mandag 27. februar 2012

Figgjofavorittar


Frøken Eplegrøt her
har ei utfordring i bloggen sin som heiter
" Vis meg din Figgjo "

Her er min favoritt


Arva dette vesle fatet frå foreldra mine
Det er velbrukt og slite
Mor mi brukte det til småkaker og andre
gode ting
Eg brukar det ofte når nokon stikk innom og eg
serverer noko lite til ein kopp kaffi.
Dei vaksne gutane mine snakkar om bestemor
når dei ser det
Fatet er av stor verdi for meg ♥
Eg veit ikkje namnet og heller ikkje når det
var produsert.
Kanskje nokon andre veit det ?
---------

Fleire ting frå Figgjo eg likar:

Her frå serien Torskefiske

Trur settet vart kalla TV-koppar,
akkurat passe til ein porsjon som kan fortærast
framfor TV-en;))


Denne vesle skåla brukar eg til mangt og mykje ♥
Dei tre motiva rundt skåla viser torskefisket

Eg trur desse gjenstandane er frå 1970-80 talet,
det var julegåve frå bedrifta mannen
min arbeidde i.




6 kommentarer:

  1. Veldig koseleg å lese bloggen din. Ja torskefiskesettet må vere frå mellom 1974 og 1978, for dette har eg også fått som julegåve! Eg har også eit nesten tilsvarande fat i blått, etter mormora mi! NoraD

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyre Nora :)
    Dokke jobba der vel på same tida så du har nok rett om årstalet.
    Dissa fata fins visst i mange fargar. Har du peiling på når dei er produserte ?
    Stemplet er annleis og frå ei tidlegare epoke trur eg.

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
    Svar
    1. Googla på stemla til Figgjo og fann at det som er under fatet er frå 1950.

      Slett
  3. Og her har jeg gått rundt og trodd at jeg har gitt bort det jeg hadde av Figgjo til loppemarked for noen år siden... Men det fatet ditt ga meg en aha-opplevelse! Oppe på et skap har jeg et stort fat som jeg kjøpte til min mor tidlig på 60-tall.. og jamen var det Figgjo!!!
    Klem klem

    SvarSlett
  4. Heisan - no føk minnene rett inn i eit bestemorshus ;)
    - Glede ...

    Håper det går bedre med skuldra di også - eg vart operert for 5 veker siden, fikk meisla vekk ca.1 cm bein, litt brusk, ein betent slimpose og litt til - og det føles så bra ;)
    dette er 2 gangen eg er gjennom dette ...

    monikaklemma

    SvarSlett
  5. Lekkert!Forstår godt at fatet er av stor verdi for deg. ♥

    Hytta di ser utruleg flott ut..Kjempe fine bilder du delar :)

    Ynskjer deg ei strålande veke!

    Og takk for slike gode ord frå deg ♥

    Klem

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)