søndag 31. desember 2017

Takk for i år.



Bror, barn og barnebarn
på aketur siste dagen i 2017

Med dette vil eg ynskje alle som er 
innom bloggen

GODT NYTT ÅR !
og takke for den gode kontakta i året som
snart er omme.

KLEM frå Anne-Mari





fredag 29. desember 2017

Saragenser

Svigerdatter Renathe ønskte seg 
Saragenser i julegåve.
Ho ville ha raud genser.
Ho innvia den i går då ho reiste heim 
frå hytta til 
ekstraordinært kommunestyremøte i romjula.


Genseren er strikka i 
Faerytale frå Du Store Alpakka.
Opprskrift frå 

Mjuk og lett genser,
To av døtrene har fått før,






tirsdag 26. desember 2017

Utfordringa


hos Sanna med bloggen
er eit nytt ord kvar veke heile året.
Det har vore spennande og artig å vere med på.
I den siste veka i år 
er ordet SELFIE

Eg føle stor glede og ære over å få 
denne koppen i julegåve
frå barneborna.
Dette er den beste selfie eg kan vise :)










torsdag 21. desember 2017

Gnistra

er nest siste ord i 
utfordringa 2017

Ein gammal færing står i
Ulsteinvik sentrum.
Om sommaren er den fylt av blomster.
I desember er den pynta slik:
Dei blå lysa gnistra i
skumringa.

Eg ber om årsaking for at det har blitt
lite besøk hos mine kjære
bloggvenner.
Energilageret gir meg ikkje nok til
gjere alt eg har lyst til,
men eg håpe å kome sterkare i gjen neste år :)

Eg ynskjer God Jul til alle mine venner.

Helsing Anne-Mari

fredag 15. desember 2017

Varme


Värme er ordet denne veka
i utfordringa hos 

Mitt bidrag kjem frå staden der me
feira svigerinne og svoger
sine bursdagar forrige helg.

I Olaflødå i Kvalsvika er mange
gamle ting brukt på ein kreativ måte.
Her frå ein silo der eigaren
har laga til eit 
stille rom.
Krossen er rorstilken av eit
skip som forliste på havet rett utanfor her.
På tvers er bladet av ei gammal slåmaskin.
I det vesle kapellet kan 
ein kjenne varmen sige innover deg.

Du finn fleire bilde på faceboksida til:












søndag 10. desember 2017

Liten


er ordet i 
utfordringa denne veka hos

I går feira me bursdagane til
svigerinne Siv-Marit 50 år  og 
svoger Terje 60 år.

Dei har fem barneborn i
alderen 6 år og nedover.
Den siste er liten,
født 14 november.
Nydelege Eveline har ei
lita hand








tirsdag 5. desember 2017

Fridag frå barnehagen


Ein av dei tre dagane me hadde snø 
var barnebarnet Ella Victoria 5 år
og grandtanteguten Theo 4 år
i lag med oss her i
Tuå

Starta dagen med første del av ein film på Netflix,
forresten ein fin film som
me gamle også likte.

Nydeleg vinterver,
Spennande konglar på trea,
blå himmel og litt sol.

Appelsin høyre med når ein er
ute på tur.

Etterkvart full fart heimatt til
andre aktiviteter

Trampolina må ryddast,
Theo har utstyret for han bur her.

Etterkvart trekte me innandørs,
såg resten av den spennande filmen og
etterpå leik med Lego
frå lageret me har samla gjennom åra
 sidan første barnebarn i 2000 og fram til no.
Tidlause leiker.

Takk for ein kjekk dag ilag !