Viser innlegg med etiketten Kopper og kar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kopper og kar. Vis alle innlegg

tirsdag 11. oktober 2016

Garasjesalg


I går var det Garasjesalg på
Haugen ikkje langt frå hytta.
Me skulle ikkje handle,
 berre ta eit tur og kike....
Ka du trur, me fann sjølvsagt mangt og mykje,
og enda opp med fleire
godbitar.
Korger i god kvalitet for
10 kr stykket,
klart me måtte ha dei !

Skål og  tre serveringssfat,
Karelia frå Arabia,

som ikkje ser ut til å vere brukte.
Papirlappane under er intakt.

Linduk på over 2 meter er
kjekt å ha..

Barneborna fekk kjøpe dokker som
ei jente hadde vakse frå og la ut for salg.

Me har fullt hus hytte og 
altfor mykje ting og tang frå før,
så me bør ikkje utsette oss for slike freistingar !
Men trur du me lærer ?





torsdag 29. oktober 2015

Gamle gjenstandar


I gangen under trappa har eg samla nokre
gamle arva gjenstandar.
Bordet og benken har far min laga
etter modell av eit
bakstebord,
bord der fleire kvinner sat i lag og baka 
lefser eller flatbrød.
Han har òg laga grautspannet av eine
som står til venstre.
Bak står ein skyrdonk frå 1800 talet,
( eit kjørel brukt til sur mjølk)
I midten står eit brødtrau frå 1800 talet.

Det vakre gamle vaskestellet
 manglar dessverre vassmugga.

Eg set stor pris på desse skattane 
frå ei anna tid.




tirsdag 2. juni 2015

Utan


liv og innhald er denne 
gamle panna.
Den er ikkje fin,
men har sin sjarm,
utan nokon verdens ting å gjere meir.






søndag 29. september 2013

Tal

  Fototriss del 232: Siffror

  = tal

 - tre bilde på eitt tema


Tal på kjøkenbenken.

 Talet 602N på Jøtulomnen.

Lovleg maksimalfart på vegen.

 

Sjå  kva tal andre har

HER 

  Og link til 

Mandagstema #94 HER


 

lørdag 23. februar 2013

Ljospunkt


" Klag ikke under stjernene
over mangel på
lyse punkter
i ditt liv "

Henrik Wergeland



Eg ynskjer deg ein fin kveld og ein
 strålande søndag !

Anne-Mari


onsdag 28. november 2012

Arv

Medan eg baka kanelsnurrar i går, kom eg på
å ta bilde av kaffiserviset eg kjøpte i St. Petersburg 
 på den turen eg skreiv om HER

c
Imperial Blue Cobalt Porcelain

Leita fram den gamle fine duken som har 
si eiga historie.
For nokre år sidan var foreldra mine, mannen min og eg
til Canada på besøk hos slektningar.
Fem av syskena til mormor reiste dit og busette seg 
der rundt århundreskiftet. 
 Mor mi hadde over tretti syskenbarn i Canada.
Me budde hos ei av dei, Alvhild. 
Ein dag kom ho med denne duken og sa at 
ho hadde tenkt at eg skulle få den.
Mormor hadde brodert den og sendt den 
som bryllaupsgåve til foreldra hennar i 1920 

 
Namnet til mormora mi var Anna Marie
Eg heiter etter henne og det var difor Alvhild ville
at eg skulle få dette arvestykket.
Det ligg mykje arbeid og flid i duken.
Eg syns den er nydeleg !

Fleire broderiteknikkar 

Mor mi miste mor si den sommaren ho fylte 9 år.
Ho døydde av hjartesjukdom etter lang tid i sjukesenga.
Det var eit hardt slag for dei alle.
Barneflokken måtte tidleg 
ta i eit tak.
Tante Agnes som nyleg fylte 92 år har fortalt meg at ho
som fjortenåring, og mor mi på ni,
 måtte ordne huset før gravferda
til mora.
Dei låg på alle fire og skura
kjøkengolvet.
 
 Ein onkel av mor mi som budde på garden
 hadde fotoapparat.
Difor fins det mange bilder frå 
mor sin barndom og oppvekst.

På dette bildet sit mor på arma til mor si.
Ei syster til kom seinare.
Syskena hadde eit godt forhold til kvarandre 
heile livet.
Eg skreiv tidlegare eit lite innlegg om Åsen




lørdag 3. november 2012

Gamlehuset II

Var ein liten tur innom arbeidsromet 
i Gamlehuset.
Hugsar du eg skreiv om skilta 
i Gamlehuset ?
Det innlegget kan du sjå
HER 

Det fyrste som fanga merksemda mi
denne dagen var desse

 Eg likar så godt emaljerte kjørel.

 Fin kjel, den ser nesten ut som den er ny..
  krusene er nok meir brukte

Tanja lagar ting med særpreg og omtanke.
Her er det ei gamal fotoramme
som har fått tekst

Eit  krus har fått ny
verdi

Godt plassert skilt,
bak døra er " aktivitetsrom " for
born og vaksne.
" Cyberworld "

Den gamle spegelen har fått
sin renessanse
(hm, ikkje lett å ta bilde av ein spegel..)

 
Du får vite meir om Gamlehuset
viss du klikkar deg inn på desse to stadane:
Gamlehuset er på Epla 
Facebooksida til Gamlehuset 

Ynskjer god novemberhelg til alle der ute !

Klem frå Anne-Mari 


lørdag 12. mai 2012

Brødfjøla

Eg har skrive om svigerforeldra mine
tidlegare her
Dei har levd ilag lenge
og flytta inn i eige hus i 1950.
I det høve laga Hans ei brødfjøl til Judith

 Bokstavane hennar JK er skore inn på eine sida.
Han hadde sot i skuren for at det skulle vise betre.

Dagleg bruk i 62 år gjer at skjeresida er slik idag  ♥

Fleire hundre tusen brødskiver er skorne
på fjøla !

Svigermor er ein kløppar til å bake brød,
ingen over - ingen ved sida !

Ein kan undre seg over kva fjøla har sett og høyrt gjennom alle år.. 
når borna var små og sprang ut og inn,
når dei fekk kjærestar og brødskiver med heimelaga mòr var nattmat,
hugsar det godt ♥
No er dei to mykje åleine i kvarandre sitt selskap.
Interessa for det som skjer i samfunnet er framleis sterk,
svigermor seier at dei har alltid ting å snakke om !

God laurdag ynskjer eg alle som kjem innom !

Helsing Anne-Mari






 

mandag 27. februar 2012

Figgjofavorittar


Frøken Eplegrøt her
har ei utfordring i bloggen sin som heiter
" Vis meg din Figgjo "

Her er min favoritt


Arva dette vesle fatet frå foreldra mine
Det er velbrukt og slite
Mor mi brukte det til småkaker og andre
gode ting
Eg brukar det ofte når nokon stikk innom og eg
serverer noko lite til ein kopp kaffi.
Dei vaksne gutane mine snakkar om bestemor
når dei ser det
Fatet er av stor verdi for meg ♥
Eg veit ikkje namnet og heller ikkje når det
var produsert.
Kanskje nokon andre veit det ?
---------

Fleire ting frå Figgjo eg likar:

Her frå serien Torskefiske

Trur settet vart kalla TV-koppar,
akkurat passe til ein porsjon som kan fortærast
framfor TV-en;))


Denne vesle skåla brukar eg til mangt og mykje ♥
Dei tre motiva rundt skåla viser torskefisket

Eg trur desse gjenstandane er frå 1970-80 talet,
det var julegåve frå bedrifta mannen
min arbeidde i.