søndag 28. februar 2016

Vårteikn 28 februar


Me kom heimatt i dag frå ei veke vinterferie på hytta.
Utruleg ulike verforhold med
snart  2 m snø på Harpefossen
til heime i Ulsteinvik berre 1,5 time unna.
Her er nesten snøfritt.

Eg sprang rundt i hagen så snart eg
hadde opna bildøra,
på leit etter vårteikn
Og sjå kva eg fann !
Snøklokker 
så små og forsiktige der 
dei titta fram.

Og primula gjer eit nytt forsøk,
den som eg viste fram i januar forsvant,
men rota skyter stadig nye knopper.







lørdag 27. februar 2016

Hue med vri igjen


Kjekt å strikke huer når nokon
vil bruke dei,

Celina Marie lika 
Petrol-fargen,
den framheva fargen på
augene.


Svigerdotter Renathe lika best 
Rubinrød-fargen


Eg lika begge fargane og har
pinnane klar til å strikke
fleire, både til  meg
sjølv og andre.

Drops Lima har mange fine
fargar i 

 Oppskrift på 
Hue med vri fann eg hos

Det nærma seg slutten av
 vinterferieveka på hytta,
den går inn i historia som den mest
snørike og mest innesittande
sidan me bygde hytte.
Det har blitt mykje kortspel, anna spel,
leikar og ikkje minst bruk av "dippeduttar".
Barnebarna har hatt det kjekt både i lag
og med oss vaksne.
Snart er det påske og
då satsa me på meir skigåing i finever !








torsdag 25. februar 2016

Snøhole


Det har snøa tett heilt sidan søndag,
så det har blitt lite uteaktivitetar.
I går og i dag har me prøvt
oss i slalombakken,
men det går ikkje lang tid 
før det ikkje er kjekt lenger.
I går kveld var veret såpass at 
barnebarna vart freista til å bygge 
snøhole  i den
svære brøytekanten
utfor hytta.
Dei to minste bygde på si hole
rett utfor hytteglaset og
var lette å sjå.
Farmor er ikkje så glad i snøholebygging,
det er slett ikkje ufarleg,
men eg forstår at barna har det kjekt.
Dei to eldste laga ei skikkeleg hole og 
etter at dei var ferdig 
sette dei ut levande lys.
Det høyre med til historia at i dag 
er hola sterkt redusert 
på grunn av all snøen.

Dei hadde det kjekt medan dei heldt på
og ingen ting er betre 
enn glade barnebarn.





tirsdag 23. februar 2016

Baske i snø

er ein aktivitet dei fleste
barn likar.
Det er tett snøkave kvar dag så 
det har ikkje blitt så mange
skiturar som me hadde 
planer om.
I går kveld var det eit opphald 
så dei fekk lyst  
 til å leike og baske i snøen.
Hans-Petter, Leah Sofie og Celina Marie
har vinterferie ilag med besteforeldra 
på hytta.

Dressen til Leah Sofie er litt kort
så eg fekk henne
til å ta på ei gammal
regnbukse utanpå.

Ho gjekk med på
at farmor brukte det gamle knepet å
 feste buksa med "syltestrikk" 
utanpå støvlane :)
Kven trur du var tørrast og varmast
på føtene då dei kom innatt ?








søndag 21. februar 2016

lørdag 20. februar 2016

Matauk

tyder:
auke matmengda, tilskot til kosten

Det er Vinterferie, 
og med barn og barnebarn
i lag med oss på hytta
treng ein mykje
mat.

Grove rundstykke 

Det gamle brune fatet fann eg på
loppemarknad.
Bollen og lysestakane i 
Hammerlunds tinn har me fått i gåve.

Rundstykka er laga etter 
oppskrift frå svigerinne Sølvi. 
Brød med speltmjøl
600 gr sikta spelt
600 gr grov spelt
4 never havregryn
4 ss solsikkekjerner
4 ss linfrø
4 ts fiberhusk
2 ts salt
1pk gjær
1 l lunka vatn
4 ts olje
evt. 2 ts flytande honning

Heve 45 min med plast over bakebollen
Ha deiga i 2 store, eller 3 mindre brødformer
Sett formene i kald omn, sett den på 50 gr
og la dei stå i 20 min.
Auke til 200 gr og steik vidare i 45 min.

Til rundstykke 
deler eg deiga i passe emner og 
let dei stå lunt 30 - 45 min
 sett i oppvarma omn til 225 gr
steike ca 15-20 min


God helg !






fredag 19. februar 2016

Toving II


Det teikna til å bli ein 
fin februardag
It seems to be a nice day in February


I dag var eg spent på å sjå resultatet
av tovinga i går kveld.
Denne gongen er tøflene slik eg vil ha dei.
Strikka i Cortina Soft 
tova i vaskemaskina på 
programmet Mix 40 gr i 1 time
Oppskrift på tøflene fann eg hos

Vottane er strikka i 
Fritidsgarn
og tova sameleis som tøflene.

Oppskrift hos

Resultatet denne gongen er fint
i motsetning til 





onsdag 17. februar 2016

Eignelut


er eit uttrykk som kanskje var
mest brukt i "gamle dagar".
Eg bruka uttrykket om ting som er
verdfulle for meg.
Bunaden min er eit fint eksempel
på ein eignelut.
Ein kan også bruke det om sine 
kjæraste:
" du er min eignelut... "


Som synonym til kryssord er:
kostbarhet, prydnad, klenodium brukt

I går viste eg eit par
eignelutar,
i dag er det andre.
Den gamle koppen har eg arva.
 Den har stempel frå
Arabia Suomi Finland
frå 1950 talet.

Denne  er ein av eit servise
foreldra mine fekk i 
bryllaupsgåve 10. august 1947
Den er verdfull for meg så eg kalla
den gjerne ein eignelut.

På asjetten ligg nysteikte
 Havrekjeks med sjokolade og eit hint av salt.
oppskrift
hos Alva i bloggen Matlaging






tirsdag 16. februar 2016

Skattar

Kjære eignelutar
 i stova.

Måleri måla av
kunstnaren Einar Magne Flø,
og 
keramikk av 
kunstnaren Leif Heiberg Myrdam


Trekant


mandag 15. februar 2016

Leonardo veks

Stor gut no, men blir nok litt større,


Storebror Benjamin og  Leonardo
helsar på syskenbarnet
Ella Victoria

Godtatt !

give-me-five 
med pappa Roger

..godbit :)

Herleg hund som sjarmerer oss alle.





torsdag 11. februar 2016

Blåbærlyng


I juleferien på hytta 
plukka eg ein 
bukett  blåbærlyng 
på ein snøfri flekk i marka,
og sette i vase inne.
Første helga i januar då me kom til hytta
var det knoppar på lyngen

Neste gong var det gått tre veker,
då såg den slik ut.

Etter seks veker 
i hyttestova har buketten tørka litt inn,
men er det ikkje 
starten på eit bær eg ser  ??


I like




onsdag 10. februar 2016

tirsdag 9. februar 2016

Toving


kan vere ein risikosport.
I fjor strikka eg mange vottepar
og tøfler, tovinga vart
perfekt.

Men denne gongen vart det mislukka.

Mariusvotta strikka i Fritidsgarn og
tøfler i Cortina Soft.
 Sist eg tova måtte eg vaske to gongar
i vaskemaskina
på 40 grader for å få dei slik eg ville,
difor brukte eg 
lengste programmet på 40 grader
denne gongen.
Og her ligg nok feilen !

Eg sleit og drog med alle mine krefter,
men dette er barnestørrelsar..... 

Med barnebarn i mange aldrar kan
vottane og tøflene kanskje kome til nytte,
men det spørs om dei vil bruke dei,
for dei er ikkje mjuke akkurat.

Eg står på farta for tur til Volda sjukehus
og Hjartetrim, 
får stikke innom butikk og kjøpe
meir garn og  starte på nytt ;)





søndag 7. februar 2016

Vinter i svart/kvitt

Bilder i svart/kvitt 
frå skituren i går.
Då regna det berre litt...
I dag hølja det ned så skituren er 
utsett til vinterferien ;)


For nokre dagar sidan 
i Volda.








lørdag 6. februar 2016

Julegåve


Til jul fekk eg mange fine julegåver,
Fleire av barnebarna hadde laga gåver sjølve.
Det varma eit farmorhjarte.

 Denne decopuagen hadde Leah Sofie 8 år
laga på SFO.
Ho kjenner den lettrørte farmora si godt så då
eg skulle pakke ut sette ho seg i lag med meg
og sa:
" du kjem til å grine når du ser dette farmor "

Og ho fekk rett, eg vart rørt
over å sjå det fine 
bildet ho hadde laga
til meg.



fredag 5. februar 2016

Holmøyane


i Hornindalsvatnet

Hornindalsvatnet er en innsjø i Eid og Hornindal 
kommuner i Sogn og Fjordane.
 Med sin maksimale dybde på 514 m er den
 Europas dypeste innsjø. 
 Gjennomsnittlig dybde er 237 m.

Hornindalsvatnet is a lake in Eid and Hornindal municipalities 
in Sogn og Fjordane. 
With its maximum depth of 514 m is 
the Europe's deepest lake.
 Average depth is 237 
 Wikipedia



Det var snøkave
 over vatnet i dag.

Not so much sky to watch today,
  the big water is hidden in snowflurry,
but the small islands are so beautiful.







onsdag 3. februar 2016

Sola kom

inn i stova i dag for første gong på
tre månader.


Ein litt dårleg dag på sofaen vart betre.
Solstrålane gir energi :)


Onsdagsema



Posted using BlogPress from my iPad




tirsdag 2. februar 2016

Kyndelsmesse


 På primstaven frå svigerfar Hans er
 Kyndelsmesse
 markert med ein trekvist


Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På denne tida kunne det vere hardt ver, kalla
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Ein kan finne mykje å lese om
Kyndelsmesse på internett.

Her er litt om dagane som kjem:

3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.

5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.

6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er lite å sjå av spirar i hagen no
så eg viser bilde av ein
Primula
som står i stova.

I dag vakna me til klar himmel og 2 grader
etter ein gårsdag der
det storma og regnet hølja ned og fjerna
mykje av snøen som kom i helga.

Ynskjer deg ein fin dag !