lørdag 30. januar 2016

Mange


lys var tent i går kveld då stormen Tor herja, 
og tok straumen her på hytta.
Den var borte akkurat så lenge som
semifinalen i EM-handball
gjekk på TV...
Heldigvis var mobilnettet i orden så
 sonen vår Andrè heldt oss oppdatert
via sms.

Etter at stormen la seg begynte det å snøe,
ustyrteleg 
mange 
snøfnugg har lagt seg i dag.

Det er lite triveleg å gå ut i snøkaven,

så freistinga er altfor stor når eg ser dei
mange
julekakene som står att på benken...
Det fine brettet har barnebarn Hans-Petter laga,
 me fekk det i julegvåve.






fredag 29. januar 2016

Lappeteppet


Kjenner at eg er både stolt og glad over
endeleg å vere ferdig med
lappeteppet.

Undervegs skreiv eg om det:
her  her

Eg har brukt lang tid og stoppa 
då det var akkurat stort nok
til å breie over meg når eg skal ha ein liten 
middagslur på sofaen :)

Eg brukte garn Drops Nepal 
som er litt tjukkare enn Lima som var i oppskrifta.
Då vart teppet litt tjukt og rustikt så eg ville
ikkje ha for "søt" samanhekling og kant rundt.
Fann oppskrifter 
her og her

Eg tenkte å ha teppet på hytta.
Fargane passa til sofaen og 

Teppet passa til sofaen heime også
Og det er der eg oftast søv
middag...
så kanskje må eg ha det heime :)

Eg er veldig fornøgd med 
fargane og det rustikke preget
på teppet.

Dette sitatet passa godt 
for meg no:
" Det er omveiene, forsinkelsene og
sidesporene som beriker ens liv "
-Nils Kjær-






onsdag 27. januar 2016

Hue med vri


Eg kjøpte garn til hue.
Drops Big Merino.
Tenkte å strikke ei rullehue, men kika litt 
på oppskrifter og bestemte meg for
å prøve hue med vri etter


Eg følte at garnet var litt for tjukt til
oppskrifta, men den er varm og god
(på bildet har den fått litt snødryss...)

Dagen etter kjøpte eg garn til ei ny hue.
Det som står i oppskrifta
Drops Lima
eit nydeleg garn å strikke av.

No har eg to nye huer.
I morgå skal eg ta med den blå til hytta.

Eg kler ikkje hue, men innser at eg treng det 
no om vinteren
Fasong og mønster på huene lika eg så godt
at i dag har eg kjøpt garn
til ei til.






tirsdag 26. januar 2016

Kortspel


er ein flittig aktivitet når me er 
samla på hytta.


Barneborna har utvikla gode
strategiar for å vinne.
Men det er også viktig læring å tole å tape,
 i kortspel og andre samanhengar.

søndag 24. januar 2016

Helga

Ein kjekk
laurdagskveld 
hos systra mi Perly og 
svoger Per Arne.
Alle syskena mine med ektemakar.

Dei serverte
nydeleg bacalao,
både raud og kvit.
med spennande brød til.
Perly er flink til å lage mat og har
sin eigen vri på alt ho lagar.
Det smakte veldig godt.

Sjølvkomponert is med blant anna
hakka mørk sjokolade og molte.
Fantastisk god !

Koseleg i stova deira.

Det var ein flott kveld der me kappast om
å mimre om episoder frå
barndoms- og ungdomstida vår.
I syskenflokken vår er det 18 år mellom
meg som er eldst, og yngste broren.
Det seier seg sjølv at me har 
ulike barndomsminner.
Ut på natta tok me på oss refleksvestar
og spaserte heimatt.

Og alle var samde om at det hadde vore
ein strålande kveld.
Det må ikkje bli lenge til neste gong :)

Tusen takk Perly og Per Arne.

Søndag ettermiddag køyrde
 Perly og eg til Volda kyrkje for å 
høyre på konsert
der mannen min var med i
 eit samansett mannskor frå 
Søre Sunnmøre og Nordfjord ( 100 songarar )
Dei har øvt i lag
 fredag kveld,
heile laurdag og heile søndag !!
+
Ytre Suløens Jazzensemble
Solist: Birgitte Grytten Velsvik
Dirigent: Per Oddvar Hildre (Prots)
Ei fullsett kyrkje
fekk ei stor og mektig oppleving.

Ei fin og sosial helg er over.









lørdag 23. januar 2016

Kva skal til...

Tremennningen min
Gerd Vik Flø
er flink til å sette ord på 
tankar som me er mange om 
å tenke.
Etter løyve frå henne har eg
kopiert statusen ho hadde på 
Facebook i dag:

" Det vart så kaldt i landet.
Ikkje fordi det vart snø
og kuldegrader.
Den kulden finst det råd for.
Den andre kulden er verre,- 
den som utviklar seg
når ein ikkje tenkjer med hjarta,
ansikt til ansikt med medmenneske, 
som med fare for livet 
har flykta frå utsiktene til 
"den visse død", 
i eit krigsherja land.
Kven skal vise miskunn og yte hjelp,
om ikkje VI, 
vi som har fått hendene 
og fanget fullt
av velstandsgoder? 
Kva skal til for at "isen" skal smelte,
og hjarta våre bli varme?"






fredag 22. januar 2016

"morgenrød


gir aften bløt "

Slik såg himmelen ut då eg åt frukost i dag.

Iflg. Widipedia:
" Når sola i aust skin på skyene i vest,
kan det vere teikn på at skyene i vest vil trekke
innover i løpet av dagen og gje
regn til kvelden ".

Med all denne snøen som ligg no
kan det verte (altfor) spennande å ferdast ute
første døgna.
Her må broddane finnast fram !






torsdag 21. januar 2016

Evighetsprosjektet


er i bevegelse.
Eg lika at eg har begynt å 
hekle saman ruter i lappeteppet.
Eg lika dei fine tulipanane 
og lyset frå den kvite vinteren utanfor.
Og så lika eg at i dag skal eg til
Volda på Hjartetrim.






onsdag 20. januar 2016

" den gyldne regel "

Som barn vart me i
heimen og på skulen innprenta å fylgje 
nestekjærleiksbodet.


Det er vel ikkje alltid ein greier å 
etterleve dette,
men om det ligg i ryggmargen
kan ein kjenne det når ein
feilar...
Det er nok fleire enn eg som tenkjer at
leveregelen ikkje alltid blir fylgt
når me les og høyrer nyheitene.

I Store Norske Leksikon står det at
"den gylne regel" 
er eit allment etisk prinsipp
som finnast i stort sett
alle religionar og livssyn.
Også i dei store sivilisasjonane
før vår tidsrekning."





mandag 18. januar 2016

Naturens kunstverk


På vegen heimatt frå hytta
køyre me gjennom Stigedalen mellom 
Nordfjord og Sunnmøre.
Der er høge fjell, store elvar og vatn.
Ein ser alltid noko å ta bilde av 
på ein tur her

I kulde og frost vil
elva som renn inni vatnet
skape flotte kunstverk 



lørdag 16. januar 2016

Tre

Ved bjørka
 på Harpefossen
står ein kvilebenk 
 sommarstida.
Når me er på hytta går turen ofte
opp bakken mot toppen av hyttefeltet.
Då kan benken vere ein endeplass,
eller ein mellomplass. 

Vinter og benken
er innandørs.


Både dyr og  folk lika å kvile der.

Haust i lufta og fin utsikt.



Sjå andre innlegg med tre her:
Fototriss - Träd





onsdag 13. januar 2016

Tjuande dag jul


På primstaven som svigerfar Hans har laga
kan me fylgje med dei gamle
teikna for korleis dei 
delte inn året i 
gamal tid.
Den har ei vinterside og ei sommarside.

Dette er vintersida av primstaven
som går frå 14. oktober til
25. mars

Symbolet på primstaven viser at i dag 13. januar
er det midtvinter-
20. dag jul.
Symbolet har eg markert med ein svart firkant rundt.

På internett fann eg denne omtalen:
" Denne datoen markerte slutten på julefeiringen. 
Da feide man julen ut av huset med sopelime. 
Man begynte inne i stuen og endte ved døren.
 Det var også lov å gjenta dette hos naboene hvis de var for trege med å få julen ut av huset. 
Det hele ble avsluttet med at man festet og danset hele natten.
I dag pleier folk å ta vekk julepynten og få ut juletreet hvis de ikke allerede har gjort det. Vanligvis er det ikke så mange nåler igjen på treet heller etter tyve juledager "

 I Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon står det:
" Tjuendedagen, 13 januar, er etter norsk folkeleg tradisjon
den siste dag i jula.
" Tjugandedags-Knut jagar jula ut "
Enkelte heldt Tjuandedagen for å vere Gamle Nyttårsdag,
i samsvar med at Trettandedagen var 
Gamle Juledag "

Jammen bra at julepynten vår var tidleg vekkrydda. 
Tenk om naboane hadde komt med sopelimen ;)


Håpe dei ikkje kjem og kastar ut 
siste restane av Amaryllisen.
Eg ynskjer deg ein fin
20. dag jul !



tirsdag 12. januar 2016

Tøflepar

Eg lika å finne oppskrifter på
enkle og raske ting å strikke.

Ei tantepie på kald hybel i London
trengte noko varmt på føtene.
Tøfler strikka i Fritidsgarn

Olaug som gle oss kvar jul med
heimebaka flatbrød les her
fekk eit par tøfler.
Garn frå
Gründl Hot Socks Skandinavia






fredag 8. januar 2016

Januarhimmel

Utsikt frå Eiksund


mot fjell i Vanylven
ein fin januarettermiddag.
---
View from Eiksund against mountains in Vanylven 
a beautiful afternoon in January.






torsdag 7. januar 2016

Trening


Hilde-Marie og eg
har trena i lag to dagar i veka sidan 1998.
På kveldstid medan me var yrkesaktive.
Frå kl. 10 og utover etter at me vart pensjoninstar
Det har blitt nokre ufrivillege pausar innimellom
av ulike årsaker, men
me har aldri mista lysta og gleda ved
å trene.
Eg set stor pris på å ha faste avtalar,
då er det ikkje så lett
å sluntre unna som når ein skal
trene åleine.
Måndag 4. januar starta me på att med friskt mot
etter pause siste tre-fire mnd.
og minkande formkurve.
(for min del iallfall)

Først gjekk me 1,5 time 
 på fjellvegen i 
4-5 minusgrader og sol.

Sola titta fram mellom fjella før ho
gøymde seg bak Løsethornet.

Det var stilt, berre ein bil å sjå.
Og fly på veg mot aust,
 over Hammarstøylvatnet og 
Sunnmørsalper.

Etterpå køyrde me til
Aktivsentret i Ulsteinvik sentrum,
der me bruka å trene styrke omlag ein time.

Dei neste tre månadane blir det litt endring
 då eg skal vere med på
 hjartetrimmen ved Volda sjukehus
tirsdagar og torsdagar.

Eg vona at forma skal bli i betre utover våren,
enn den er no. 






onsdag 6. januar 2016

Trettande dag jul

merka på primstaven med
tre kross.



" Hellige tre kongers dag
ein kirkelig festdag som feires 6. januar
 Dagen skal minne om 
mennene fra Østerland som kom til Betlehem. 
I bibelen kalles de kun for de “vise”.


Gamle juledag 
Mange steder ble dagen kalt Gamle juledag og ble feiret som den virkelige juledagen. 
Man spiste julemat og hadde trearmede lysestaker på bordet (helligtrekongers lys).
 Man drakk også en skål for et godt år.
På kvelden måtte folk holde seg i hus – da begynte nemlig Åsgårsreia sitt tilbaketog.
 Det man drømte denne natten ville skje i virkeligheten.
Trettendedagen var også en viktig merkedag for været.
 Dersom det var fint og klart vær på trettendedagen 
ga det et godt og grøderikt år sa man.
 Været denne dagen ville vare i 13 dager.
 Nå begynte også den kaldeste delen av vinteren.
Dagen ble også av noen kalt Avfaredag.
 Det var fordi juleturingen nå var over og alle gjester skulle reise hjem.
 Noen brukte også tyvendejuledag til reisedag.
Primstavens tegn for denne dagen er en klokke, tre kors, tre kroner eller tre menn "

Med denne tulipanbuketten ynskjer eg deg
ein fin trettande dag jul.