Viser innlegg med etiketten Planter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Planter. Vis alle innlegg

lørdag 20. oktober 2018

Fargar i hagen

Etter alt regnet denne hausten er eg forundra over 
at det er planter som framleis i dag, 19. oktober, 
viser seg fram med vakre blomster i hagen.

Summerwind 
skuffa ikkje, den har
blomstra rikt i månadsvis.

Kinasøte
er ein av favorittane.
Den gir meg stor glede :)

Blå hagehortensia er ei gammal og trufast plante i hagen.
Litt bleik "om nebbet" no, men
fin likevel.


God helg til deg der ute !






torsdag 5. juli 2018

Myrull på Rundefjellet







Sus i myrull

Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull --

Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.

Men alle disse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk ...?
De er så gjerrige på minuttene.

Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.

Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.

Og ensomme fugler
seiler i sol,

seiler i sol og skriker --

Hans Børli





tirsdag 1. mai 2018

Rosekaktus


Eg har skrive om dei gamle kaktusane 
som blomstrar om våren tidlegare:



Dei får virkeleg ikkje mykje stell,
Kanskje nokre dropar vatn annakvar måned...
Men plutseleg står dei er,
fulle av knoppar.
Då forbarmar eg meg over dei og set
krukkene ein stad me får sjå dei
vakre blomane.


 Kanskje ikkje så blomsterrike som for 5 år sidan,
men dei blir flotte når alt sprett ut.


Eg fekk avlegger(stikling) av ei gammal dame eg 
hadde som pasient ein gong på
1970 talet,
 den har skapt glede 
i snart 50 år.




mandag 12. februar 2018

Orkidé



Den vakre Orkidéen i fin krukke 
fekk mannen min etter å ha vore med
å underhalde i pensjonistlaget.

Det fell litt goder på meg som er heime også ....






tirsdag 23. januar 2018

Helleborus

eller Julerose som me kalla den.

Eigentleg er namnet Julerose litt misvisende for
den blomstra vel så gjerne i perioden
januar til april.
Helleborus er ei plante i soleiefamilien der
bl a kjente og kjære planter som
kvitveis, blåveis og mange mange fleire høyre til.
Wikipedia

Planta på bildet står utfor enden av huset,
eg tok den frå grava til foreldra mine
då den hadde visna i fjor vår.
Det var systra mi som hadde planta den, 
og ho sa eg kunne ta den med heim :)
Eg la den berre i ei krukke i lag med andre
planter og vart overraska då eg fekk sjå kor 
fint den blomstra no.
Det har vore kuldegrader i fleire veker så det
er tydeleg at den lika det.



Sjå fleire fine blomster hos: Floral-Bliss







onsdag 20. september 2017

Hortensia i september


Planta sto ute heile vinteren
i same vesle krukka den var kjøpt,
eg vatna den av og til.
I vår var den full av spirar, og
no har den blomstra i fleire månader.

Kan det bli vakrare ?

September er snart omme,
men hortensiaen er like fin enno.








lørdag 5. august 2017

Fagerfredløs


  Lysimachia punctata

Planta står på svarteliste over planter som ikkje
er ein naturleg del av vår natur,
men er flott å sjå på.
Eg fekk avleggaren av ei gammal dame eg
var heimesjukepleiar for på
1970 talet 

Bessie i buskaset,
uvisst kva ho leita etter..


Fagerfredløs er eigentleg eit
fint innslag i hagen.
Men lurt å avgrensa den i ytterkanten av hagen,
som her hos naboane og 
vår sin til høgre.

God helg !







tirsdag 10. januar 2017

Sein Hippeastrum

eller kanskje eg skal seie
tidleg, sidan me er
i starten av eit år.
Eg kjøpte fleire knollar tidleg i desember,
nokre tok eg vare på heime
og ga vekk til jul.
Dei to eg skulle ha på hytta i jula
sette eg kjøleg der.
Men stakkarane fekk for kort tid
med vatn og varm stove så dei
 opna seg ikkje før det nye året var på plass.


Hippeastrum, ridderstjerne
er det eigentleg namnet på planten som
i daglegtale blir kalla
 Amaryllis

Namnet  kjem frå det 
greske ordet hippos som tyder hest
og det latinske ordet astrum som tyder stjerne


Ein kan kanskje sjå at blomen
likna på hesteøyre når
 den opnar seg...


Bilde lånt frå Internett

No skal eg nyte synet av dei fine
raude blomane nokre
 dagar til.




GemsofmyLife v. 3: Rød






lørdag 7. januar 2017

Påfyll


av
Knekkebrød

Heimelaga knekkebrød er sunt og godt.
Fulle av frø og grovt mjøl.
Fasongen er ikkje det viktigaste, 
me lika dei best tynne og sprø difor blir
dei av og til litt brune i kantane,
men pytt pytt....

Den fine brødposen fekk eg i julegåve
av Celina Marie som har sydd den på skulen.
Farmor vart glad ♥

Det er mykje snø så me
har tenkt oss ut på ein liten skitur i dag.

God helg !








torsdag 5. januar 2017

Det nye året 2017


Då er nyeåret i gong,
idèane til blogginnlegg står 
ikkje akkurat i kø,
men forhåpentlegvis vil eg kome på glid etterkvart.
I dag satsar eg på blomster og vêret.
Siste veka har det vore både
regn, storm, mange varmegrader,
og snø.
I dag er det kuldegrader.
Med andre ord, det er ikkje kjedeleg.

Utfor døra står denne
Julerose - Helleborus 

Litt sliten av vêret,
men den "står an av"...

Hortensiaen står i ei lita krukke ute framleis.
Slike planter er fine 
i alle stadier.

Slik er det med mennesket også,
alle aldrar har sin sjarm :)












torsdag 13. oktober 2016

Glimt frå hagen


Me er velsigna med nydelege haustdagar,
sol og klar himmel om dagen,
kaldt og rim om natta.

I hagen står dei trufaste plantene
Blå hagehortensia
har blomstra i mange veker.

Kinasøte er kjærkome blikkfang 
denne tida.
Eg nyt den lysande blåfargen.

Sedum, den fine haustplanta er
godt likt av insekta.

Rim på marka er
eit vanleg syn i oktober.

Den fine hausten gjer ventetida på 
 sommar, sol og varme 
kortare.
Og takk for det.







lørdag 27. august 2016

Skaugumbegonia

Eg har hatt knollar i mange år
og trudde at alle 
Skaugumbegonia var like.
Etterkvart har eg oppdaga at det ikkje er 
 tilfelle.
Eg har fått knollar med
forskjellege personar
og her ser du at dei er ganske
forskjellege.

Er det denne som er vanlegast ?

eller denne til høgre ?
Ikkje veit eg.
I år trudde eg at eg hadde kontroll på knollane
og skulle sette dei i kvar sine
krukker.
På øvste bildet ser du at eg hadde ikkje
den kontrollen.....

Tidlegare innlegg om
Skaugumbegonia:




onsdag 6. juli 2016

Lobelia


i kveldssol

og i dagslys

Lobelia er ei enkel plante å ha på altanen,
den blomstrar heile sommaren
og tole både regn og sol.







onsdag 29. juni 2016

Keisarkrune


er namnet eg kjenner på denne
vakre lilja
På nettet finn eg at namnet er 
Brannlilje
 (Lilium bulbiferum)
mange stadar kalla
" Keisarkrone "
Ei gamal løkplante som høyre
 til dei klassiske
bondehageplantene i 
Noreg

Denne har stått i hagen vår i fleire tiår,
 løken fekk eg i Kaldholen
Eg meina å hugse at det sto ein stor koloni
av Keisarkrune framfor
huset til besteforeldra til mannen min.






tirsdag 2. februar 2016

Kyndelsmesse


 På primstaven frå svigerfar Hans er
 Kyndelsmesse
 markert med ein trekvist


Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På denne tida kunne det vere hardt ver, kalla
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Ein kan finne mykje å lese om
Kyndelsmesse på internett.

Her er litt om dagane som kjem:

3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.

5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.

6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er lite å sjå av spirar i hagen no
så eg viser bilde av ein
Primula
som står i stova.

I dag vakna me til klar himmel og 2 grader
etter ein gårsdag der
det storma og regnet hølja ned og fjerna
mykje av snøen som kom i helga.

Ynskjer deg ein fin dag !



mandag 2. november 2015

Blomster i hagen 2. november


Etter ein fin oktober er det 
mangt som blomstrar i hagen og
sprer glede.
 Kinasøte viste eg her.

Queen Elizabeth er verkeleg dronninga,
den har blomstra heile sommaren 
og har enno mange knoppar.

Hanne har hatt få roser i år,
men no slår ho til med tre nye knoppar.
Sommerwind er ny no i haust.
Det skal bli spennande å sjå den til neste sommar.

Blå Hagehortensia har mange fine blomster framleis.
Den kvite planta har stått i krukke sidan juni.

Ringblomster er kjekt å ha i hagen,
den lyser opp.
Primula er ikkje heilt sikker på årstida....

Oktoberbergknapp 
fyl kalendaren :)

La oss håpe at november blir fin også.






torsdag 1. oktober 2015

Blomsterkorga


med vakre planter er så fin å sjå på.
Kjenner eg blir litt nostalgisk når eg ser 
fasongen.


Minner om min tidlege ungdom
som butikkdame i 
blomsterbutikk.

Takk for den fine blomsterhelsinga.





mandag 3. august 2015

Humla


Når ein går langsmed landevegen på denne tida
er surrelydar frå humler 
fint å høyre.
Den lika særleg godt  
skjermplanta 
Jol (lokalt namn) eller
Kvann
som veks i hopetal her på våre kantar.









Det er gledeleg at denne planta er
så viktig for å halde
humlebestanden oppe.

Og vakker er den også.
Når eg var lita brukte me å skjere av tjukkaste
delen av stilken og
blåse grønerter gjennom... på kvarandre.
Det var ikkje alltid like godt
å bli treft...

PS. Kva namn bruka du på denne planta ?