lørdag 23. januar 2016

Kva skal til...

Tremennningen min
Gerd Vik Flø
er flink til å sette ord på 
tankar som me er mange om 
å tenke.
Etter løyve frå henne har eg
kopiert statusen ho hadde på 
Facebook i dag:

" Det vart så kaldt i landet.
Ikkje fordi det vart snø
og kuldegrader.
Den kulden finst det råd for.
Den andre kulden er verre,- 
den som utviklar seg
når ein ikkje tenkjer med hjarta,
ansikt til ansikt med medmenneske, 
som med fare for livet 
har flykta frå utsiktene til 
"den visse død", 
i eit krigsherja land.
Kven skal vise miskunn og yte hjelp,
om ikkje VI, 
vi som har fått hendene 
og fanget fullt
av velstandsgoder? 
Kva skal til for at "isen" skal smelte,
og hjarta våre bli varme?"






5 kommentarer:

  1. Vackra tankar och vacker tulpanbukett! Svårt att tackla flyktingfrågan, det finns inga enkla svar men det är bra att människor bryr sig!
    Trevlig helg!

    SvarSlett
  2. Fine ord og tanker...ja, man kan undre seg...
    Fortsatt god søndag til deg!

    SvarSlett
  3. Nydelig skrevet, ja, av og til er jeg flau over å være norsk!
    Ha en fin ny uke.
    Klem fra Signe.

    SvarSlett
  4. Good thoughts, dear Anne-Mari...It's a shame how Europe treats people in need...that includes my country too...

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)