Viser innlegg med etiketten TirsdagsTema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TirsdagsTema. Vis alle innlegg

tirsdag 5. juli 2016

Ute


I helga var 
Roger og Leonardo
i lag med oss på hytta
Det var bra ver så me var 
mykje ute 

Her går turen ei runde i dalen
mot idylliske
Tippasetra

 Harpefossen Hyttefelt
på andre sida av dalen

Leonardo får lengre band
og kan vere ute 
på terassen ei stund til

Han ga uttrykk for at han lika seg på hyttetur :)







tirsdag 31. mai 2016

I leik med oldefar


Då eg leita etter bilde til bruk
kom eg fram på desse artige bilda
frå sommaren 2007


 Oldefar Hans leika med
Benjamin og Hans-Petter
ein fin sommardag
på Løset

Gode minne for gutane.








tirsdag 17. mai 2016

Favorittar i mai



I dag har me feira nasjonaldagen
på tradisjonelt vis.
Etter å ha gått i tog 
 hadde familien middag heime med 
17. mai dessert etterpå.
(den eg skreiv om her)


Det var kjøleg i veret, men det
regna ikkje.
Faktisk litt solstreif av og til.

Favorittar i hagen blomstrar
 for fullt.
Rhododendron, Tulipaner og Narcisser 
står fine.

Den kvite Rhododendronen
og den småblomstra Azaleaen 
viste også sine blomster
i dag.









tirsdag 10. mai 2016

Tre


träd
er Tirsdagstema i dag


Ein tur gjennom skogen


i Gamle-Åsen 
Hareid kommune

viser spennande tre og
trolsk vegetasjon.









tirsdag 19. april 2016

Mønster


Eit tre i ei gate i 
Kristiansund
har fått mønstra påkledning.

Ser du godt etter ser du at det står
A. Næsje 
over inngangen til forretninga til venstre.
Har namnet same stamfar som
hovudpersonen i bøkene til 
Edvard Hoem:
"Slåttekar i himmelen" og
"Bror din på prærien"
skal tru ?






tirsdag 5. april 2016

Tett mellom husa på Røros



Omvisning i spennande
Røros
då me var der i bryllaup i fjor
på denne tida.
Det er tett mellom husa.






tirsdag 29. mars 2016

tirsdag 16. februar 2016

Skattar

Kjære eignelutar
 i stova.

Måleri måla av
kunstnaren Einar Magne Flø,
og 
keramikk av 
kunstnaren Leif Heiberg Myrdam


Trekant


tirsdag 26. januar 2016

Kortspel


er ein flittig aktivitet når me er 
samla på hytta.


Barneborna har utvikla gode
strategiar for å vinne.
Men det er også viktig læring å tole å tape,
 i kortspel og andre samanhengar.

tirsdag 12. januar 2016

Tøflepar

Eg lika å finne oppskrifter på
enkle og raske ting å strikke.

Ei tantepie på kald hybel i London
trengte noko varmt på føtene.
Tøfler strikka i Fritidsgarn

Olaug som gle oss kvar jul med
heimebaka flatbrød les her
fekk eit par tøfler.
Garn frå
Gründl Hot Socks Skandinavia






tirsdag 15. desember 2015

Kaldt


Med PC til reparasjon
og kamera på utlån,
må eg finne eit bilde i arkivet.



Finst det noko som er kaldare enn isjuklar ?


Tirsdagstema
Isjuklar



Posted using BlogPress from my iPad




tirsdag 10. november 2015

Festleg på hotell


Me budde på Quality Hotell Sogndal 
då me hadde helgatur
i indre Sogn.

Romet hadde lekre fargar
med mykje oransje og raudt. 

Ei legendarisk Marilyn Monroe
på veggen

Han likte godt å vere
i selskap med 
denne dama :)

Utfor hotellvindauget
var det vakre haustfargar.







tirsdag 20. oktober 2015

Breitt


I haustferien laga eg 
etter oppskrift frå 
Trine`s Matblogg.

Laga deiga om kvelden.
Neste morgon var eg førstemann oppe (ikkje spesielt tidleg ;)
og forma deiga til eit breitt emne
som eg delte opp i rundstykke.

Det lukta godt...

Frukosten klar.
Kjekt at rundstykka falt i smak
hos nesten alle små og alle store :)





tirsdag 13. oktober 2015

Rød fluesopp


Amanita muscaria


Med sine vakre farga er den godt synleg i naturen
om hausten.


Rød fluesopp
 er sjølve symbolet på giftige soppar.
men hvit- og grønn fluesopp 
er mykje giftigare,
Dei fleste som går i skog og mark har sett
den raude og veit at 
den er av det giftigaste me ser i naturen.

" bare se, ikke røre "








tirsdag 6. oktober 2015

Haustferie på hytta


I dag har det vore fint ver og alle
 kosa seg ute.

Det er kjekt å ta fram puter og tepper
og ta ein pause i aktivitetane.






onsdag 23. september 2015

Tirsdagstema


i går var:
under

Frå romet på St Olavs Hospital kunne eg sjå
under 
ambulansehelikopteret når
det landa og  letta.