % av graset i Noreg blir
konservert som rundballar
og lagra utandørs.
Rasjonelt og enkelt, men kostbar metode.
Vanlegvis blir det brukt kvit plast.

I år kan me sjå ROSA rundballer mange stadar.
Du har sikkert sett dei.
Bilde frå eit gardsbruk på Bjørkedalen

Bilde frå Skjåstaddalen
med rosa rundballer under høge fjell.

I Sunnmørsposten las eg at
det er selt 10.000 rullar med
rosa rundballeplast
for kvar rull betaler bonden,
Felleskjøpet og produsenten Trioplast
10 krone kvar til brystkreftforskning.
(hittil 300.000 kr)
Bøndene blir oppmoda om å legge dei
rosa rundballane
godt synlege slik at aksjonen blir lagt merke til.

Flott tiltak. 









lørdag 9. juli 2016

Retro


I utstillingsvindauget til ein
gjenbruksbutikk såg eg
denne kjolen ein dag.
For meg som er blitt nokre år gammal var
det artig å sjå 1960-tals kjolen.
men den var eit par nr. for stor....

Lenger inn i butikken var dette antrekket
utstilt.
Fin bluse i bomull frå Rico Vero,
og festleg skjørt.
Artig halsband som passa.
Eg falt pladask, dette må eg ha...
Blusen prøvde eg, var redd den var for trang,
men den passa.
Skjørtet prøvde eg ikkje for eg fekk fortalt at det 
var omslagskjørt.

Vel heimattkoma var det
prøving før eg vaska plagga.
Skjørtet er ikkje omslagsskjørt og er for trangt i livet,
men kanskje eg får til å gjere noko med det.
Blusen er kjempefin og
kjem heilt sikkert til å bli brukt.
Halsbandet er ikkje heilt meg,
men det kvikka opp :)
Heile stasen kosta 149 kr.






fredag 8. juli 2016

torsdag 7. juli 2016

Jordbær

Me har 12 jordbærplanter
i hagen
Det blir ikkje den store innhaustinga,
men dei modnar jamt og trutt.

Eg høyrde på radioen ein dag at dei
snakka om at jordbær ikkje er
bær, men ei frukt

Wikipedia:
"Jordbærplanten har trekopla blad, hvite blomster (naturlig i maijuni i Norge). 
Frukten - jordbæret - er i botanisk forstand en såkalt falske frukt eller hjelpefrukt,
 dannet av den oppsvulmede, kjøttfulle blomsterbunnen 
og som på utsiden har smånøtter der frøene finnes. 
Planten blir ca. 20 cm høy."

Ein lære mens ein leve...,
men kvifor har den namnet bær då ?

Gårsdagens innhausting
åt me opp medan me såg EM-kamp
mellom Wales og Portugal.








onsdag 6. juli 2016

Lobelia


i kveldssol

og i dagslys

Lobelia er ei enkel plante å ha på altanen,
den blomstrar heile sommaren
og tole både regn og sol.







tirsdag 5. juli 2016

Ute


I helga var 
Roger og Leonardo
i lag med oss på hytta
Det var bra ver så me var 
mykje ute 

Her går turen ei runde i dalen
mot idylliske
Tippasetra

 Harpefossen Hyttefelt
på andre sida av dalen

Leonardo får lengre band
og kan vere ute 
på terassen ei stund til

Han ga uttrykk for at han lika seg på hyttetur :)







mandag 4. juli 2016

Vinnarlukke

Sommarlaurdagane 
er det alltid kjekt å flanere
 i gatene
på Nordfjordeid
 Korps og andere organisasjonar 
har lotteri,
der er brukthandel og
ikkje minst mykje godt å få kjøpt 
til å bite i.
Natronkakene er ein spesialitet som
me ofte kjøper.
Eg har dessverre ikkje bilde
av dei.
Her står Ottar framfor Kulturhuset Gamlebanken,
han hadde hell med seg i
lotteriet og vann
ei flott Gerorgine

 Nydeleg farge

 Denne må eg ta med heim.
den klare seg nok ikkje
lenge åleine
utfor hytta.






fredag 1. juli 2016

Tre på rekke og rad...


I går gjekk turen frå Gamleeidet mellom
Ulstein og Hareid
til Nevstadnipa som har ei
karakteristisk rekke tre
på toppen

På avstand kan trerekka sjå ut
som ein flokk indianarar...

Me nærma oss 
 trerekka
midt på bildet.
Storfjorden og Sunnmørstindane 
lengst vekk

Ganske spesielt dette her...
Tre på rekke og rad på ein smal fjellrygg.

Når eg snudde meg såg
eg Dimnøya
i Ulstein kommune
Heimen min er midt i bildet

Fin tur i flott ver.