onsdag 30. januar 2013

Eit godt minne

Birgitta gir oss ei ny utfordring kvar onsdag.
I dag er temaet:

" OFÖRGLÖMLIGT "

Mitt bidrag er eit bilde frå 2004 av far min
med eit av oldeborna (vårt barnebarn).
Det er tatt anten før eller etter draging av sildegarn.
Far min var glad i all slags fisk og åt det gjerne
til frukost, middag og kveldsmat....
Me snakka ofte om at viss fisk er livgivande
skulle han leve til han vart hundre år.
Men slik gjekk det ikkje,
arbeidsmiljøpåverknadar frå  yrkeslivet 
vart hans bane.
Asbest.

Ei fin stund som sit i minnet.
Uforgløymeleg.


Fleire uforgløymelege bilde finn du
I Onsdagstema # 146 



Eg vonar at du har ein fin onsdag !

Anne-Mari

Ps. sjå også fine bilde her:
Himmelsk # 122 hos Petunia 
   

mandag 28. januar 2013

Røyskatt, godt likt ?


Innlegget som har hatt absolutt mest besøk her på bloggen er


Det er eit år sidan eg skreiv det.
Dette innlegget har hatt over tre gongar så mange
besøk som neste på lista.
Eg har ofte lurt på kvifor nokon er innom der
nesten kvar dag.
Men det får eg nok ikkje svar på.

Me har sett spor etter røyskatt denne vinteren òg,
men ikkje sett den.
Andre dyrespor rundt hytta er av rev og mår.
Eg lit på at hytta er tett,
for slike gjestar kan gjere stor skade viss 
dei kjem seg inn.

Hendinga med røyskatten var ei fin oppleving.
Eg såg den vesle karen frå kjøkenglaset.
Mannen min og eg lista oss ut i garasjen.
Først såg me ingen ting, men så..

Her låg han, under loket, spekulerte nok fælt på kven
 som kom og forstyrra han.
Etter kvart hoppa han ned og sprang ut.
Men det var ikkje lenge før han kom igjen
sjøl om me sto der.
Nysgjerring !
 
Og søt  :)
Eg har nok lært litt meir om korleis eg kan redigere bilde på dette året.
Difor kan eg no vise røyskatten betre.
Eg vil ynskje velkomen dei nye fylgjarane på bloggen.
Takk til ALLE for kjekke besøk. 
Anne-Mari
 


lørdag 26. januar 2013

God helg !


Desse små liljene i påskefarge
gir von om vår og
lysare tider.


☼   


" Å vente på en glede er også en glede. "
 Gotthold Ephraim Lessing


Til alle som stikk innom ynskjer eg
GOD HELG !

Anne-Mari

 

torsdag 24. januar 2013

Himmelsk # 121

Bildet tok eg i dag frå Eidet mot Hareid.
På fjorden går ferjene jamt og trutt.
Dei er ein del av riksvegen vår.
(klikk på bildet så det blir større)
Den strålande sola greier ikkje heilt å
skine over fjella 
så store deler av landskapet ligg
framleis i skugge.



Sjå fleire himmelske bilde hos


Ynskjer deg ein fin kveld :)

Anne-Mari

onsdag 23. januar 2013

Økonomisk..?


I dag vil eg dele eit tips.
Det er sikkert mange som har det same,
men andre kan kanskje få ein idè.
Heilt frå eg var 14-15 år har eg brukt
krem i ansiktet for å halde huda mjuk og fuktig.
Siste åra er det 
Mary Kay sine produkt eg 
har likt best.
(ikkje meint som reklame !)

Her kjem tipset. 
Når ei tube er tom vil det alltid ligge att
restar.

 For å hente ut restane klipper eg av 
tuben.

Her er krem til mange dagar.

Eg set eine halvdelen av tuben
 utanpå den andre og brukar
opp kremen første dagane. 
Ei ny uopna tube står klar til bruk
når den andre er tom.

Eg veit ikkje om eg sparer så mange kroner,
men eg likar å vite at eg har 
brukt opp alt før eg kastar noko.
Dette kan sjølsagt gjerast med andre 
slags kremar òg.

Tusen takk for alle fine kommentarane til innlegga før.
Mannen min takkar for all rosen :)

Eit varmt smil til dokke alle !

Anne-Mari


mandag 21. januar 2013

Oppkvikkande


For meg er innhaldet på dette bildet 
herleg oppkvikkande.

Då eg slo opp ordet i Nynorskordboka,
las eg om kraftigare lut for 
å bli oppkvikka...

Luktesalt - hjortetakksalt, ammoniumkarbonat NH4)2CO3.
virkar opplivande når nokon har svimt av(Store Norske Leksikon)
I teater og film har me sett
slike flasker i bruk når nokon dåna.
 
Flakong, lukteflaske | Barri, F.
(bilde frå Norsk Folkemuseum) 
 
Lukteflaske - lita flaske med parfymert og
oppkvikkande stoff.
Lykkepille - medisinsk preparat med oppkvikkande verknad.
Koffein - oppkvikkande giftstoff i kaffibønner og teblad.
Injeksjon - innsprøyting av medisin i kroppen.

Ved middagsbordet fortalde eg mannen min om 
dei "oppkvikkande opplysningane".

Då seier han:

Det mest oppkvikkande må vere 
eit smil og eit varmt blikk.

Til deg som les dette:
Hadde du vore nærare skulle eg gitt deg 
både smil og varme blikk :) 

Anne-Mari 


fredag 18. januar 2013

Mi første bok

Kven kunne tru at eg skulle 
lage bok nokon gong ;)

Og no er første 
halvtanna året med blogginnlegg
kome mellom to permar.


Eg fekk laga den hos
Blog2Print 

Det blir kanskje ikkje den siste..

Eg starta blogginga i august 2011.
Over 200 innlegg med tekst og bilde er samla i boka.
Det kan vere kjekt å bruke boka som ei
oppslagsbok når eg vil finne fram til ting eg har skrive.

Å blogge er svært interessant og det gir meg mykje glede.
Eg har kome i kontakt med mange flotte
menneske denne tida.
Det er så utruleg mange fine bloggar, og alle
har sitt eige særpreg.

Mine aller første bøker fekk eg for
snart 60 år sidan.
Eg var ein del sjuk den tida og
 den eine fekk eg  då
eg tok mandlane.

Den største boka inneheld mange kjende
songar og bøner som passar til 
aktivitetar gjennom ein dag,
bordvers, kvelds-songar/bøner.

Den minste boka inneheld små bøner
og heiter Prayer for a child.

Her er eit nydeleg eksempel.

 Vern om alle barn på jord.
Eg hugsa kor eg studerte desse ansikta,
kor spennande det var.

Eg trur ikkje foreldra mine var så religiøse, men 
det var vel slike bøker som var å få
kjøpt den tida.
Eg er iallfall takksam for at eg har desse bøkene.
Det er skattar.

Takk til alle som tek seg tid til å lese i bloggen min.
Dokke er berre SÅ gode ♥

Nyt helga !

Anne-Mari

torsdag 17. januar 2013

Himmelsk # 120

Mitt himmelske bilde er frå
Bjørkedalsvatnet ei
veke før jul.


Me må ha god tid på køyreturen til hytta, 
for på Bjørkedalen er det alltid
 flotte motiv å ta bilde av.


Sjå fleire himmelske bilde hos



God torsdag til alle som stikk innom.

Anne-Mari

tirsdag 15. januar 2013

Å leve

Hjartet med dei fine orda
fekk eg i julegåve.



" Å leva det er å elska "

Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå;
å leva, det er i arbeid mot rikare mål å trå.

Å leva, det er i livet å finna det største verd;
å leva, det er å finna til sanning i all si ferd.

Å leva, det er å leggja all urett og lygn i grav;
å leva, det som havet å spegla ein himmel av.
 Anders Vassbotn


Hugs gårsdagen,
drøm om morgondagen
og LEV dagen i dag.

Til slutt vil eg takke for alt det fine
dokke skriv i bloggen min.
Eg set stor pris på det.

 God kveld til alle som tittar innom !

Anne-Mari

mandag 14. januar 2013

Skuggar

Utfordringa til Helene i
sitt "mandagstema" i dag er
Skuggar / Shadows

Mitt bilde er frå ein tur på
Løset  i oktober.


Sjå fleire skuggebilde i



God måndag !

Anne-Mari

søndag 13. januar 2013

20. dag jul


Tjuandedag jul - 13.januar

Eg ser av og til på
primstaven som svigerfar Hans har laga.
Her er symbolet
for dagen i dag avmerka. 


På internett fann eg denne omtalen:
" Denne datoen markerte slutten på julefeiringen. Da feide man julen ut av huset med sopelime. Man begynte inne i stuen og endte ved døren. Det var også lov å gjenta dette hos naboene hvis de var for trege med å få julen ut av huset. Det hele ble avsluttet med at man festet og danset hele natten.
I dag pleier folk å ta vekk julepynten og få ut juletreet denne dagen hvis de ikke allerede har gjort det. Vanligvis er det ikke så mange nåler igjen på treet heller etter tyve juledager "
(Bildet er av sopelime frå Bjørgo fjellgard i
Voss kommune.) 

 I Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon står det:
" Tjuendedagen, 13 januar, er etter norsk folkeleg tradisjon
den siste dag i jula.
" Tjugandedags-Knut jagar jula ut "
Enkelte heldt Tjuandedagen for å vere Gamle Nyttårsdag,
i samsvar med at Trettandedagen var 
Gamle Juledag "
Jammen bra at julepynten vår var tidleg vekkrydda. 
Tenk om naboane hadde komt med sopelimen ;)

Men eg trur ikkje dei hadde sopa vekk denne fine
engelen.

Du kan sjå eit tidlegare innlegg om same
tema  HER

Ynskjer deg ein fin tjuandedag jul !

Anne-Mari

lørdag 12. januar 2013

Fint vinterver

Det er kaldt og fint
denne helga.

Sola går ned i vest.

Samstundes har himmelen
denne leten bak
Eid kyrkje.

På Harpefossen er det alltid vakker utsikt :)
Her blir det produsert snø i 
skitrekket.

Ynskjer alle som stikk innom 
ei strålande helg vidare !

Anne-Mari



fredag 11. januar 2013

Den største gleda..

Den største gleda ein kan ha, det er å 
gjere andre glad.
Norsk ordtak

Ein god leveregel å ha
liggande i ryggmargen.


" En hustavle "

Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
då du skjønte dette

Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage.    
Arnulf Øverland (1929) 

 
God Helg
til alle som er innom.

Anne-Mari 
 


onsdag 9. januar 2013

Roser

Då eldstesonen med familie kom til julefeiring på hytta
hadde han med ein fin
rosebukett han hadde fått fredag før jul (21/12)


Me hugsa på å fylle etter vatn 
eit par gongar i jula.
Og det var mildt sagt godt og varmt i hytta,
fyr i omnen og stigande grader ute.
Eg skrytte ofte av 
buketten som heldt seg så fin, dag etter dag.

2. januar var hytta rydda og me skulle heim.

Rosene var fine framleis.
Bilen var full, der var ikkje plass til rosene.
Ja, ja, dei fekk berre stå.
Hadde ikkje hjarte til å hive dei..

Helga etter var me på hytta igjen.
 No hadde rosestilkane fått nye skot,
kanskje nye rosebusker i emning ?

Denne gongen tok me dei med heim.
Slik har dei sett ut her heime i stova mange dagar.
 Maken til flotte og haldbare roser trur eg 
ikkje eg har hatt i hus før.

Med denne "rosehistoria" vil eg ynskje 
fin onsdagskveld !
Takk til alle som er innom, 
og takk for alle fine kommentarane eg har fått.
Det gir meg mykje glede

Anne-Mari


tirsdag 8. januar 2013

Frisk tur

Har lenge venta på eit høve til å gå
Bente B. si rås rundt Løsetvatnet.

 (bilde frå oktober)
 
I dag har ho og eg gått
den fine turen.
Skodda svevde rundt oss.
Temperaturen 1 gr.

 Litt vått og glatt på steinane,
men farta var tilpassa etter forholda..

Den vakre elva.
Nede i dalen laga skodda trolsk stemning.

Me brukte omlag ein time.
Det gjorde godt for både kropp og sjel,
og eg kjenner at dette må eg
gjere oftare.
Takk for turen Bente.

Anne-Mari

mandag 7. januar 2013

Vinterlys

Mandagstema #71
er 
Vinterlys/Winter light

Bildet er frå hytta januar 2012.
Det viser første glimt av sola som 
kliv over fjellet
og varslar om lysare tider.

Dette er mitt bidrag hos
Helene i bloggen Alt som er Vakkert.
Du ser fleire bilde



Eg ynskjer deg ein fin dag !

Anne-Mari

søndag 6. januar 2013

13. dag jul

Det er trettande dag jul.
Julepynten er forlengst vekkrydda.
Sviblane som eg pinte heile jula for å sleppe lukta,
har fått litt vatn 
og står fine i kjøkenglaset.

I fjor hadde eg òg innlegg om 
13. dag jul.
Desse finn du :
Først ser du primstaven si vinterside.
På bildet til høgre har eg ringa inn symbolet 
for 13. dag jul, også kalla
Hellige tre kongers dag.
På nettet fann eg denne omtalen:


" Trettende dag jul (Hellige tre kongers dag)
Den 6. januar er det trettende dag jul. Dagen skal minne om mennene fra Østerland som kom til Betlehem. I bibelen kalles de kun for de “vise”.
Gamle juledag
Mange steder ble dagen kalt Gamle juledag og ble feiret som den virkelige juledagen. Man spiste julemat og hadde trearmede lysestaker på bordet (helligtrekongers lys). Man drakk også en skål for et godt år.
På kvelden måtte folk holde seg i hus – da begynte nemlig Åsgårsreia sitt tilbaketog. Det man drømte denne natten ville skje i virkeligheten.
Trettendedagen var også en viktig merkedag for været. Dersom det var fint og klart vær på trettendedagen ga det et godt og grøderikt år sa man. Været denne dagen ville vare i 13 dager. Nå begynte også den kaldeste delen av vinteren.
Dagen ble også av noen kalt Avfaredag. Det var fordi juleturingen nå var over og alle gjester skulle reise hjem. Noen brukte også tyvendejuledag til reisedag.
Primstavens tegn for denne dagen er en klokke, tre kors, tre kroner eller tre menn "
--------------
Det står att å sjå om desse spådomane slår til.
Det blir ikkje julemat hos oss i dag,
men kanskje den 13. januar som er 20. dag jul.
God søndag !
Anne-Mari